høgskulen i volda
Ho er ny direktør i Volda
Oddrun Rangsæter er konstituert som høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda. Ho kjem frå ei leiarstilling ved Universitetet i Oslo.

Ann-Kristin Emblem sa opp stillinga si som høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda (HVO) 13. mars.
To veker seinare har høgskulestyret vedteke å konstituera Oddrun Rangsæter som høgskuledirektør.
Rangsæter er i dag fakultetsdirektør ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.
Startar før påske
I ei pressemelding heiter det at Rangsæter allereie 7. april skal byrja å jobba tjue prosent ved HVO. Frå 1. mai skal ho vera på plass på Sunnmøre i hundre prosent stilling.
— Eg er svært glad for at Rangsæter har takka ja til stillinga som høgskuledirektør, og me ser fram til eit godt og fruktbart samarbeid, seier rektor og styreleiar Odd Helge Mjellem Tonheim i pressemeldinga.
I ein sms til Khrono skriv han at Rangsæter er konstituert i eit halvt år.
— Høgskulen i Volda har vore ein viktig og nyskapande utdanningsinstitusjon i Noreg heilt sidan slutten av 1800-talet. Eg gler meg til å få vera med og bidra til at Høgskulen i Volda skal kunne halda fram med å vera nettopp det, seier Rangsæter i pressemeldinga.
Har vedteke å lysa ut
I same ekstraordinære styremøte vedtok styret at stillinga som høgskuledirektør skal lysast ut.
Styreleiar Tonheim har fått fullmakt til å sluttføra utlysingsteksten. Det er òg sett ned eit innstillingsutval, med Tonheim, styremedlem Irene Sandlie, dekan Silje Ims Lid, to representantar frå fagforeiningane og ein studentrepresentant. Dei har mynde til å leiga inn eksternt rekrutteringsbyrå etter behov, heiter det i vedtaket.
Nyeste artikler
Humaniora i møte med virkeligheten
Blar opp milliardar for å lokke amerikanske forskarar til EU. — Godt nytt for oss
Gransking: Norges mest publiserende forsker opptrådte vitenskapelig uredelig
Studentene krever akademisk boikott
Da de nektet å forlate rektors kontor ringte NTNU politiet. — En skamplett
Mest lest
Fransk kjendisfilosof om Trumps utdanningspolitikk: — Rent ut latterlig
To små streker ødela for Victorias eksamen. Nå beklager Kristiania
Mener Langeland bør få jobbe i akademia. — Han fortjener en ny sjanse
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Medisin, sykepleie og juss blant de mest populære