Kortnytt

Har fått stort helleristingsområde

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Bergen (UiB) har overteke eit stort område i Bremanger i Vestland fylke. Eigedommen er på 300 mål, og inneheld svært mange helleristingar.

Eit av hjortemotiva som er å finna blant bergkunsten i Vingen.

Grunneigarane, Signe Hanson og Helge Henriksen, ga UiB eit areal også i 2013. Fagmiljøet innan arkeologi ved UiB har jobba med å gjera bergkunsten i det som vert kalla Vingen-feltet tilgjengeleg, og også forvalta kunsten. Når UiB no vert eigar av eit større område, vil det vera gode sjansar til å finna meir bergkunst på det som er eit av dei største helleristingsfelta i Nord-Europa.

— Eg var sjølv på Vingen i juni og fekk sett mange av dei imponerande helleristingane. Det er med stoltheit me overtek denne eigedommen, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm til UiB sine eigne nettsider.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS