null Foto: Skjalg Bøhmer Vold
null Foto: Skjalg Bøhmer Vold

HiOA-professor får refs for anti-nynorsk-tips

Tidlegare prorektor for forsking på Høgskolen i Oslo og Akershus får kjeft frå målrørsla for tips om korleis unngå nynorsk.

Publisert   Sist oppdatert

Frode Eika Sandnes skreiv i Khrono og gav eit tips om korleis sleppe unna nynorsk. Kommentaren sto under saka Tips til dei som slit med nynorsk. Og leiar i Studentmållaget i Oslo, Karl Peder Mork, reagerer på kommentaren, ifølgje framtida.no.

«Respektlaust»

— At han meiner vi skal gå vekk frå nynorsken er respektlaust ovanfor dei tilsette og studentane som bruker nynorsk. Kvifor skal vi ikkje gå vekk frå bokmål i same slengen? Dette minner om dei same haldningane ein hadde mot samisk for ikkje veldig mange tiår sidan, og som vi vel alle er samde om at ikkje har gitt noko positivt resultat, seier Mork til avisa.

— Viss ein berre skal ha undervisning på engelsk blir ein nok flink i engelsk etter kvart, men det løyser ikkje noko problem kva gjeld dårleg nynorsk- eller bokmålskompetanse, seier studentmållagsleiaren.

At han meiner vi skal gå vekk frå nynorsken er respektlaust ovanfor dei tilsette og studentane som bruker nynorsk.

Karl Peder Mork
Leiar i Studentmållaget i Oslo

«Overreaksjon»

Professor i informatikk og tidlegare prorektor i forsking, Frode Eika Sandnes, skriv i ein e-post til Framtida.no at Mork overreagerer og legg meir i kommentaren enn det som står der.

— Kommentaren var meint som ei godt råd for den vesle gruppa som genuint slit med nynorsk. Då tenker eg spesielt på dei lærarane som er rekrutterte frå utlandet og som nyleg og i vaksen alder har lært seg norsk.

Eika Sandnes understrekar at han på ingen måte er ein «anti-nynorsk-forkjempar».

— Men, i fleirkulturelle Oslo synest eg likevel det er mykje viktigare å jobbe med å sikre at mangfaldet av studentar frå ulike kulturar får tilgjenge til god utdanning.

— Vi skal ikkje slutte med nynorsk. På Høgskolen i Oslo og Akershus har eg mange kollegaer som bruker nynorsk på arbeidsplassen. Det er flott. Studentane vil difor møte nynorsk i mange samanhengar. Difor treng ikkje alle dei tilsette bruke nynorsk, så lenge mange nok gjer det, meiner Sandnes.

NTNU har fått mykje merksemd etter at dei leverte ut ei eksamensoppgåve til studentane ved NTNU Gjøvik på eit hjelpelaust dårleg nynorsk. 

Les også: Hjelpeløs nynorsk på NTNU

Frode Eika Sandnes er ikkje den einaste ved Høgskolen i Oslo og Akershus som har fått språk-refs frå ungdommar i Mållaget. 

Rice fekk også kjeft

Også HiOA-rektor Curt Rice fekk gjennomgå etter at han blei oppnemd som vara til styret i Språkrådet rett før jul i fjor. Etter eit intervju i Språknytt der den amerikansfødte lingvistikkprofessoren Rice etterlyste meir bruk av engelsk i akademia lot ikkje reaksjonane vente på seg. 

Les også: Vil ha mer engelsk inn i norsk akademia

Det var særleg fråsegna om «Jeg synes det skal utrolig mye til for å forsvare å skrive en doktorgrad på norsk», som møtte motbør.

«Men sidan høgtida står på trappene, so skal jaggu bokmålsfolket – endeleg – få ein legitim grunn til å klaga. I julegåve frå kulturministeren har dei nemleg fått ein ny vara-bokmålsrepresentant til styret i Språkrådet. Han er rektor på Høgskulen i Oslo og Akershus, og markerte seg seinast for nokre dagar sidan ved å etterlysa større domenetap (!!!!) for norsk språk i akademia.»

Det var tidlegare leiar i Målungdommen, Vebjørn Sture, som skreiv dette på facebooksida si. 

Det finst hjelp å få til dei som slit med nynorske på Høgskolen i Oslo og Akershus også. Fysikkprofessor Sølve Selstø tilbyr kollegaer ved høgskolen nynorsk skrivehjelp. 

Les også: Hjelp, eg må skrive nynorsk – i år òg!