Professor ved Det juridiske fakultet, Ragna Aarli, bli ny leiar for Granskingsutvalet. Foto: Olav Røli Foto: Olav Røli

Bergen-professor ny leiar av Granskingsutvalet

Departementet har oppnemd nye medlemmar i granskingsutvalet som skal sikra heiderleg forsking. Jusprofessor Ragna Aarli blir leiar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Jusprofessor ved Universitetet i Bergen (UiB), Ragna Aarli,  er peika ut som leiar for Granskingsutvalet eller «Nasjonalt utvalg for gransking av redelighet i forskning», som består av sju medlemmar totalt. 

Utvalet blei oppretta i 2006, og skal bistå universitet og andre forskingsinstitusjonar i saker som ikkje er vitskapelege heiderlege. Det er eit tillegg til det lokale behandlingsapparatet. 

— Det er ei viktig oppgåve for forskarfellesskapet, tenker eg. Me treng tillit til forskingsmiljøa i landet, og dette kan Granskingsutvalet bidra til å byggje. Eg synest også det er interessant reint personleg å bli kjent med ulike vitskapstradisjonar i ulike fag. Eg kjenner rettsvitskapen frå innsida, men ikkje dei andre fagområda, seier Aarli til På Høyden. 

Kan ta i mot klager frå enkeltpersonar

— Kva blir utfordrande med ei slik rolle? 

Me treng tillit til forskingsmiljøa i landet, og dette kan Granskingsutvalet bidra til å byggje.

Ragna Aarli

— Det er vanskelege vurderingar, og det er snakk om å stempla forsking som uheiderleg, det er heilt klart ikkje noko ein kan ta lett på. Det er veldig belastande for forskarar å få ei skulding om uheiderleg vitenskapeleg åtferd mot seg, seier Aarli og legg til:

— Men no har det kome ei endring i forskingsetikklova, slik at utvalet også skal kunna ta i mot klager frå enkeltpersonar som har fått stempla forskinga si som uheiderleg av eigen institusjon. Det er ei ny rolle at Granskingsutvalet blir klageinstans for utsegn frå institusjonane. Men institusjonane har fått eit større ansvar for granskinga i første hand.

Ny lov i mars

Den nye forskingsetikklova blei vedteke i Stortinget i mars, og pålegg mellom anna institusjonane nødvendig opplæring i forskingsetiske normar til sine tilsette.

— Tanken med omorganiseringa har vore å auka medvite om heiderleg åtferd i forsking ved institusjonane, seier Aarli.

— Om Granskingsutvalet vil få færre eller fleire saker veit me ikkje. Utvalet kan og ta opp saker frå institusjonane på eige initiativ. Den nye lova er i alle høve ein rettssikkerheitsgaranti for dei som får ei avgjerd om vitskapeleg uheiderleg åtferd mot seg lokalt, ved at dei no kan klaga nasjonalt, legg ho til. 

Bakgrunn frå medievitskap

Aarli har også bakgrunn frå andre fagfelt som ho tek med seg inn i rolla. 

— Eg trur det har ei betyding at eg har bakgrunn frå ulike fagtradisjonar, at eg også er medievitar til dømes, slik at eg kjenner andre fagtradisjonar enn den juridiske. Men det er eit krav at leiar for utvalet skal vera jurist. Det handlar om å anvenda rettsreglar.

Direktør i De nasjonale forskningsetiske komiteene, Espen Engh, er glad for at oppnemninga no er avklart. 

— Me er glade for at nytt utval omsider er på plass, og ønsker dei hjarteleg velkommen. Det ser ut til å vera eit utval med meget god kompetanse. Samstundes innser me at det kan ligga ein viss utfordring i at berre to medlemmar held fram frå førre utval, men sekretariatet skal gjera kva me kan for å bidra til kontinuitet, seier Engh i ei pressemelding

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS