Nybø til Nesna: Partikollegaer gir ikkje opp utdanning på Helgeland
Nesna. Partikollegaer på Helgeland vil blant anna drøfte ide om samarbeid med UiT Noregs arktiske universitet med forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— For oss er det merkeleg å sjå at ein legg ned ein studiestad og campus med sterke tradisjonar på Nesna gjennom hundre år, for så å bygge opp lærarutdanning på nytt i nabobyen (Mo i Rana, red. merkn.). Vi vil gjerne ha greie på kva som har hendt i denne prosessen og kva som er regjeringa sin plan med Nord universitet, seier Franziska Wika, leiar Vefsn Venstre.
Møter studentar og tilsette
Wika er ein av venstreleiarene på Helgeland som står bak invitasjonen til forskings- og høgare utdanningsminister – og partifelle – Iselin Nybø. Fredag kjem Nybø på besøk, først til Sandnessjøen, der ho vil bli møtt av den såkalla bunadsgeriljaen, før ho skal i møter med varaordførar og representantar for Venstres lokallag i Alstahaug, Vefsn og Rana. Deretter ber det vidare til møter med tilsette og studentar på campus Nesna, kommunen og regionråda på Helgeland.
Eg vil ikkje gøyme meg bort på kontoret i Oslo
Iselin Nybø
Det kjem til å handle om ein ting på alle møta: Framtida for utdanning på Helgeland etter at Nord universitet tidlegare i sommar vedtok å legge ned studiestaden på Nesna og den desentraliserte sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen .
Vil snakke om løftebrot
På Helgeland har fleire hevda at Nords vedtak om å legge ned campus Nesna bryt med lovnader som vart gitt då den tradisjonsrike lærarhøgskulen gjekk inn i det nye Nord universitet gjennom fusjonen med Høgskolen i Nord-Trøndelag og Universitetet i Nordland i 2016. Dette er blitt avvist av leiinga ved Nord universitet.
— Dette handlar om at vi må utnytte ressursane. Vi skal ikkje legge ned, men samle, uttalte rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, då Khrono besøkte Nord universitet i april.
I invitasjonen til statsråden frå venstrepolitikarane på Helgeland blir påstanden om brot på fusjonsavtalen frå 2016 gjentatt.
Både før og etter nedleggingsvedtaket er det blitt spekulert i om utdanninga på Nesna kan eksistere vidare gjennom samarbeid med andre institusjonar.
Nybøs partikollega på Helgeland har heller ikkje gitt opp håpet om ein omkamp for Nesna. Ho seier at dei dessutan ønsker å drøfte tankar om å føre utdanningane på Nesna og i Sandnessjøen inn i eit samarbeid med UiT Noregs arktiske universitet eller andre aktørar. I Sandnessjøen er ei ny desentralisert sjukepleiarutdanning alt under planlegging i samarbeid mellom Helgelandssykehuset og VID vitenskapelige høgskole, som frå før har utdanningstader ulike stader i landet.
— Vi vil prøve å overtyde ministeren om at Nord universitet har gjort eit stort feilgrep, seier Wika.
Nybø: Blir ingen omkamp
Nybø gjer det derimot klart på førehand at ho ikkje reiser til Helgeland med pengar, planar eller plaster på såret i bagasjen.
— Eg har fått mange invitasjonar om å komme til Nesna, også frå partilaget til Venstre. Då vil eg gjerne stille. Eg vil ikkje gøyme meg bort på kontoret i Oslo, seier Nybø til Khrono.
Nybø seier ho kjem for å lytte til det som bli sagt, og vil ta det med seg. Samstundes understrekar ho at ho ikkje kjem til å bli med på nokon omkamp om Nesna.
— Eg har stor forståing for at dette er vanskeleg for dei involverte. Men styret ved Nord universitet har tatt si avgjersle om studiestruktur, og den kjem eg ikkje til legge meg oppi, seier Nybø.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!