Det er godt dokumentert at Nord universitet systematisk har svekka campus Nesna sidan samanslåinga, og at det planlagde nådestøytet såleis er vel førebudd, skriv Pål Hamre ved Høgskulen i Volda. Foto: Paul S. Amundsen

Røveriet i Nord

Nord universitet. Forslaget om nedlegging av studiested Nesna er ein kynisk forretningsidé og kan endre forestillinga om et distribuert utdanningstilbod i Noreg, skriv Pål Hamre.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Solberg-regjeringa sin reformiver har ramma også UH-sektoren, personifisert gjennom tospannet Torbjørn Røe Isaksen og Bjørn Haugstad. Legitimeringa av strukturreforma var vanskeleg å forstå, men omgrep som «konsentrasjon», «kvalitet» og «robust» var hyppig brukte. Det som låg bak, men som aldri blei uttalt, var ei villa sentralisering av høgare utdanning ved å legge ned institusjonar/campusar. Dette kunne regjeringa rimelegvis ikkje gjere sjølv, og dermed overlet dei det til universitetsstyra ved dei samanslåtte institusjonane. Det bør bekymre alle oss som er opptatt av eit distribuert utdanningstilbod.

Rapporten om ny studiestadsstruktur ved Nord universitet er forvitneleg lesnad. Den er rimelegvis blotta for historisk refleksjon og ser ut til å meine at høgare utdanning i nord oppstod i 2016. Dei forslitte omgrepa robust, konsentrasjon og kvalitet er hyppig brukte også her, og problemet er, ifølge rapporten, den infrastrukturen for utdanning som er bygd opp over drygt hundre år.

Den faglege argumentasjonen er berre skodebrød i denne prosessen. Det er godt dokumentert at Høgskulen i Nesna før fusjonen var velfungerande, og søkartala til lærarutdanningane er så seint som i år betre enn i Bodø. Det er like godt dokumentert at Nord universitet systematisk har svekka campus Nesna sidan samanslåinga, og at det planlagde nådestøytet såleis er vel førebudd.

Konklusjonen er altså at ein her har laga ein økonomisk kannibalisme-modell der store aktørar kan styrke sin basisdel av inntektene ved å overta inntektene til mindre aktørar for så å legge dei ned.

Pål Hamre

Det som dette eigentleg handlar om, er rimelegvis pengar generelt, og realiseringa av «Blått bygg» i Bodø spesielt. Nedlegginga av Nesna handlar ikkje, som ein kanskje skulle tru, om at Nesna går med underskot og at Nord universitet ikkje har råd til det. Det handlar om nedlegging av campus som ein forretningside best kjent frå næringslivet.

Så lat oss følgje pengane, her eksemplifisert gjennom eit omtrentleg reknestykke. Høgskulen i Nesna sitt siste tildelingsbudsjett frå departementet var i 2015 på 130 millionar. I dette reknestykket oppjusterer vi dette i 2019-tal til 150 millionar for å ta utgangspunkt i ein rund sum.

Kva ligg til grunn for denne tildelinga frå departementet? For høgskulane og dei nye universiteta er det grovt sagt to komponentar – ei basisløyving tilsvarande 60 prosent og studiepoengsproduksjon/kandidatproduksjon tilsvarande 40 prosent. Basisløyvinga er som kjent ein svart boks som ingen heilt greier å forklare komponentane i. Det handlar om historikk, tildeling av studieplassar år om anna med meir.

For Nesna sin del utgjorde såleis basisløyvinga 90 millionar, og den handla då om å drive utdanning generelt, og lærarutdanning spesielt, på Helgelandskysten. Behovet for kvalifiserte lærarar i nord er stort.

Kva skjedde så ved samanslåinga med desse pengane? Basisløyvingane til utdanningsinstitusjonane som inngjekk i fusjonen, vart rimelegvis slått saman i ein samla pott som det var opp til universitetsstyret å styre. Den svarte boksen blir då endå svartare.

Og lat oss halde fast på Nesna: 150 millionar i samla inntekt fordelt på 90 millionar i basisløyving og 60 millionar i studiepoengs- og kandidatproduksjon. Kva går desse pengane så til? I sektoren er det vanlegvis slik at 60 prosent går til administrasjon, husleige, bibliotek osv. (90 millionar for Nesna sin del), og dei resterande 40 prosent går til rein fagleg drift (60 millionar for Nesna).

Det er godt dokumentert at Nord universitet systematisk har svekka campus Nesna sidan samanslåinga, og at det planlagde nådestøytet såleis er vel førebudd.

Pål Hamre

Så legg universitetsstyret ved Nord universitet opp til den strategien vi alle kjenner: svelteforing og villa svekking først, deretter nedlegging. Taktikken er at departementet og utdanningspolitikarane er så medvitslause at Nord universitet får behalde dei 90 millionane den tidlegare Høgskulen i Nesna fekk for å drive lærarutdanning på Helgelandskysten. I så tilfelle har ein laga ein kannibalisme-modell som vil rasere den infrastrukturen for høgare utdanning som møysommeleg har blitt bygd opp i landet over 200 år.

For lat oss følgje pengane vidare, gitt at Nord universitet får behalde Nesna sin andel av basisløyvinga (inntektssida) på 90 millionar. Kva skjer med utgiftene til å drive campus Nesna?

Dei vil enkelt sagt gå mot null. Utgiftene til administrasjon, IT, vedlikehald osv. vil raskt gå mot null. Utgifter til fagleg tilsette vil bli desimert fordi fagfolk søkjer seg vekk, sluttar eller blir sagt opp. Utgiftene til husleige i Nesna på 24 millionar til Statsbygg er det ikkje så lett å kvitte seg med sidan avtaleperioden gå til 2028, men her omtaler rapporten optimistisk på side 18 at ein ved oppseiing kan forhandle om det som vert kalla «venteleie».

Konklusjonen er altså at ein her har laga ein økonomisk kannibalisme-modell der store aktørar kan styrke sin basisdel av inntektene ved å overta inntektene til mindre aktørar for så å legge dei ned. Ein overtar inntektene, men forpliktingane til å drive utdanningsinstitusjonen, i dette tilfelle lærarutdanninga i Nesna, gir ein blaffen i. Den større rekneskapen, at Statsbygg står att med lokale utan leigetakar og konsekvensane av å ikkje utdanne kvalifiserte lærarar på Helgelandskysten med sine drygt 80.000 innbyggarar, er universitetsstyret uvedkomande.

Eit distribuert utdanningstilbod er eit politisk spørsmål knytt til velferdsmodellen vår. Viss politisk leiing legg til rette for ein kannibalisme-modell, vil andre følgje etter, truleg først Universitetet i Sørøst-Norge, der rektor Petter Aasen vil ha styret med på å vurdere campus-strukturen. Tilfellet Nesna er såleis ein prøvestein på kva som vil skje med strukturen i UH-sektoren.

Dermed er det utdanningspolitiske spørsmålet prekært: Ser forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø føre seg at Nord universitet ved ei eventuell nedlegging av campus Nesna får behalde Nesna sin andel av basisløyvinga (tilsvarande 90 millionar) når dei faktisk legg ned campus og neglisjerer forpliktingane til å drive lærarutdanning på Helgelandskysten? Spørsmålet bør interessere mange av oss i sektoren, så det er flott om statsråden kan gi eit tilsvar.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS