Denne plakaten, som heng i gangen mellom kantina og kapellet ved NLA høgskulen i Sandviken i Bergen, har vekt reaksjonar. Foto: Ragnhild Bjørge

Sterke reaksjonar mot seminar som vil omvende homofile studentar

Homofili. I eit kveldsseminar ved NLA høgskulen i Sandviken i Bergen, ynskjer ein av foredragshaldarane å «hjelpe dei som ynskjer å forlate homoseksuell praksis og kjensler». — Motbydeleg, seier student.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tysdag kveld blir det arrangert eit seminar om seksualitet, kjønn og identitet ved NLA høgskulen i Sandviken i Bergen.

Eg synes det er ganske spesielt å gå ut med eit bodskap om at ein skal omvende folk. Eg syns det er motbydeleg.

Linn-Elise Holtar

Måndag vart studentar og tilsette møtte med plakatar som reklamerte for seminaret. Dei har skapt sterke reaksjonar.

Det var TV 2 som først omtalte saka.

— Heilt sett ut av opplegget

Mike Davidson, ein kontroversiell ire som kallar seg eks-homofil og praktiserer såkalla konverteringsterapi, vil svare på spørsmål om korleis ein kan hjelpe homofile å kome vekk frå homoseksuelle følelsar.

Linn-Elise Holtar er student ved skulen og fortel at ho vart sjokkert då ho såg plakatane i går:

— Eg synes det er ganske spesielt å gå ut med eit bodskap om at ein skal omvende folk. Eg syns det er motbydeleg, seier Holtar til TV 2 og legg til:

— Eg blei heilt sett ut av heile opplegget. Eg studerer pedagogikk kor vi lærer at alle er forskjellige, også blir det presentert eit syn om at det ikkje er greit å vere ulik alle andre.

— Folk kan danne sitt eige bilete

Det er nettverka Frimodig Kirke og Til Helhet som står bak seminaret.

Til Helhet har som formål «å bistå dei som har ei uønska seksuell orientering eller følelsar, og som sjølv ønskjer hjelp i prosessen med å finne ein annan veg i dette», står det på nettsidene.

Arve Kjell Uthaug er administrasjonssjef ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen. Han er også med i Frimodig Kirke Bjørgvin og meiner folk må føle og meine det dei vil om temaet.

— Det er heldigvis fritt fram å gjere i vårt samfunn. Vi ønskjer alle velkomne til foredraget, både dei som er nysgjerrige på temaet og dei som meiner det er motbydeleg. Så kan folk sjølv danne seg sitt eige bilete, seier Uthaug til TV 2.

Uthaug slår fast overfor TV 2 at Frimodig Kirke har eit konservativt kristent syn med tanke på seksualitet.

Plakaten som reklamerte for kveldsseminaret var fjerna frå oppslagstavlene ved hovudinngangen til NLA i Sandviken. Men den var framleis å finne i gangen mellom kantina og kapellet. Foto: Ragnhild Bjørge

— Folk må ta sine eigne val. Handlingane våre er eit valg, men ikkje følelsane, seier Uthaug til TV 2 og viser til prestelæraren Bjørn Helge Sandvei som er opent homofil, men vel å avstå frå å leve ut si legning på grunn av trua si.

— Ansvaret litt hjå arrangøren

Tysdag morgon var ikkje plakaten lenger å finne på oppslagstavla ved hovudinngangen til NLA høgskulen i Sandviken. Men lenger inne, i gangen mellom kantina og kapellet var den framleis å sjå.

NLA høgskulen i Sandviken i Bergen meiner det ikkje er problematisk at seminaret skal arrangerast hjå dei.

— Dei fleste universitet og høgskular har mange arrangement som er initiert og arrangert av privatpersonar og/eller organisasjonar. Både studentar, og andre, nyttar fasilitetane til møter av ulike karakter. Dette gjeld også hjå oss. Når det gjeld den opne dialogen, så høyrer den til i den akademiske kulturen, skriv rektor Erik Waaler i ein e-post til Khrono. Han legg til:

— Ansvar for arrangement som leiger høgskulen sine lokale ligg hjå arrangøren.

(Saka er oppdatert 09.11: Med kommentar frå rektor Erik Waaler og nye bilete)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS