Desse vil bli prorektor ved Nord universitet
Prorektor. Fem personar ynskjer å bli prorektor for utdanning ved Nord universitet. Her er søkarlista.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Nord universitet lyste tidlegare i haust ut stillinga som prorektor for utdanning, med søknadsfrist 20. oktober. Denne veka skal søkarane inn til førstegangs-intervju, opplyser universitetet.
I alt fem personar har søkt på stillinga — to kvinner og tre menn:
- Samantha Page (47), seniorrådgjevar ved forskingsadministrativ avdeling ved Universitetet i Agder, Kristiansand.
- Ellen Marie Sæthre-McGuirk (44), kunstprofessor ved Nord universitet, Bodø
- Karl Erik Haug (52), professor ved Luftkrigsskolen, Trondheim
- Syed Toqueer Akhter (52), student, Oslo
- Levi Gårseth-Nesbakk (41), noverande konstituert prorektor for utdanning ved Nord universitet, Bodø
Konstituert prorektor søker
Gårseth-Nesbakk har sidan januar 2019 vore konstituert som prorektor for utdanning, etter at tidlegare prorektor Hanne Solheim Hansen vart konstituert rektor. Solheim Hansen vart tilsett som rektor den 26. juni i år.
Den vidare tilsettingsprosessen blir no handtert av ein innstillingskomite som blir leia av rektor Solheim Hansen, og som består blant anna av representantar frå fagforeiningane.
Andregangs-intervju vil bli gjennomført i perioden 18-24. november, medan innstillinga skal vere klar i løpet av veka etter.
Sjølve tilsettinga vil skje på styremøtet den 11. desember.
Opna for at prorektor kan sitja i Bodø
Då styret ved Nord universitet kunngjorde denne stillinga tidlegare i haust vedtok dei å opna for at prorektor kan vera geografisk plassert i Bodø. Då fusjonen vart inngått var det stor debatt rundt prorektors tilhold og det vart avgjort at prorektor den første perioden skulle ha tilhold i Nord-Trøndelag, i kvart fall den første perioden.
Les og: Urolige tilsatte både nord og sør for Polarsirkelen
Khrono spurde styreleiar Vigdis Moe Skarstein om dette, og ho fortalde at styret då dei vedtok utlysingstekst diskuterte spørsmålet om arbeidsstad skulle vektleggast i utlysingsteksten.
— Styret vedtok utlysing med hovudarbeidsstad enten Levanger eller Bodø for å få størst mogleg tilfang av søkarar, fortalde Skarstein og la til:
— Uansett vil stillinga innebera tilstedeværelse både i Levanger og Bodø og dei andre studiestadene.
(Kl. 18.00, 28.10.2019: Saka er oppdatert med informasjon om den geografiske plasseringa til prorektor.)
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!