Amund Gulsvik. Innovest

Avgjer Gulsvik-anke i ekstraordinært møte

Universitetsleiinga overlet til styret å ta avgjerda om saka mot lungeforskaren Amund Gulsvik skal ankast.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Rektor Dag Rune Olsen har difor innkalt til ekstraordinært universitetsstyremøte måndag 11. januar. I Oslo tingrett fekk Amund Gulsvik (bilete over) fullstendig medhald i saka Helse Bergen og Universitetet i Bergen hadde gått til mot han, skriv På Høyden.

— Vi tenkte at det var veldig nyttig å forankre ei eventuell anke i styret. Dommen vi fekk var veldig tydeleg, og ikkje i vår favør, seier Dag Rune Olsen.

Universitetsstyret har òg tidlegare diskutert saka, og alltid bak lukka dører.

Sløsing med skattepengar

Det er universitetsdirektør Kjell Bernstrøm som legg fram sakene for styret.

— Sakspapira gir denne gongen ikkje ei eintydig tilråing til styret om ein skal anke eller ikkje. Det er lagt opp til ein diskusjon om det i styret, fortel Olsen.

Jussprofessor Tore Lunde gikk etter dommen ut og sa at det ville vere sløsing med offentlege pengar å anke saka.

Personal- og organisasjonsdirektør Trond Søreide i Helse Bergen opplyser at helseføretaket enno ikkje har avgjort om dei vil anke, men at avgjerda vil bli tatt av føretaksleiinga innan ankefristen, som er 15. januar.

Vil ta avgjerda saman

For eigarane av Innovest gikk begge til sak mot Gulsvik, som la grunnlaget for lungeforskingsmiljøet i Bergen. Dei kan anke saka kvar for seg.

— Vårt mål er at vi og Helse Bergen skal falle ned på ein og same konklusjon, seier UiB-rektoren til På Høyden. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS