Bjørn Tore Gjertsen tek over som forskingsdirektør ved Helse Bergen frå 1. november. Foto: Kathrine Sunde, Haukeland Universitetssjukehus
Bjørn Tore Gjertsen tek over som forskingsdirektør ved Helse Bergen frå 1. november. Foto: Kathrine Sunde, Haukeland Universitetssjukehus

Ny forskingsdirektør i Helse Bergen

Professor på Universitetet i Bergen, Bjørn Tore Gjertsen, blir ny forskingsdirektør i Helse Bergen.

Publisert   Sist oppdatert

Bjørn Tore Gjertsen er i dag professor ved Klinisk institutt 2 på Universitetet i Bergen (UiB), og overlege ved Seksjon for forsking og innovasjon (Seksjon for blodsjukdommar). Han er også prosjektleiar og forskar ved Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO) ved UiB, skriv På Høyden.

Frå 1. november går han inn i rolla som forskingsdirektør i Helse Bergen. 

— Haukeland universitetssjukehus har eit sterkt og aktivt forskings- og innovasjonsmiljø. I rolla som forskingsdirektør får eg vere med på å leie og utvikle regionsjukehuset mot framtida, og det synast eg er spennande. Eg ønskjer å halde fram det gode arbeidet som vi allereie gjer og bidra til å auke kvaliteten ytterlegare, seier han til Helse Bergen. 

Ønsker fleire studiar med pasientar

I rolla som forskingsdirektør får eg vere med på å leie og utvikle regionsjukehuset mot framtida, og det synast eg er spennande

Bjørn Tore Gjertsen
Påtroppande forskingsdirektør, Helse Bergen

Som forskingsdirektør vil Gjertsen i Seksjon for forsking og innovasjon vera leiar for 40 medarbeidarar.

— Eg trur kjernen til god leiing er å gi rom for utvikling, kreativitet og ha fokus på kvalitet. Det håper eg å motivere for som leiar. I tillegg er det viktig å kjenne behovet i befolkninga – det er det som seier noko om korleis vi skal satse. Det er det vi må ha som kompass. Eg ønskjer meg derfor fleire pasientar inn i kliniske studiar, seier Gjertsen.