Vestlandet ønsker forsøk i lærerutdanningen
Dei minste borna. Styret ber Kunnskapsdepartementet om prøveordning for å betre rekrutteringa til lærarutdanninga.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Høgskulen på Vestlandet ynskjer å la eit utval av studentane ved grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7 få fritak frå matematikk som obligatorisk fag. Styret gav grønt lys for å sende søknaden om prøveordninga til Kunnskapsdepartementet.
Det vart mykje diskusjon og det kom fleire forslag då styret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) diskuterte korleis dei skal klare å fylle opp studieplassane for dei som vil bli lærarar på dei lågaste skuletrinna.
Diskusjonen kom opp fordi det blant fleire saker på dagsorden, var ei sak om å søke fritak frå forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7.
Som dei fleste andre som utdannar lærarar i Noreg, så har HVL problem med å rekruttere studentar til denne utdanninga.
Det er kritisk både lokalt og nasjonalt at vi har svekka rekruttering til grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7
Arvid Hallén
I søken etter svar på kvifor så få ynskjer å bli lærarar for dei minste borna, så har dekan med ansvar for lærarutdanninga, Asle Holthe, peika på at årsaka kan ligge i at utdanninga har fleire obligatoriske fag og mindre valfridom enn grunnskulelærarutdanninga trinn 5-10.
Difor fremja Holthe forslaget om fritak. Han ynskjer å gjere eit forsøk der 75 av 275 studentar som vert tekne opp til utdanninga i 2020 og 2021 får fritak frå matematikk som obligatorisk fag. Han ynskjer også å koble ei postdoc-stillinga på forsøket, slik at dei vil få forskingsbasert kunnskap kring piloten.
— Vi ynskjer å lage større valfridom for studentane. Vi løyser opp slik at dei kun har norsk og pedagogikk som obligatoriske fag. Så kan dei velje seg samfunnsfag, kroppsøving, engelsk og matematikk som valfag, sa Holthe til Khrono før møtet.
Forslaget fekk brei støtte i styret og de vedtok at det skal bli sendt ein dispensasjonssøknad til departementet.
Meinte at høgskulen burde vere dristigare
Styreleiar Arvid Hallén uttrykte tidleg si støtte til forslaget.
— Tiltak som dette er viktige og absolutt verdt forsøket. Det er kritisk både lokalt og nasjonalt at vi har svekka rekruttering til grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7, sa Hallén.
— Det er svært viktig at vi prøver ut nye tiltak. Vi er ein av dei største lærarutdannarane i landet og bør gå framom, sa Thomas Reite, ein av to studentrepresentantar i styret.
Likevel var det fleire av styremedlemmane som meinte at høgskulen burde ha vore enno meir frampå:
— Eg syns vi er tame og vi burde tenke annleis. Kvifor fangar vi ikkje opp dei yrkesfaglærte og utvidar forslaget til at søkarar også kan kome inn Y-vegen (inntak av folk som manglar generell studiekompetanse, men har minimum 12 månader relevant praksis og fagbrev, red. anm.), som vi har gjort på fleire andre fag ved HVL?, spurte Ragnar Gjengedal.
Peika på 4-kravet
Nokre av styremedlemmane stilte seg undrande til at dei ved lærarutdanninga ikkje valte å søke fritak frå kravet om karakteren fire i matematikk for alle lærarstudentar, i forslaget til ny prøveordning. Prodekan for utdanning ved fakultetet, Gunn Haraldseid, som var der og la fram forslaget, svarte slik på spørsmåla:
— Årsaka til at vi har valt å ikkje fokusere på matematikk-kravet, er at vi veit at det er lite politisk interesse til å gjere noko med det. Forslaget vi har formulert trur vi det er mogleg å få større politisk støtte for, sa ho og la til:
Vi bør gi lyd om at det bør skje noko med 4-kravet.
Aina Berg
— Vi veit at det er mykje skepsis rundt matematikkfaget blant søkarane. I tillegg er det ikkje obligatorisk matematikk i trinn 5-10-utdanninga. Difor vil vi gjerne få avgårde denne søknaden for å sjå kva slags utslag dette vil få for rekrutteringa, sa Haraldseid.
Det var likevel nokre av styremedlemmane som meinte at HVL burde sende eit signal gjennom å driste seg til å søke fritak frå 4-kravet.
— Vi bør gi lyd om at det bør skje noko med 4-kravet. Det er viktig at vi som institusjon, når vi ser at politiske vedtak med dei beste intensjonar, har negative konsekvensar for rekrutteringa av studentar, sa Aina Berg, ekstern representant til styret.
Alle søknader blir vurderte
Haraldseid var glad for å få heile styret bak seg for å sende søknaden om dispensasjon frå forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7.
Forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) har tidlegare signalisert at søknader om forsøksordningar vil bli vurderte.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!