Gulsvik vann sak i Bergen
Amund Gulsvik vann nok ein gong over Helse Bergen HF og Universitetet i Bergen, som må ut med 1,5 millionar kroner i sakskostnader.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Borgarting lagmannsrett har forkasta størstedelen av krava frå Helse Bergen, UiB og Innovest AS i saka mot lungeforskaren Amund Gulsvik.
Gulsvik får behalde kvar krone han har fått i løn for forskinga si, og institusjonane må betale han 1,5 millionar kroner i sakskostnader, skriv På Høyden.
Men i motsetnad til i tingretten er Helse Bergen og UiB tilkjent eigarskapen til dei 3,5 millionar kronene som gjenstår av forskingsmidla.
Kols og gener
Striden dreier seg om pengane som blei att etter eit stort forskingsprosjekt om kols og gener. Legemiddelselskapet GlaxoSmithKline inngikk ein stor avtale med Amund Gulsvik og Innovest. Aksjeselskapet Innovest var oppretta av UiB og Helse Bergen for å ta seg av administrasjonen av denne typen forsking. Men etter at selskapet hadde vore i drift i ein tiårsperiode fann eigarane ut at det var ein kritikkverdig praksis i selskapet, og byrja å avvikle det.
Dei meinte at Gulsvik uriktig hadde fått utbetalt store summar, og kravde 4,7 millionar kroner av professoren.
Men Borgarting lagmannsrett kjem i dommen til at institusjonane ikkje på nokon måte var part i forskingsavtalen.
Når det gjeld restbeløpet på 3,5 millionar kroner kjem fleirtalet på to dommarar til at dette tilhøyrer institusjonane, men det treng ikkje bety at Gulsvik ikkje har krav på å få meir utbetalt i framtida. Men retten tek ikkje stilling til spørsmålet.
Medhald på mange punkt
Retten gir Gulsvik medhald på dei aller fleste punkta. Til dømes hevda UiB og Helse Bergen at han ikkje hadde ein gyldig arbeidsavtale med Innovest, men dette finn retten ingen bevis for.
Lagmannsretten viser og til at Gulsvik har gjort eit stort og verdifullt forskingsarbeid, og konkluderer med at Gulsvik i det vesentlege har vunne saka. Dfior må Helse Bergen og UiB saman med Innovest betale 1,5 millionar kroner i sakskostnader til Gulsvik. I tingretten måtte dei offentlege institusjonane ut med 1,4 millionar kroner i sakskostander til motparten. Dersom dei sjølv har liknande utgifter har berre rettssakene så langt kosta skattebetalarane kring seks millioner kroner.
Les også: Gulsvik: — Det har vært ganske søvnløse netter
Les også: Bernstrøm, UiB: — Viktig prinsippsak
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!