Glørstad held fram som museumsdirektør i Oslo

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Etter å he venta lenge kom meldinga om at det vert pengar til vikingskipa på Bygdøy. Her ein nøgd museumsdirektør Håkon Glørstad saman med Iselin Nybø. Foto: Eva Tønnessen

Håkon Glørstad er tilsett som direktør ved Kulturhistorisk Museum i fire nye år. Dette vedtok universitetsstyret ved Universitetet i Oslo onsdag, og det var Uniforum som først melde om saka. Glørstad har vore direktør ved museet sidan 2014. Han er professor i arkeologi.

Glørstad var ein av fem søkjarar til stillinga. Ein av dei andre var Nils Rune Langeland. Han var tidlegare professor i historie ved Universitetet i Stavanger, men fekk avskil frå stillinga si der.

Kulturhistorisk museum er ein del av Universitetet i Oslo og består av Vikingskipshuset på Bygdøy og Historisk museum på Tullinløkka.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS