Høgskulen på Vestlandet

Fyller berre to tredelar av studieplassane

På Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett står ein tredel av studieplassane tomme. Styret ved Høgskulen på Vestlandet skal drøfta korleis dei kan jobba med studentrekruttering.

På Tynset er det desentral, samlingsbasert sjukepleieutdanning. Totalt sett går søkjartala til sjukepleieutdanning ned, og Høgskulen på Vestlandet er ein av fleire utdanningsinstitusjonar som slit med å fylla studieplassane sine.

Talet på studentar som vel sjukepleie- barnehagelærar- eller grunnskulelærarutdanning går ned. Når Høgskulen på Vestlandet (HVL) har styremøte 23. november, er rekruttering ei av sakene på dagsordenen.

Møtet ser du direkte her frå klokka 10

Før møtestart skal styret få ei omvising på campus i Haugesund.

Fylte berre i Bergen

Tala viser at for nokre av fakulteta ved HVL er den såkalla fyllingsgraden god. Både for Fakultet for ingeniørfag og teknologi og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap er den nær hundre prosent. Det var ikkje problem med å fylla plassane for økonomifag, heiter det i saksframstillinga til styremøtet.

For helse- og sosialfaga er fyllingsgraden 101 prosent. Men likevel er det ei uro å spora: 

«Selv om FHS har en god fyllingsgrad, så opplever man en nedgang på bachelor sammenlignet med fjoråret. Dette skyldes at søkertallene til sykepleie gikk ned for andre år på rad, noe som resulterte i at man ikke klarte å fylle studieplassene på andre campus enn i Bergen. Nedgang så man også innen barnevern», heiter det om Fakultet for helse- og sosialvitskap.

For Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er situasjonen annleis. Her er det ei fyllingsgrad på berre vel 60 prosent. Her heiter det at situasjonen no er slik at det heller ikkje er fleire kvalifiserte søkjarar å henta nasjonalt.

«Tidligere har nedgangen primært rammet distriktene, men i år så ser det ut at trenden også har påvirket de større byene. På master sliter man å fylle plassen, med unntak av master i didaktiske praksiser. Vi ser også at det er vanskelig å fylle studieplassene på PPU».

Størst nedgang i Førde og på Stord

I saksframstillinga vert det vist tal som seier at det er Førde og Stord som har ein størst nedgang i studenttal når ein samanliknar HVL sine fem campus. Totalt sett fell marknadsdelen; i 2014 hadde dei tre gamle høgskulane totalt seks prosent av alle førstevalssøkjarar i landet. I 2023 er talet fem prosent, og reduksjonen er større enn kva HVL sin del av det totale talet på studieplassar skulle seia.

No må høgskulen jobba endå meir medvite med rekruttering, heiter det i saka.

«Økt bevissthet rundt hvordan vi kan styrke HVL sitt omdømme ytterligere, kombinert med kunnskapsbaserte, effektive tiltak, vil over tid kunne bli et vesentlig bidrag til styrket studentrekruttering. På både kort og lengre sikt vil det være helt nødvendig å gjøre gode og grundige vurderinger knytt til studieporteføljen og bruke den kunnskapen vi har tilgjengelig om det markedet vi er i, både i form av egne erfaringer og statistikk, og gjennom bruk av eksterne kilder».

Budsjett og universitetsprosjekt

Her er heile sakskartet:

    Vedtakssaker:

  • 51/23-B — Godkjenning av innkalling og saksliste til styremøte 8/2023
  • 52/23-B — Forretningsorden for styret ved Høgskulen på Vestlandet 2023—2027
  • 53/23-B — Forlenget sensurfrist — nasjonal deleksamen i matematikk
  • 54/23-S — Budsjett for 2024
  • 55/23-S — Det samla eigenfinansierte studietilbodet med opptaksrammer ved HVL for studieåret 2024—25
  • 56/23-S — Rapport om studentopptaket og rekrutteringsarbeidet 2023
  • 57/23-B — Internrevisjonen: Etablering av felles revisjonsutvalg

    Orienteringssaker

  • O-48/23 — Universitetsprosjektet: Status og veien videre, november 2023
  • O-49/23 — Halvårlig statusrapport om personvern

    Referatsaker

  • O-50/23 — Skriftlege orienteringar til styret: Nytt frå Høgskulen på Vestlandet — styremøte 8/2023
  • O-51/23 — Munnlege orienteringar frå rektor — styremøte 8/2023
  • O-52/23 — Referatsaker — styremøte 8/2023
  • O-53/23 — Campusrelevant tema: Omvising på campus Haugesund
Powered by Labrador CMS