reportasje

Etter tjue år sette Henning Klungsøyr seg på skulebenken. Han kom inn på den fagskulen som har flest søkjarar.

Henning Klungsøyr køyrer ekspressbuss til vanleg. Då har han òg ansvar for å gi passasjerane sørvis. På toget er det konduktøren som tek seg av det.

Han går på Noregs mest populære fagskoleutdanning

Ulrikstunnelen er 7670 meter lang.

Gjennom den styrer Henning Klungsøyr eit 105 meter langt passasjertog.

— Spanande med store køyretøy, seier Klungsøyr.

Han er nemleg ikkje lokførar — men han skal verta det. No er han i gang med den siste av i alt tre praksisperiodar, og går alt etter planen kan han kalla seg lokførar frå april. Før den tid skal han køyra tog på Bergensbanen i sju veker.

Bremsetest — kvar gong

Tog 2538 avgang.

Ein høyrer konduktøren si stemme heilt fram til lokførar. På veg inn i førarrommet har Klungsøyr snakka med avtroppande lokførar. Før avgang sjekkar han at bremsane fungerer, og han registrerer eit unikt tognummer i togradioen, slik at togleiar både kan sjå kor ein er og kontakta toget. Når han har fått signal «løyve til å køyra», kan ein tenna ein lampe som blinkar på sida av toget. Den gir konduktøren beskjed om at han er klar til å køyra.

Så rullar toget ut frå Bergen stasjon. Det er skinner på kryss og tvers før ein kjem inn i tunnelen.

— No kjem me til eit skilt som er forma som ein trekant med spissen ned. Det betyr at ein skal ha lågare fart. Her framme er det sporveksling, seier Ole Christian Bjørke Skjold.

Han er TS-rådgivar i Vy, men jobbar òg femti prosent som lokførar. Om nokre timar skal han køyra passasjerar trygt til Voss.

I dag følgjer han dessutan journalisten, men i ein vanleg opplæringssituasjon er det berre køyrerlærar og student som har lov til å vera i førarrommet.

Snart klar til avgang på Bergen stasjon. Øyvind Fiksen (til venstre) er køyrelærar og skal læra opp Henning Klungsøyr å køyra tog på Bergensbanen dei neste sju vekene.

Fram … og tilbake

Arna er neste stasjon. Eigen kommune fram til 1972, no ein del av Bergen, men så er det dette fjellet som er mellom det tidlegare kommunesenteret og Bergen sentrum, då. Den aller kjappaste vegen mellom Arna og sentrum er med toget, og no har tunnelen fått dobbeltspor.

Klungsøyr og køyrelærar Øyvind Fiksen går ut. Logisk nok må dei køyra frå andre enden av toget når dei skal tilbake, og sjølv om toget vart parkert berre for eit par minutt sidan, skal bremsane på nytt sjekkast.

— Tog 2539 klart til avgang, seier konduktøren.

Ved inngangen til tunnelen blinkar det eit signal.

— Tog køyrer fort. Så måten det blinkar på, seier oss noko om kva signal som kjem, forklarar Skjold.

Neste skilt viser eit 12-tal. Det betyr at fartsgrensa ved neste målepunkt er 120 kilometer i timen.

Klungsøyr vert leia gjennom det gamle tunnelløpet. Etter 7670 meter er han igjen ute i dagslys. Han sakkar farten.

— Du kan halda farten oppe litt lenger, til du er litt nærare stasjonen, seier køyrelærar Fiksen.

Dei to går ut, og slår av den vanlege praten med neste lokførar. Så er det pause, før neste tur skal gå litt lenger enn til Arna.

— Mi rolle er å stå og rettleia. Han skal ikkje kunne alt no, seier Fiksen, og utdjupar:

— Det er ikkje forventa at studentane kjenner interne prosedyrar i Vy eller har kunnskap rundt den enkelte køyretøytype og kompetanse om strekninga ein køyrer på. Det er noko ein får først når ein vert tilsett i eit føretak.

Studentane følgjer turnusen til køyrelærar, så dei neste vekene skal Klungsøyr jobba både på dagtid og på nattestid. Ein lokførar kan køyra i 5,5 time før han må ha pause. Køyrer ein frå Bergen, er ein då komen til Ål. Etter pausen kan ein køyra i fire timar til.

Fargesyn og mattekrav

Ein kan nok drøfta om det er verdas beste utsikt frå kontoret mellom akkurat Bergen sentrum og Arna. Men det er det slagordet Lokførerskolen brukar for å lokka til seg studentar.

Eller, kanskje treng ein ikkje lokka så mykje. I fjor var det 1268 kvalifiserte søkjarar. Til 68 studieplassar. Saman med brann- og redningsskolen er Lokførerskolen dei einaste fagskulane som har søknadsfrist via Samordna opptak allereie 1. mars. 

— Me kallar inn om lag førti prosent fleire enn det me har plass til, og så sender me dei til sjekk hos både lege og psykolog, seier rektor Kai Erik Jensen.

Har ein dårleg fargesyn, kan ein ikkje verta lokførar. I tillegg må ein ha gode kommunikasjonsevner og ein må vera stødig i norsk. Opptakskrav elles er anten eit relevant fagbrev eller generell studiekompetanse med matematikk på R1-nivå.

— Ein må ha eit høgt snitt for å koma inn hos dykk, 5,57?

— Ja, men det er mogleg å få ein del tilleggspoeng, mellom anna for relevant fagbrev. Eg plar seia at ein må ha eit karaktersnitt på om lag 4 dersom ein kjem inn med fagbrev, og om lag 5 dersom ein kjem inn med studiekompetanse, seier rektoren.

— Me er den fagskulen med flest søkjarar, det er veldig hyggeleg!

— Kva trur du er grunnen til det?

— I tillegg til verdas beste utsikt frå kontoret så får ein ein jobb med ordna forhold. Og det er eit kort studium, som fører rett til eit yrke. I tillegg er det nok kanskje som du seier; mange likar store maskiner. Tradisjonelt har me hatt mange elektrikarar som har teke utdanning som lokførar.

Heile 90 prosent av dei som byrjar på studiet, gjennomfører.

Ulrikstunnelen har fått dobbeltspor.

Frå ei øy på Sunnmøre

Henning Klungsøyr kjem frå Ulstein, ein øykommune på Sunnmøre. Vegen til næraste jernbanestasjon er lang. Han køyrer buss mellom Bergen og Ålesund, og likar altså store maskiner. Men å søka lokførarutdanning, det hadde han eigentleg ikkje tenkt.

Han fortel at han tidlegare har jobba i anleggsbransjen som lastebilsjåfør og alt anna som høyrer med i ein slik jobb. Han vart sendt på kurs for å læra å legga røyr under jorda. Når han var ferdig med dette, skulle det følgja med eit lønstillegg.

— Då eg såg på lønsslippen av dette tillegget var på heile to kroner timen, forsvann motivasjonen til å stå i ei grøft i all slags vêr, seier han, og kom til å tenka på det stedotra hadde sagt: Ho hadde tenkt å søka på lokførerskulen, og meinte Klungsøyr burde gjera det same.

— Det enda med at eg sendte søknad til lokførarskulen samstundes som eg søkte på ei stilling i Vy Express. At eg skulle både få jobb i Vy Express og koma inn på lokførarskulen hadde eg ikkje sett føre meg, men det var det som skjedde.

No ønskjer Klungsøyr seg ein jobb anten i Oslo eller Bergen. Rektor Jensen fortel at Lokførerskolen ser inn i glaskula og prøver å finna ut korleis det står til ti år fram i tid. Dei utdannar lokførarar — ikkje noko anna, og ønskjer at dei nyutdanna skal kunne gå rett ut i jobb.

— Etter å ha teke eksamen, skal studentane gjennom ei sertifisering. Det tek mellom tre og seks månader å få den på plass hos eit jernbaneselskap. No har me dessverre nokre ferdige studentar som ikkje har kome i gang med dette, men me har håp om at det snart snur, seier Jensen.

For komande studieår har Lokførerskolen 120 studieplassar.

Snittalder: 32 år

Med sine 44 år har Klungsøyr vore ute ei vinternatt før. Men han er verken eldst eller yngst på sitt kull. I 2024 var snittalderen for studentane 32 år. Framleis er det flest menn, men talet på kvinnelege studentar har auka dei siste åra, viser skulen sin kvalitetsrapport for 2024.

— Korleis var det å verta student igjen?

— Det var ein overgang, seier Klungsøyr og humrar. 

— Det er tjue år sidan sist eg gjekk på skule, så det er annleis enn å jobba turnus, ja!

Han fortel om mykje teori knytt til bremselengde.

— Då du parkerte toget i stad, var det folk overalt på perrongen. Tenkjer ein nokon gong på at nokon kan snubla eller hoppa ned i sporet?

— Ein kan ikkje tenkja på slikt, seier køyrelærar Fiksen.

— Ein har sjølvsagt i bakhovudet at det er folk på plattforma som kan koma i nærleiken av sporet, og ein er alltid obs på det, men det ligg ikkje der som ei uro.

På Vestlandet, der han køyrer mest, er det få planovergangar med mykje trafikk. Det er der det særleg kan oppstå farlege situasjonar.

— Men om vinteren er det ein del folk som skal kryssa sporet, særleg på fjellet. Me ser folk med pulk og alt, som skal spara nokre meter og kryssar der dei sjølve til.

Først ein prat med avtroppande lokførar, så ein sjekk av at alt ser greitt ut ute. Henning Klungsøyr og Øyvind Fiksen skal no sjekka bremser, og så kan toget tøffa mot Arna.

Snuser på bachelor

Lokførerskolen er ein fagskule. Frå 2019 har desse skulane vorte definert som høgare yrkesfagleg utdanning, og lokførerskolen er ein av skulane der du får studiepoeng. Ein kan velja mellom to variantar av utdanningsløpet: Anten heiltid fysisk i Oslo, eller samlingsbasert. Vel ein den siste varianten, vil de ta halvanna år før ein er ferdig lokførar.

— Me har eit deltidsløp for å kunne møta den moderne studenten, seier rektor Kai Erik Jensen.

— Men praksis skjer på heiltid, fire pluss fire pluss sju veker, og samlingane må vera fysisk i Oslo. 

Jensen, som sjølv har studert mellom anna teatervitskap og har bakgrunn som realfagslærar og skuleleiar, er aktiv i HØY, Interesseorganisasjonen for fagskulane. I eit debattinnlegg i Khrono sommaren 2024 tok han til orde for høgare yrkesfagleg utdanning både på bachelor- og masternivå.

— Det er fleire enn før som tek fagbrev, det er ein villa politikk frå styresmaktene. Neste steg bør då vera i alle fall yrkesbachelor, seier Jensen.

— Ein må sjå på fagskulane som ein del av høgare utdanning, me er ikkje noko stebarn.

Sjølv syslar han med tanken om å prøva å få til ei bachelorgrad. Ikkje med nødvendigvis meir lokførarfag, men med fag som leiing, slik at ein kan utdanna mellom anna lokførarleiarar.

Som Khrono har skrive, skal det etter planen koma ei eiga politisk fagskulemelding om om ikkje så lenge. Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland har ikkje vore konkret på dato — og Senterpartiet åtvarar mot utsetjing.

Powered by Labrador CMS