383 nominerte til å verta beste formidlar
383 ulike nominasjonar kom inn i Morgenbladet si kåring av den beste førelesaren i landet. Flest har Universitet i Oslo med 72 nominerte.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Universiteta i Oslo, Bergen og Stavanger har flest nominasjonar, medan NTNU i Trondheim har to av fem blant dei som har flest stemmar. Då Morgonbladet såg på stemmetalla for Khrono fredag 15. april leidde Ole Petter Hjelle frå Høgskulen Kristiania soleklart med 3540 stemmar.
Eit stykke bak kjem Mari Kjos Hellum (HiØ) med 1637, Linda Dyrlid (NTNU) med 1265, Elisabeth Innselset (HVO) med 1094 og Jostein Halgunset (NTNU) med 931 stemmar.
Fredag ettermiddag hadde det kome inn 28.691 stemmar i kåringa.
Både nominasjonar, stemmar og jury
Morgonbladet kårar årets beste formidlar og prosessen er tredelt. Først har alle som vil nominera sine eigne kandidatar. Samstundes har alle kunna røysta på dei nominerte.
15. april var det strek for å nominera, men det er mogleg å røysta i ei veike til. Når denne veka er over skal redaksjonen plukka ut 40 favorittar som vert sendt over til ein jury, som gjer den endelege kåringa av årets 10 beste formidlere.
— Dei med aller flest stemmer blir garantert vurdert, forteller Marit Karine Slotnæs. Ho er ansvarleg for kåringa i Morgenbladet.
— Den store jobben blir å finne ut kven dei andre blir. Vi må nesten basere oss på skjønn. Ein intetsigande grunngjeving vil fort bli oversett, så det blir nok ein kombinasjon av interessante grunngjevingar eller noko som fangar interessa vår, seier Slotnæs.
Overveldande oppslutning
Morgenbladet har ein lang tradisjon for kåringar, med alt frå dei viktigaste kunstverka etter Munch til dei beste forskarane. I fylgje Slotnæs, oppstod ideen om vårens kåring spontant under eit redaksjonsmøte.
— Engasjementet rundt bordet gjorde det lett å fastslå at det var ein god idé, seier debattredaktøren.
Nå viser det seg at gode førelesarar ikkje berre engasjere journalistane i Morgenbladet.
Då nominasjonsprosessen vart avslutta fredag kveld, hadde det kome inn heile 383 forslag på kven som burde bli titulert som Noregs beste førelesar.
— Vi hadde gjort eit anslag på at 200 nominasjonar var realistisk, så nesten 400 er mykje og kjempegøy, seier Slotnæs.
Tre nominasjonar til Gjerdalen
Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) har 16 nominerte kandidatar. Gard Filip Gjerdalen, som endte med flest nominasjonar ved institusjonen, trur hans engasjement og at han brenner for å formidle er orsakane til fornøgde studentar. Gjerdalen er timelærer på Fakultet for helsefag på HiOA.
Og nominasjonen vitnar om vertfall om fornøgde fans: «Han er like energisk som eit heilt 17.mai-tog! Det er umogleg å ikkje bli engasjert, når Gard kjører anatomi-show med seg sjølv i rollen som hemoglobin-molekyl, på full fart gjennom det store og litle kretsløpet (i sceneset med heile klasserommet som kulisse!)», skriv ein av Gjerdalens studentar i nominasjonen av han.
Gjerdalen, som når han ikkje er timelærar på høgskulen, arbeider ved sirkulasjonsfysiologisk avdeling ved Oslo universitetssjukehus, er stolt over nominasjonen.
— Det betyr at studentane mine set pris på min innsats som foreleser, seier legen.
Viktig å inspirera
Gjerdalen syns det er vanskeleg å sette fingeren på kva som skal til for å bli ein god forelesar, men han prøver sjølv å gjere førelesningane sine spennande.
— Førelesningar skal ikkje vere for å lære deg alt, men inspirere deg til å ville lære meir. Eg er for at forelesaren skal forklare kort kva ein skal kunne og inspirera til å lese boka, seier forelesaren i anatomi og fysiologi.
Professor Halla Bjørk Holmarsdottir, på Institutt for internasjonale studier og tolkeutdanning på HiOA er og ein av dei nominerte. Ho trur som Gjerdalen at det er viktig å inspirere studentane, men og at ein har ein dialog med studentane.
— Den beste førelesaren eg sjølv har hatt, hadde ein lidenskap for det han dreiv med, han hadde humor og brukte seg sjølv som eksempel, minnast Holmarsdottir.
Sjølv har ho undervist i 18 år, og syns det er veldig hyggeleg med ein nominasjon i Morgenbladet si kåring. Holmarsdottir fortel at ho brukar mykje tid på å forbereda seg, og trur nominasjonen kan kome av at ho er svært engasjert i det ho driv med.
Stem fram til 23. april
Du kan altså *avgje stemmar inntil 23. april. Stemmetal tel mykje når redaksjonen skal velja sine 40 favorittar.
Etter at redaksjonen har sagt sitt skal juryen kåra dei ti bestet i landet blant 40 finalistar.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!