Oddbjørn Bukve (t.v) er initiativtakar til ei fråsegn til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som skal diskutera storfusjon på Vestlandet i dag. Gunnar Yttri er ein av fleire underskrivarar.

Sogneopprør mot storfusjon i vest

Eit opprop signert av alle professorane og instituttleiarane ved samfunnsvitskap, naturfag, økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er uroa for disiplinfaga i ein fusjon.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Disiplinfaga er ein verdi og ein styrke for høgskulen. Det ville vore ille dersom denne høgskulen endar opp med ei organisering som splittar opp disiplinfaga.

Det seier Oddbjørn Bukve, professor i organisasjon og leiing ved Avdeling for samfunnsfag på Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) til På Høyden.

Fråsegn om framtida til disiplinfaga 

Oddbjørn Bukve er initiativtakar til ei fråsegn til styret, der underskrivarane oppmodar styret om å ta omsyn til disiplinfaga og dei tverrfaglege utdanningane rundt desse når den framtidige organisasjonsforma til høgskulen skal diskuterast.

«Vi fryktar sterkt at både fagprofilen og den strategiske merksemda rundt desse fagmiljøa vil bli svekka dersom dei blir dregne inn i ein organisasjonsmodell som er bygd opp rundt dei tre nemnde profesjonsmiljøa» står det i fråsegna.

Dokumentet er signert av alle professorane, og instituttleiarane ved institutta for samfunnsvitskap, naturfag, økonomi og administrasjon.

Det er ved desse institutta ved HiSF at motstanden mot fusjon er størst. Dei tilsette  her arbeider innanfor disiplinfaga, der den akademiske arva frå distriktshøgskulane er mest framtredande.

På Vestlandet er Høgskulen i Sogn og Fjordane saman med høgskulen i Volda aleine om å ha ei fortid som eit mini-universitet i ein liten bygde-by. Dei er også aleine om å tilby reine universitetsfag som juss, historie og geologi.

Sterke fagmiljø og regional utvikling

Med fråsegna vil Oddbjørn Bukve og kollegaene gje beskjed om at også dei vil ha ein plass i den nye organisasjonen. Tredelinga mellom lærarutdanning, sjukepleiarutdaning og ingeniørutdanning tek ikkje tilstrekkeleg omsyn til disiplinfaga sin eigenart.

— Dei to andre institusjonane som vi no skal diskutere fusjon med har alltid vore reine profesjonshøgskular. Dette har gitt institusjonane ulik karakter, seier Oddbjørn Bukve.

Han viser til at også disiplinfaga har vore viktige for den regionale utviklinga i Sogn og Fjordane og på Vestlandet forøvrig.

— Vi har sterke faglege miljø som arbeider med fornybar energi og klimaendringar. Vi utdannar vegetasjonsøkologar, geologar, økonomar, folk med master i organisasjon og leiing. Samla er dette sterke kompetansemiljø. Noko av styrken vår er at vi kan jobbe på tvers av profesjonane i tverrfaglege utdanningar og forskingsprosjekt, seier Bukve.

I fråsegna står det at «Ei avdeling for samfunnsfag, økonomi og miljø vil derfor vere innretta mot nokre av dei mest sentrale utfordringane samfunnet vårt står overfor i dag. Det vil vere ei framtidsretta organisering av den nye Vestlandshøgskulen, og ein slik sjanse må vi ikkje skusle bort».

— Det er viktig for oss at den nye høgskulen blir noko meir enn ein profesjonshøgskule. Og det vil vi ha inn i plattforma, seier Oddbjørn Bukve (til høgre på bilete under, saman  med Gunnar Yttri).

— Plattforma er for lite konkret

— Eg vil råde styret til å vere kritiske og konstruktive og få på bordet nokre punkt om korleis ein fusjon skal gje vekst i høgare utdanning og forsking på heile Vestlandet, seier Gunnar Yttri, historikar, tidlegare dekan, no stipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Han er ein av dei som har signert fråsegna.

I juni skal styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane seie endeleg ja eller nei til fusjon med Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Bergen. Blir det eit ja, vil Høgskulen i Sogn og Fjordane bli historie, og gå opp i den høgare einiga frå og med 1. januar 2017. Det sitjande styret vil tre til side, og eit interimstyre vil ta over den vidare utviklinga og styringa av Vestlandshøgskulen.

Gunnar Yttri meiner det er uheldig at ein ikkje finn svar på sentrale, faglege spørsmål før ein tek det store vegvalet.

– Er dette ei ansvarsfråskriving frå forhandlingsutvalet si side?

– Det må det gode styret vårt vurdere. Slik eg ser det bør styret få nokre fleire element på plass før dei kan ta ei avgjerd. Det må då vere meir å forhandle om. Slik det står no, minner dette meir om verksemdsoverdraging enn fusjon mellom likeverdige partnarar, seier Yttri.

— Vi treng også påfyll

— Kritiske tunger meiner Høgskulen i Sogn og Fjordane framstår som eit sjølvtilstrekkeleg ekkokammer der få nye idear slepp inn. Vil ikkje ein fusjon i så måte verke forfriskande?

— Jau. Det forlokkande med fusjon er at ein kan jobbe tettare med dyktige fagfolk ved andre institusjonar. Vi treng også påfyll. Eg helsar samarbeid, endringar og skifte velkommen, anten vi blir ståande aleine eller fusjonerer, svarar Yttri.

— Har det vore ein hestehandel her, kor ein bytta bort fagleg og strategisk makt mot å få nynorsk som hovudmål?

— Nynorsken er viktig for meg personleg, og eg er glad for at ein så stor statleg institusjon får nynorsk som hovudmål. Eit av denne høgskulen sine særkjenne er at vi har eit sterkt naturvitskapleg miljø. Det er ikkje nemnd. Når ein går inn i ein fusjon, meiner eg ambisjonane må vere større enn slik dei står formulerte i dag, seier Yttri.

— Kva vil gå tapt dersom det blir fusjon?

— Eg er meir uroleg for kva som ikkje er vunne. Plattforma er for laus i dei faglege ambisjonane. Samtidig er plattforma veldig konkret når det kjem til overføring av makt ut frå fylket, seier Yttri.

Les også: Kritikk mot toppstyrt fusjon i vest

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS