Kampen mot rasisme

Helgheims konspirasjon

Framstegspartiets innvandrings­politiske talsperson, Jon Helgheim, om rasismeomgrepet og hans spark mot universiteta.

Stortingsrepresentant og innvandringspolitisk talsperson, Jon Helgheim (Frp), meiner enkelte ved universiteta spreier konspirasjonsteoriar om at det finst eit rasistisk system i Noreg. Fleire meiner at han sjølv spreier konspirasjonsteoriar ved å hevde det.
Stortingsrepresentant og innvandringspolitisk talsperson, Jon Helgheim (Frp), meiner enkelte ved universiteta spreier konspirasjonsteoriar om at det finst eit rasistisk system i Noreg. Fleire meiner at han sjølv spreier konspirasjonsteoriar ved å hevde det.
Publisert Oppdatert

Drapet på George Floyd i USA skapt ei rørsle i heile verda kor fleire har teke til gatene for å demonstrere mot rasistisk motivert politivald og rasisme i samfunnet.

Ein av dei som har funne vegen til avisspaltene i samband med situasjonen, er Framstegspartiet sin innvandringspolitiske talsperson, Jon Helgheim.

Måndag debatterte han bruken av rasismeomgrepet med varaordfører i Oslo, Kamzy Gunaratnam (Ap), på TV 2.

Der hevda han at han «ikkje har nokon grunn til å tru» at Noreg har eit rasistisk system.

Torsdag hevda han på Twitter at slike rasistiske system sannsynlegvis er ein konspirasjonsteori som er skapt ved eit universitet:

«At vi har laget et rasistisk system for å undertrykke folk med en annen hudfarge, er en helsprø konspirasjonsteori, sannsynligvis funnet på av et universitet. Slutt å spre konspirasjonsteorier, ellers mister vi folk i kampen mot ekte rasisme!»

Reaksjonane har ikkje latt vente på seg.

Khrono møtte fredag Helgheim på Stortinget for ei nærmare forklaring.

— Korleis definerer du rasisme?

— Eg definerer rasisme som alt i frå lettare nedlatande haldningar og uttrykk, mot folk med ein annan bakgrunn eller utsjånad. Det kan vere alt i frå det som kan opplevast eller bli oppfatta som uskuldig av den som gjer det, til grovare mobbing, bevisst diskriminering og vidare til vald og terror, som er basert på rasistiske haldningar. Det er eit stort spekter, og rasisme går føre seg i Noreg på alle desse nivåa, dessverre. Det er eit veldig stort problem, som vi bør stå samla i mot, seier Helgheim. Han legg til:

— Mitt hovudbodskap i det eg la ut og det eg har sagt i ein del intervju, er at desse tulledebattane som er oppfunne og som eigentleg berre er konspirasjonsteoriar om samfunnet, dei øydelegg for kampen mot ekte rasisme. For folk kjenner seg ikkje igjen i dette her, og det er berre ein elite som har laga desse omgrepa og konspirasjonsteoriane. Då mistar vi folket si støtte i kampen mot det som er rasisme.

Skaper skille mellom «ekte» og «uekte» rasisme

— Du skriv i tweeten og snakkar her om det du meiner er «ekte rasisme». Du lager dermed et skille mellom ekte og uekte rasisme?

— Ekte rasisme er det eg nemnte no nettopp.

— Kva er då uekte rasisme?

— Det er desse fiksjonane om at vi har eit rasistisk system, at innvandrarar eller mørkhuda blir systematisk diskriminerte av eit system. At vi har bygd opp eit system som er basert på å diskriminere ei gruppe menneske. Det er fiksjon, oppspinn og berre tøv. Og det er ein konspirasjonsteori. I ei Twitter-melding formulerer ein seg kort, så ekte rasisme er her brukt for å få fram det motsette av det fiktive, altså det som ikkje er funne på. Nokre, det er ikkje så mange, det er eg overbevist om, har funne på at dei skal kalle alt rasisme. Dersom vi byrjar å kalle alt rasisme, så taper vi.

Stortingsrepresentant Jon Helgheim i kontorstolen på Stortinget.
Stortingsrepresentant Jon Helgheim i kontorstolen på Stortinget.

— Korleis kan du vite at di oppfatning og måte å definere rasisme på er rett, og ikkje andre sin?

— Les innlegget frå førsteamanuensis Sandra Fylkesnes ved OsloMet, som er publisert på afrika.no, og som driv med kritiske kvitheitsstudier. Det er fullt av sprøyt, det er berre tull og tøys, det er ingen som kjenner seg igjen i dette her, anna enn dei som også forfektar dei same tinga. Dette er ikkje å angripe eit problem, dette er å konstruere eit problem, og sette inn skyts mot noko som er fiksjon. Det øydelegg for kampen mot rasisme, seier Helgheim og legg til:

— Og korleis eg kan vite at eg har rett i det: det går ikkje, og eg har spurt mange, å finne bevis på at det finst. Det er ikkje mitt ansvar å bevise at noko nokon andre påstår finst, ikkje finst. Det er dei som påstår at vi har eit rasistisk system, som må bevise at det er slik. Klarer dei ikkje det, så har vi ikkje eit rasistisk system.

Konspirasjonsteori

— Skårer ikkje du politiske poeng her ved å skuggebokse mot ein argumentasjon du sjølv har bygd opp?

— Nei, på ingen måte. Det er heilt konkrete eksempel eg dreg opp, den artikkelen er veldig råkande, som eg referer fleire gonger til på Twitter. Så dette er absolutt heilt reelt at nokre dreg opp omgrep som ikkje finst, som er fiksjon, det er ikkje eg som har gjort det. Det er ein liten elite du finn på Twitter, som har gått heilt av skaftet i sin argumentasjon om å overbevise meg om at det finst systematisk og systemisk rasisme, og at vi har eit rasistisk system. Men ingen klarer å kome med noko truverdig, som viser at det er slik.

— Eg har ikkje trengt å konstruere stråmenn i denne diskusjonen i det heile tatt, dette finn du handfaste bevis på, det er berre å lese i tråden på Twitter. Der får du påstandar om at innvandrarar må i nokre tilfelle kjøpe sin eigen bustad, og at det er rasisme. Eg måtte også kjøpe min eigen bustad. Dette finst, dette er ikkje noko eg har funne på. Dette er haldningar frå ekstremistar på feltet, og det er det eg tek tak i.

— «At vi har laga eit rasistisk system for å undertrykke folk med ein annan hudfarge, er ein heilsprø konspirasjonsteori», skriv du. Kva er denne konspirasjonsteorien?

— Akkurat det konkrete omgrepet, eit rasistisk system, meiner eg er ein konspirasjonsteori.

— Du refererer til denne eine artikkelen, frå forskaren ved OsloMet, og generaliserer at dette kjem frå universiteta?

— Nei, på ingen måte. Eg seier berre kor det kjem frå. Eg veit det er veldig mange på universiteta, og nokre tek kontakt med meg no, som er riv ruskande usamde med det som blir forfekta av enkelte ved universiteta. Eg har berre sagt kor dette kjem frå og kor det starta, og det er nok ikkje ved norske universitet, det er ved amerikanske. Kor det kjem frå bør det ikkje vere tvil om. At alle ved universiteta støttar opp om dette har eg ingen tru på, det er ein liten elite som har klart å få etablert desse konspirasjonsteoriane.

— Ikkje eit system

— Snakkar vi ikkje her om at det er mindre sjanse for å bli kalla inn på eit jobbintervju eller kome inn på ein utestad, medan det er større sjanse for å bli stoppa av politiet, dersom du har «feil» hudfarge eller namn? Snakkar vi ikkje om reelle opplevingar?

— Det finst ikkje noko som er «feil» hudfarge. Og vi snakkar i all hovudsak ikkje om reelle ting her. Men viss det skjer at nokon gjer eit bevisst val å stoppe nokon berre på grunn av deira hudfarge, då er det på enkeltpersonsnivå. Og det skjer rasisme på enkeltindividsnivå, det er det ingen som nektar for. Men det er ikkje eit system. Vi har ikkje etablert eit system som har sagt at slik skal det vere. Men det kan skje feil og det finst dårlege politifolk, seier Helgheim.

Han legg til:

— Eg har også blitt stoppa veldig mange gonger, heilt utan at eg har gjort noko gale. Då eg likte å vanke på stader kor ikkje alle andre vanka. Det har vore her i byen og i andre byar også. Det hadde med kor eg var og ikkje kven eg var å gjere. Det gjeld nok alle andre. Det er også slik at politiet i langt større grad leitar etter ein kjeltring med utanlandsk utsjånad, enn tante Olga på 80. Det er berre eit faktum. Dersom politiet har eit signalement, så er det veldig dumt å stoppe tante Olga på 80, dersom det er ein ung innvandrar med utanlandsk utsjånad dei er på jakt etter. Det å kalle ein heil etat for rasistar, som er det ein gjer dersom ein hevdar at ein har eit system, som gjer at politiet skal stoppe uskuldige berre på grunn av hudfarge, det er ein heilt vill påstand. Det er frykteleg ufint og grovt å påstå at politiet gjer slike ting, at dei har laga eit system. Det kan skje feil, men då er det ikkje eit system.

— Du ber andre slutte å spreie konspirasjonsteoriar. Likevel er det mange som meiner at du spreier konspirasjonsteoriar ved å hevde at universiteta sprer slike om rasistiske system. Kva er ditt svar til det?

— Det er veldig mange som blir veldig sinte på meg når eg nemner universiteta eller forsking, fordi dei veit at eg ikkje eingang har gått på vidaregåande skule. Det skjønnar eg og eg synst det er litt artig å pirke borti ein del av desse folka som ser ned på meg og andre med låg utdanning. Eg sparkar nok litt bevisst borti dei som brukar utdanninga si som sine krykker og då kan det bli litt støy. Og det er nok hovudårsaka, og eg har jo kome med ganske klare tilvisingar i kva eg legg i det. Og det er ingen som har klart å tilbakevise på nokon som helst måte at teorien, om vi skal kalle det for ein teori, om at vi har eit system som er rasistisk, kjem frå universiteta.

— Men er det ein konspirasjonsteori?

— Det er ein konspirasjonsteori. Eg meiner det. Det er ingen som kan klare å bevise at det er eit system for rasisme, men det har vore samfunn som har hatt systematisk rasisme, som apartheid eller slavetida i USA. Vi har til og med hatt det i Noreg, kor vi langt ut i opplysningstida hadde jødeparagrafen. Det er jo enkelt å seie at det var systematisk rasisme. Men vi bygger ned slike ting, vi bygger ikkje opp slike ting. Og det å seie at vi bygger opp slike ting, det er ein konspirasjonsteori. Det kan ikkje vere noko anna, det er rett og slett tøv.

— At universiteta ikkje skal vere mogleg å kritisere, det nektar eg å gå med på, seier Jon Helgheim (Frp).
— At universiteta ikkje skal vere mogleg å kritisere, det nektar eg å gå med på, seier Jon Helgheim (Frp).

Meiner det er viktig å kritisere forsking

— Det verkar generelt som det er viktig for deg å sparke mot universiteta?

— Ja, det er viktig. Det er ikkje så mange som tørr det, men eg er ikkje så veldig redd for det. Eg får mykje hets og kjeft, og ein del humor sjølvsagt. Det er mange som har ein humoristisk snert i sin kritikk, det synst eg er heilt greit. Men at universiteta ikkje skal vere mogleg å kritisere, det nektar eg å gå med på. Eg kom med enda kraftigare skyts mot forsking generelt tidlegare i år, kor det vart ein stor diskusjon i akademia. Eg vart invitert til forskarmesser og eg fekk også forsida i Forskerforum, og ein lang artikkel kor eg fekk støtte i min kritikk om kor viktig det er å kritisere forskinga, frå forskarar i Tyskland, USA, Noreg og Tsjekkia. Massiv støtte for det eg hadde sagt frå toppforskarar verda over, medan det vart ganske slakta det Forskerforbundet gjekk ut og sa i mot meg. Eg er ikkje veldig redd for å gjere det og meiner det er veldig viktig å gjere det. Du ertar på deg ein elite kvar gong. Det er eg ikkje redd for.

— Meiner du at universiteta gjer noko av verdi?

— Ja, nesten alt er av stor verdi. Eg er stor tilhengar av spesielt forsking som går føre seg i stor grad ved universiteta, og eg trur det er heilt unntaksvis at ein finn noko å angripe, elles hadde eg sete kvar dag og gjort dette, men eg gjer det kanskje to gonger i året. Eg ser kanskje spesielt no gjennom koronatida, kor viktig det har vore med rett informasjon og forsking. Det er heilt avgjerande for at vi skal klare oss i ei lang rekke samanhengar og då må vi passe på at dårlege forskarar ikkje får sette agendaen. Vi må luke ut dårlege forskarar og utfordre dei som vi har ein grunn til å utfordre. Igjen, kampen mot rasisme, vi treng rett informasjon for å nå det og det får vi ikkje gjennom ein tøysedebatt som nokon dreg opp.

— Du kan vere snill gutt og ikkje provosere, men då får du ikkje debatt

— Du seier at det er viktig å kritisere forsking, noko eg trur mange i sektoren vil vere samde om, at det er viktig med ein levende debatt.

— Ja, men når eg gjer det så er det alltid feil.

— Då er spørsmålet, opplever du at din måte å gjere det på, er gunstig for å få fram dine poeng? Eller når du ikkje fram når du formulerer deg på den måten du gjer?

— Eg kunne ha skrive ein tweet som var nøytral, mild og uinteressant, fått to likes og så var det over. Eg gjer det på ein måte som dreg opp ein debatt. Den historia jeg fortalte om kritikken eg hadde om dårleg forsking tidlegare i år, viser at det absolutt hadde noko å seie. Min kritikk nådde ut, ikkje berre til alle forskingsmiljø i Noreg, men eg fekk også internasjonal merksemd rundt det. Det trur eg veldig få andre kan vise til. Du kan sitte å skrive uinteressante Twitter-meldingar for å vere snill gut og ikkje provosere eller få kritikk, men då får du heller ikkje debatt. Eg er heilt open på at eg seier ting som er feil, eg bommar. Alle gjer det. Men at eg har bidrege til ein sunn diskusjon i akademia rundt forsking er eg heilt overbevist om og det har eg tenkt å fortsette med.

— Du snakkar om at vi må luke unna det som du hevdar er konspirasjonsteoriar om rasistiske system. Vi må snakke om det du hevdar er «ekte» rasisme. Bidreg ikkje du nettopp til å avspore debatten ved å legge ut denne tweeten?

— Nei. Dersom eg hadde byrja å snakke om at det no er viktig at alle kvite innser at dei er rasistar, for å sette det på spissen, så hadde eg bidrege til merksemd rundt det. Då hadde alle mine følgarar, som veit kva eg står for og veit at eg ved fleire høve ganske kraftfullt har tatt til orde for å kjempe mot openberr rasisme, dei ville ha falle av, fordi dei ikkje kjenner seg igjen i det. Men når eg tek det oppgjeret, så får folk tillit til at ikkje alle har gått heilt av skaftet, slik som dei som har høge stemmer i offentlegheita kan verke å ha gjort. Det er ikkje alle som har blitt slik som enkelte i USA, kor ein skal rive ned statuer, drive med hærverk og angripe alt som kan vere eit symbol på det kvite, eller kva dei driv med. Då fell det av, seier Helgheim. Han legg til:

— Det er veldig viktig at nokon står opp i mot det som gjer at folk dett av i kampen mot rasisme. Det er eg heilt sikker på at eg bidreg med. Det kan vere at min definisjon er unøyaktig, men det er himmelvid skilnad frå min til at vi har eit rasistisk system. Eg trur at eit fleirtal vil nærme seg min definisjon og at vi kan få fleire med oss då. Og då kan eg auke folk si bevisstheit på å unngå kvardagsrasisme. Det kan eg gjere for folk som har tillit til meg i desse diskusjonane.