miljø

Her får dei tilsette låna elbil gratis

Tilsette ved Høgskolen i Østfold reiser nesten ein halv million kilometer i tenestereiser i året. No kan dei køyra elektrisk.

Høgskuledirektør Carl Morten Gjeldnes og leiar for høgskulen sine campustenester Jan Lorang Brynildsen (t.h) er nøgde med den nye elbilordninga,. Her saman med Morten Torp frå firmaet Move About, som leverer bilane.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tilsette ved Høgskolen i Østfold, som skal på tenestereise, kan no få låna ein elbil heilt gratis. Dette skriv høgskulen sjølv på sine heimesider.

Med ein høgskule med to campusar, vert det naturleg nok ein del reising mellom dei to byane. I fjor køyrde Østfold-tilsette 430.000 kilometer på tenestereise. No har høgskulen inngått avtale om bruk av totalt åtte elbilar; fire i Fredrikstad og fire i Halden. To av dei er varebilar.

— Både utifrå eit miljø- og delingsøkonomiperspektiv er dette ei viktig sak for oss, seier høgskuledirektør Carl Morten Gjeldnes til eigne nettsider.

Kan bruka privat òg

Dersom tilsette no skal reisa meir enn 40 kilometer, skal dei nytta elbil - sjølvsagt dersom ein elbil er tilgjengeleg. Og etter klokka 16 på kvardag, og heile laurdag og søndag, kan både studentar og andre leiga bilane.

— Me har ikkje hatt nokon bilpool før, dei tilsette har berre nytta privatbil, seier informasjonssjef Tore Petter Engen til Khrono.

I tillegg til det miljømessige sparar no høgskulen tida som elles hadde gått med til å skriva og handsama reiserekningar. Bruk til arbeidsreiser vert fakturert firmaet høgskulen no har ein avtale med.

Jobbar to stadar

Engen fortel at mange tilsette reiser mykje. Nokre har arbeidsstad i begge byane, andre er mykje på farten for å mellom anna besøka studentar som har praksis.

— Me har allereie kjøpt inn ein elbil. Den nyttar studentombodet, som deler arbeidsstad mellom oss og Noreg miljø- og biovitskapelege universitet, seier Engen.

Ordninga vil gjelda frå 7. september.

— Me må evaluera før eg kan seia om det kan verta aktuelt å utvida med fleire bilar. Men eg vil ikkje vera negativ til det, seier Engen.

Også i Oslo

Universitetet i Oslo har ei liknande ordning som Høgskolen i Østfold no får. På eigne nettsider skriv UiO at dei oppmodar tilsette om å reisa med elbil og ikkje med taxi dersom dei skal på tenestereise. Som i Østfold er det gratis å nytta bilane i arbeidstida, og ein kan òg leiga bilane, som er stasjonert på Blindern, til privat bruk.

Powered by Labrador CMS