Rektor Johann Roppen i Volda (t.v.) og Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen. Foto: Johann Roppen
Rektor Johann Roppen i Volda (t.v.) og Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen. Foto: Johann Roppen

Volda brukte f-ordet mot Olsen og Bergen

Kan Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen fusjonera? Eller kan hende Volda og Høgskolen i Oslo og Akershus er ein plan?

Publisert   Sist oppdatert

— UiB kan ikkje venda seg til oss og bruka f-ordet. Men me kan gjera det dersom me vil. Dersom situasjonen i dag var val mellom ein høgskuleregion og UiB ville det siste vera best for oss, rett og slett ut i frå konkurransesituasjonen. Det er betre å vera eit stykke unna UiB enn å ligga heilt oppi dei.

Det sa styremedlem og professor Tor-Johan Ekeland i styremøtet torsdag.

Og f-ordet? For ordens skuld: Det står for «fusjon».

HiOA pluss Volda?

Eit godt argument for eventuell fusjon mellom Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskulen i Volda ville vere flyavgangane frå Volda. Det går seks fly om dagen til Oslo, to til Bergen og ingen til Trondheim.

Johann Roppen
Rektor, Høgskulen i Volda

Avisa Møre i helga skreiv om medieprofessor Arne Krumsvik (bildet under) sitt framlegg i kommentarfeltet i Khrono der han kjem med forslag om at rektor Rice ved HiOA og rektor Roppen ved Høgskulen i Volda bør finne fram til kvarandre: 

«Rice og Roppen bør finne kvarandre. HVO er gode på media og lærarutdanning. Det er også HiOA. Kan NTNU ha ein satellitt på Gjøvik, kan det nye Aker universitetet ha ein i Volda. No som universitetssøknaden vert postlagt, er det på tide å arbeide med imperiebygginga!».

(Foto: Skjalg Bøhmer Vold) 

I helga utdjupar han forslaget sitt til avisa Møre: 

— Det er to tilnærmingar til ein fusjon; anten gjer ein det med ein institusjon som er god på noko anna, eller så gjer ein det for å forsterke det ein sjølv er god på. Både HVO og HiOA er sterke på media-, lærar-, sosionomutdanning, i tillegg til offentleg administrasjon. Det er ei lang liste over felt begge høgskulane er gode på. Om ein samanliknar alle høgskulane i Noreg, så trur eg det er desse to som har likast profil, seier Krumsvik. Høgskolen i Oslo og Akershus har gjennomført fusjonar og teke over fleire forskingsinstitutt det siste året, men ikkje tenkt fusjonar med andre høgskoler. 

— Medan resten av høgskulenoreg har arbeidd med strukturen, har HiOA gløymt å drive imperiebygging. NTNU har til dømes skaffa seg «satellittar», noko HiOA også kunne hatt, sier Krumsvik til Møre. Han trur ein slik fusjon ville styrka begge høgskulane.

— Å stå åleine etter endringane som vert gjort no, trur eg vert tungt. Framlegget mitt er såleis noko som burde vore sett nærare på. Geografi er det minst relevante i ein slik samanheng, for geografi har ingenting med kompetanse å gjere, seier han. 

Rektor ved HiOA, Curt Rice ønskjer ikkje å kommentere framlegget, og Roppen i Volda tar det også med eit litt humoristisk snitt: 

— Eit godt argument for eventuell fusjon mellom Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskulen i Volda ville vere flyavgangane frå Volda. Det går seks fly om dagen til Oslo, to til Bergen og ingen til Trondheim, det kunne jo også vore eit argument for flyentusiasten og voldingen Krumsvik, seier Roppen. 

Fusjon eller fagleg samarbeid

Thor-Johan Ekeland i Voldastyret fekk ikkje støtte. Fleire av dei andre styremedlemmene, mellom anna UiB-professor Endre Brunstad, understreka at fagleg samarbeid med UiB er eit gode, og at det er noko UiB òg er interesserte i. Dei mykje omtala språksamlingane er eitt av samarbeidsområda. Men fusjon med UiB var det ingen andre enn Ekeland som ville ha no. I vedtaket heiter det at ein viser til tidlegare vedtak om samarbeid med UiB, og ein føreset at desse samtalane held fram. Utvikling av forholdet til UiB vert sett på som strategisk svært viktig.

— Å bruka f-ordet i tydinga «fusjon» er feil tidspunkt no. Men f-ordet som «fagleg samarbeid» har vorte svært godt motteke ved UiB, seier Volda-rektor Johann Roppen.

Og rektor Roppen gjentek dette i den siste bloggen sin

Samarbeidet er førebels på tre område: Mediefag, språksamlingane og lektor/lærarutdanning.

— Kan Volda fusjonera med UiB på sikt?

— Eg synest det faglege samarbeidet me har no er ein fornuftig samarbeidsstrategi. Men eg ser ikkje vekk frå at Høgskulen i Volda ein gong i framtida kan verta ein del av UiB, seier Roppen.

— Prematurt

— Me har gitt Høgskulen i Volda eit tilbod om eit nært og tett fagleg samarbeid. Men ein fusjon har ikkje vore drøfta i styret, så det er litt prematurt for oss, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

— Kvifor har de teke kontakt akkurat med Volda?

— Ein av grunnane er at dei andre høgskulane på Vestlandet har vore meir interesserte i å verta ein høgskule. Volda har òg ein litt annan profil enn dei andre, til dømes har jo dei mediefag, seier Olsen.

Eit av dei store spørsmåla i sektoren for tida er kva krav som kjem til den nye lærarutdanninga. Høgskulen i Volda står ikkje på lista over høgskular som er sjølvakkrediterande. Olsen seier at for UiB kan det vera ei løysing å hjelpa høgskulen i Volda med det dei manglar – dersom departementet tillet det.

— Me ønskjer ei god lærarutdanning på Vestlandet og er innstilt på å hjelpa både Høgskulen i Volda og dei andre høgskulane, seier Olsen.