Konstituert rektor, Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, har gitt beskjed om at ho kjem til Nesna 27. august, trass bekymringsmelding og signal om at ho ikkje er velkommen. Foto: Paul S. Amundsen

Rektor uønskt til studiestart på Nesna

Nord. Rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, er blitt erklært uønskt til opninga av studieåret på Nesna. Tillitsvalde og studentar varslar demonstrasjonar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I ei bekymringsmelding send til rektor frå dei lokale tillitsvalde i fagforeiningane på Campus Nesna sist veke gir dei uttrykk for at dei ikkje ønskjer å ha rektor med på opninga av studieåret 27. august. «(…) en god del av våre kollegaer og studenter har uttrykt at de opplever det som svært vanskelig», skriv dei i brevet til rektor.

Fakta

Prosessen på studiestedsstruktur ved Nord universitet våren 2019

Konstituert rektor på Nord universitet, Hanne Solheim Hansen presenterte sin rapport onsdag 24. april.

Rapporten foreslår at dagens ni studiesteder gjøres om til to campuser, tre studiesteder og to utdanningssteder med nett- eller samlingsbaserte tilbud.

Forslaget fra rektor Solheim Hansen om studiestedsstruktur ble behandlet første gang i Nord universitets styre 30. april. Rapporten er nå sendt på høring.

26. juni gjorde styret et vedtak. Nesna og Sandnessjøen avvikles som studiested, mens Namsos ble skjermet.

— Eg blir ikkje overraska om ho blir snudd ryggen til når ho skal halde opningstalen, seier plasstillitsvald for Forskerforbundet på Nesna, Morten Mediå, til Khrono.

Til NRK seier lærarstudent og studentrepresentant Kathrine Øines Johnsen det same. Fleire studentar har varsla at dei ikkje kjem til opninga, fordi rektor kjem. Andre seier dei kjem – for å snu ryggen til rektor.

— Det blir heilt sikkert demonstrasjonar, forhåpentleg i siviliserte former, seier Mediå.

Tidlegare i år vedtok styret i Nord universitet å legge ned den hundre år gamle lærarutdanninga på Nesna og flytte utdanninga til andre campus.

Mediå seier det kom som ei overrasking at rektor faktisk skulle komme.

— Vi har vore under eit hardt psykisk press, og vi meiner leiinga har snakka usant i fleire samanhengar. Vi har ikkje tillit til rektor, seier Mediå.

Nord-rektor Solheim Hansen har i sitt svar på bekymringsmeldinga frå Nesna forsikra om at ho ikkje kjem til å trekke seg. «At ansatte og ledelsen har ulike meninger om studiestedsstrukturen er en sak som ikke skal påvirke hvordan vi tar imot de nye studentene», skriv ho.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS