Avtroppande administrerande direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén, blir styreleiar for den nye Høgskulen på Vestlandet. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Avtroppande administrerande direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén, blir styreleiar for den nye Høgskulen på Vestlandet. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Hallén styreleiar på Vestlandet

Arvid Hallén blir styreleiar for den nye Høgskulen på Vestlandet. Han får med seg Kari Kjenndalen, Aina Berg, Trond Ueland og Gunnar Birkeland som eksterne medlemmar.

Publisert   Sist oppdatert

— Eg synest det er veldig spennande. Eg har jobba med denne sektoren frå ulike posisjonar i mange år, og har store forventingar til utviklinga til norske høgskular og universitet, seier Arvid Hallén til Khrono.

Les også: Desse vil sitte i styret på nye høgskulen i vest

Hallén går inn som styreleiar i den nye Høgskulen på Vestlandet så fort han er ferdig som administrerande direktør i Forskingsrådet i mars neste år. Han meiner det blir spennande å sjå kva for styrker som kjem ut av dei nye konstellasjonane.

Les også: Fusjonsmotstandar Fretland berga ja til fusjon på Vestlandet

— Eg har sett at universitetets- og høgskulesektoren har eit stort potensial, og at dei nye høgskulane som er resultat av samanslåingar vil kunne bli enda sterkare som FOU-utdanningar. Det er spennande å få vere direkte med på dette ved ein institusjon, seier han.

Eg ser høgskular og universiteter som ekstremt viktige samfunns-
institusjonar.
Det å vere med på å gjere desse så gode som mulig er ei
viktig oppgåve.

Arvid Hallén
Påtroppande styreleiar, Høgskulen på Vestlandet

Styra ved dei ulike høgskulane har gjort ein god jobb med å førebu samanslåinga, og interimsstyret får no det viktige ansvaret for å ta dette vidare.

Torbjørn Røe Isaksen
Kunnskapsminister

Arvid Hallén får med seg Kari Kjenndalen, Aina Berg, Trond Ueland og Gunnar Birkeland som eksterne medlemmar. Varamedlemmar blir Hege Økland og Arne Bengt Riple. Kari Kjenndalen har tidlegare hatt ulike leiaroppdrag ved Høgskolen i Oslo og Akershus og ho var styreleiar ved Høgskolen i Sør-Trøndelag under fusjonen med NTNU. Trond Ueland er noeverande styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. 

Ei viktig oppgåve

Hallén sit allerede som styremedlem ved eit universitet, Copenhagen Business School i Danmark. Han finn det interessant å trekke opp retningar og strategiar for ein institusjon.

— Eg ser høgskular og universitet som ekstremt viktige samfunnsinstitusjonar, seier han og legg til at det er sjølvsagt med den bakgrunnen han har. Og han fortset:

— Det å vere med på å gjere desse så gode som mogleg er ei viktig oppgåve.

Ikkje heilt klar enno

— Korleis vil du bidra til å løfte den nye Høgskulen på Vestlandet fram mot ei universitetsakkreditering?

— Eg vil ikkje gå inn i styrevervet før eg har sett meg heilt inn i det, svarar han.

Hallén seier han har sett utover universitets- og høgskulelandskapet meir generelt, og at han er nøye på å ha solid grunn under beina før han går konkret inn i noko.

— Eg vil ha på plass grunnlaget før eg danner retningar og strategiar. Eg har respekt for å kunne litt om bakgrunn og status før ein kastar seg inn i noko, avsluttar han.

Felles interimstyre allereie no

Dei tre styra til Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Bergen gjekk i juni inn for å slå seg saman til Høgskulen på Vestlandet. Det skjer ved årsskiftet, men dei tre skulane får allereie no eit felles interimsstyre.

Interimsstyret blir styret for Høgskulen på Vestlandet i perioden frå 1. januar 2017 til 31. juli 2019.

I tillegg til medlemmane departementet har valt, skal styret og interimsstyret ha medlemmar som er valde av dei tre høgskulane.

— Styra ved dei ulike høgskulane har gjort ein god jobb med å førebu samanslåinga, og interimsstyret får no det viktige ansvaret for å ta dette vidare. Eg er trygg på at dette vil gje Høgskulen på Vestlandet ein god start, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Valstart onsdag

Onsdag 24. august er valet i gang ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, mens det på Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund er valstart 25. august.

Fem styrerepresentantar og to observatørar skal representere dei tilsette ved dei tre institusjonane i styret, i tillegg til tre studentrepresentantar og fire eksterne styremedlemmar.

Allereie før semesteret er i full gang må interimstyret til Høgskulen på Vestlandet veljast. Men den første medlemmen er allereie vald, melde På Høyden i juli.

Ingrid Moe Albrigtsen (bilete over) er valt inn som studentrepresentant frå studentane i Sogn og Fjordane.

Dyktige styremedlemmar

— Høgskulen på Vestlandet har fått dyktige styremedlemmar som skal jobbe med den historiske samanslåinga. Den nye institusjonen vil gjere regionen betre i stand til å møte omstillinga som Vestlandet er midt oppi, seier Røe Isaksen.

Interimsstyret blir styret for Høgskulen på Vestlandet når han ser dagslys frå årsskiftet.

Kari Kjenndalen vil vere styreleiar for høgskulestyret fram til Arvid Hallén går av som administrerande direktør i Forskingsrådet i mars neste år.