Dei eldste språkopptaka er frå 1937, om lag då desse elevane gjekk på skulen. Dette biletet tok Olai Schumann Olsen på Nygård skole i Bergen på 1920- eller 1930-talet. Foto: Frå Universitetsbiblioteket i Bergen si biletsamling Marcus

Høyr, slik snakkar oldefar

Språk. Opptak av norske talemål var lagra på kassett og lydband. No er dei gjort digitale og i tillegg trygt lagra hos Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

No kan du enkelt høyra korleis oldefar og hans samtidige snakka. Og du kan finna ut korleis uttalen av enkeltord har endra seg.

— Tidlegare var det jo skilnad på uttalen av «kjekk» og «sjekk», seier Gjert Kristoffersen.

— Men det er det ikkje hos alle lenger.

Fakta

Digitalisering av talemålsopptak

LIA-prosjektet står for «Language Infrastructure made Accessible».

LIA eit femårig nasjonalt samarbeidsprosjekt mellom UiO, UiB, UiT og NTNU, Norsk Ordbok 2014 og Nasjonalbiblioteket.

Hovudmålet for prosjektet er å redde gamle talemålsopptak med norsk og samisk språk, transkribera og annotera dei og leggja dei inn i databasar slik at dei kan revitaliserast som verdifullt forskingsmateriale.

LIA-databaen inneheld talemålsopptak frå 1937 og framover mot i dag

Dei digitaliserte opptaka kan gje verdifull informasjon om talemålsendringar i Noreg eller i delar av Noreg

Opptaka kan vera av stor nytte i utviklinga av ny språkteknologi

Kjelder: http://www.tekstlab.uio.no/LIA/, Språkrådet

Kristoffersen er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen, og ein av forskarane som har vore med på det forskingsrådsstøtta LIA-prosjektet. LIA står for «Language Infrastructure made Accessible».

Tidlegare var det jo skilnad på uttalen av «kjekk» og «sjekk».

Gjert Kristoffersen

— Dette er eit infrastrukturprosjekt der data er samla og gjort tilgjengeleg, seier Janne Bondi Johannessen.

Ho er prosjektleiar og professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Det var UiO sjølve som først skreiv om prosjektet.

Kino eller ski no?

Språkforskarar har langt tilbake i tid gjort opptak av talemål. Men desse opptaka var fram til 1990-talet lagra på lydband eller kassett.

— No er opptaka digitaliserte og dessutan transkriberte til grov lydskrift. Originalopptaka er lagra inne i dei store fjellhallane hos Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, fortel Kristoffersen.

Han demonstrerer korleis ein kan søkja opp enkeltord i databasen. Ordet «ikkje» får 50 000 treff.

— Og her vil me vel finna «sj»-lyden?

Kristoffersen blar.

— Jo, her! «Isje».

Nettopp overgangen frå «kj»-lyd til «sj»-lyd, altså at ein har ulik uttale på nettopp «kjekk» og «sjekk» eller «kjede» og «skjede» - eller at det er skilnad på å gå på «kino» og «ski no» er eit døme på at språket endrar seg.

— Kvifor er det viktig å vita noko om korleis ein snakka tidlegare?

— Det er viktig særleg fordi menneske, for å forstå vår eiga historie og vår eigen kultur, må forstå korleis språket ser ut og endrar seg – og korleis det ikkje endrar seg, seier Johannessen.

Gjert Kristoffersen er professor emeritus i nordisk språkvitskap. Foto: Hilde Kristin Strand

Og når lydar så endrar seg, er det greitt å vita om dette faktisk er noko som skjer hos mange, eller om det berre skjer hos enkeltmenneske. Dersom det siste stemmer, kan ein kan hende snakka om talefeil, men dersom mange gjer det, er det noko til dømes ein lærar ikkje treng å prøva å korrigera, fordi det er fånyttes.

Endringar på ein generasjon

I LIA-basen er dei eldste opptaka frå 1937. Dei yngste talarane var unge på 1980-talet – altså ikkje heilt unge lenger. Men det betyr at både studentar og forskarar har eit godt utgangspunkt for å samanlikna med nye opptak frå i dag.

I opptaka kan ein mellom anna høyra at ein tidlegare nytta «te» som infinitivsmerke, som i «te gå».

— Kor fort skjer endringar i talemålet?

Høyr lydklipp:
Dette er ein mann frå Ål, som var 90 år i 1979. Her høyrer ein tydeleg at han brukar "te" som infinitivsmerke.

— Det kan skje mykje på ein generasjon. Høyrer ein opptak av både besteforeldre, foreldre og barn vil ein kunne høyra skilnader, seier Johannessen.

Ho seier at det stort sett er hos barn endringane kjem. Å til dømes gå frå rulle-r til skarre-r er uvanleg i vaksen alder, det same er det å endra infinitivsmerke.

— Men me ser at å omtala personar som til dømes «han Ola» eller «ho Marta» er noko ein kan legga av seg i vaksenlivet.

Barna lagar eigen grammatikk

Kristoffersen forklarar at det er to årsaker til at talemålet endrar seg.

— Det eine er at barn misforstår, og lagar seg ein grammatikk som er litt ulik den dei vaksne har. Så kan dette nokre gongar spreie seg til andre barn, til dømes i barnehagen.

Professoren seier at «kj»-lyden er ofte den siste som kjem hos barn. Ein veit ikkje heilt kvifor han er vanskeleg, men sj-lyden er mykje meir alminneleg i verdas språk, så endringa er ikkje overraskande.

— Det er det jo ungdom på 1970-talet i bydelen Fyllingsdalen i Bergen som har fått skulda for, humrar Kristoffersen.

Den andre årsaka til språkleg endring er at barn og vaksne vert påverka av andre, og særleg av dialektar med høgare prestisje.

Høyr lydklipp:
Kvinna frå Hasvik i Finnmark var fødd i 1893, og vart intervjua i 1979.

—Endringane skjer saktare dersom generasjonen over barna er homogen, altså at ein bur ein stad der det er lite innflytting og lite mobilitet, forklarar Johannessen.

Ho seier at barn vert påverka av språket ein høyrer i massemedia.

— Mine barn, som veks opp på Vestlandet, snakkar ein slags austnorsk dialekt når dei leikar?

— Ja, det gjer ein i heile landet. Barn grip snøgt det som vert sett på som kult, seier Johannessen.

Ønskjer seg samisk krangel

LIA-prosjektet omfattar lydprøvar på norsk, norsk-amerikansk og samisk. Den samiske delen av samlinga er 190 000 ord, fordelt på informantar frå 19 ulike stadar i det nord-samiske området. Lene Antonsen, som er førsteamanuensis i samisk språkvitskap ved UiT Norges arktiske universitet, ønskjer seg meir.

Dei opptaka me har er frå åra mellom 1960 og 1987, og det er gjerne ein gamal mann som fortel om livet sitt i første person.

Lene Antonsen

— Dei opptaka me har er frå åra mellom 1960 og 1987, og det er gjerne ein gamal mann som fortel om livet sitt i første person, seier Antonsen.

— Eg ønskjer meg meir spontan tale, gjerne ein krangel.

For i spontan tale kan ein få andre former av orda.

— Samisk har til dømes ni former for imperativ (bydeform, til dømes «stopp» eller «kjør», journ.anm). Dei viser neppe i desse opptaka, seier Antonsen.

Ho seier at det samiske språket er under press frå majoritetsspråket, og at dette fører til endringar i talemålet.

Høyr lydklipp:
Førsteamanuensis Lene Antonsen ønskjer seg fleire talemålsprøvar på samisk. Dette er ein eldre mann som snakkar om sitt eige liv - slik er dei fleste opptaka.

— Dei som veks opp i dag er sterkt tospråklege, og kanskje er berre tretti prosent av det dei høyrer i løpet av ein dag samisk. I tillegg er det gjerne mindre dagleg språkleg kontakt med besteforeldregenerasjonen, seier Antonsen, og legg til at det finst forsking som viser at språk i pressa situasjonar endrar seg raskare.

— Kva endrar seg?

— Kva kasus som vert nytta til kva verb kan endra seg, bøyingsformer og uttrykksmåtar som ikkje har ein parallell i majoritetsspråket kan forsvinna. Også ord forsvinn, men det skjer òg fordi kulturen endrar seg. Det er også interessant å sjå på korleis utviklinga med låneord frå majoritetsspråket er.

Kulturhistorisk dokumentasjon

— Det er viktig at språkteknologi til bruk i Noreg kan skjøna og tolka norsk talemål. Innhaldet i dei talemålsprøvane som no er digitaliserte er rett nok av ein viss alder, men kan vera ein god referanse for nyare innsamlingar.

Åse Wetås er direktør for Språkrådet. Ho seier at det er viktig å kunne sjå inn i den nære språkhistoria. Foto: Hilde Kristin Strand

Det seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Wetås seier at å ha moglegheit til å sjå inn i den nære språkhistoria seier noko om dei endringane som skjer med språket.

— Men kvifor treng ein å vita korleis talemålet var tidlegare?

— For det første er det ein kulturhistorisk dokumentasjon. I tillegg er det viktig for mange sider av forsking i norsk språk, seier Wetås.

Ho trekkjer fram at den nye databasen gjer at ein kan få tilgang til talemålsprøvar uansett kor ein er.

— Det fanst mange flotte opptak lokalt på universiteta, men dei var lagra i gamle og usikre lagringsmedium.

Powered by Labrador CMS