Professor Roel Puijk er fortvila over at forskingsmiljøet for filmvitskap blir svelta i Lillehammer. Foto: Trude Lindland

Roel Puijk sa frå seg jobben i protest:
— Forskings­miljøet blir sveltefora fordi Høgskolen i Innlandet vil bli universitet

Universitet. Doktorgradsprogrammet i audiovisuelle medium ved Høgskolen i Innlandet får så få ressursar at den ansvarlege sluttar i jobben.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg føler at eg ikkje kan ta ansvar for det lenger, seier medieprofessor Roel Puijk.

I 2015 fekk Høgskolen i Lillehammer godkjent eit doktorgradsprogram innan audiovisuelle medium, som omfattar film, fjernsyn, dataspill og audiovisuelle uttrykk på nettet. Programmet er ei fellesgrad, i samarbeid med NTNU.

Problemet er at den øvste leiinga ved HINN ikkje lover å tilføre programmet fleire stipendiatheimlar.

Eva Bakøy

Men etter samanslåing til Høgskolen i Innlandet (HINN) har universitetsambisjonane til institusjonen gjort det gradvis vanskelegare å halde oppe programmet, som er eit viktig supplement til den praktisk innretta kunstfaglege filmskolen ved Høgskolen i Innlandet.

I april sa Puijk frå seg stillinga som leiar av phd-programmet, på grunn av manglande ressursar.

Tidlegare har dei ved HINN hatt fire stipendiatar i audiovisuelle medium, men no er det berre to. Dei har òg heimel til ein stipendiat til, men denne stillinga er ikkje blitt utlst. NTNU bidreg med 5-6 stipendiatar til det felles programmet. Ved HINN har dei òg lagt ned bachelor-utdanninga i film- og fjernsynsvitskap, og Puijk tvilar på at dei får nok masterstudentar til plassane dei har lyst ut til hausten.

— Det som blir understreka heile tida er at vi skal ha fire doktorgradsprogram på eigen kjøl. Dét er kriteriet frå Nokut, fortel han.

Nedbyggingsfase

For å få universitetsstatus må ein ha fire doktorgradsprogram, som må ha minst 15 studentar kvar. Små program og studium som blir arrangert saman med andre institusjonar gir lita uttelling.

— No er vi meir i ein nedbyggingsfase. Men dersom den øvste leiinga meiner at dei andre programma er så viktige, så får dei heller ta avgjerda om å leggje ned dette programmet, seier Puijk, som heller vil ha ein klar slutt enn at programmet, som skulle vere ei satsing på Lillehammer, blir svelta ihjel.

Professor Eva Bakøy har ansvar for programmet ved NTNU, men jobba sjølv tidlegare ved HINN.

— Problemet er at den øvste leiinga ved HINN ikkje lover å tilføre programmet fleire stipendiatheimlar, seier Bakøy.

Ho er ikkje særleg overraska over utviklinga:

— Universitets- og høgskulepolitikken dei seinare åra går ut på å leggje ned små master- og phd-program, seier Bakøy.

Krevjande på eigen kjøl

Dekan Hege Michelsen ved HINNs Fakultet for audiovisuelle medier og kreativ teknologi synest det er synd at det går utover dei små, sårbare programma, og at ikkje samarbeid blir meir verdsett.

— Å byggje opp heilt eigne doktorgradsprogram på eigen kjøl er veldig krevjande. Og å byggje noko opp saman med andre institusjonar blir ikkje nok verdsett, seier Michelsen.

På same tid ser ho at høgskulen må sikre at dei ikkje har sendt universitetssøknaden for ingenting.

— Vi er i ei lei knipe når det gjeld prioritering internt. Vi har 62 heimlar, og langt over 100 stipendiatar for tida. No må vi gå i ein vidare dialog med NTNU om kva vi skal gjere framover. Men eg ser at vi treng nokre stipendiatheimlar til dette faget. Slik økonomien er i dag er det veldig avhengig av at fakultetet kan bidra sjølv, seier Michelsen.

Sjølv om ho synest at det er naturleg at fakulteta bidreg noko økonomisk til programma, trur ho ikkje at forskarutdanninga innan audiovisuelle medium vil kunne overleve utan fleire stipendiatheimlar.

Del av strategidiskusjon

— Vi har ikkje fatta noko vedtak i saka. Men vi har ei strategisamling denne veka, der denne diskusjonen sikkert kjem, seier HINN-rektor Kathrine Skretting.

— Vi har berre 62 stipendiatheimlar, og skulle gjerne hatt litt fleire.

Med fire program med krav om 15 stipendiatar på kvart legg doktorgradsprogramma dei treng for å bli universitet beslag på alle unntatt to av heimlane.

— Det er ikkje sikkert at vi klarer å oppretthalde tilbodet i film- og fjernsynsvitskap, seier Skretting, som sjølv har doktorgrad i film.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS