Tre ja til forhandlingar om storfusjon på Vestlandet

Høgskulen i Sogn og Fjordane bør gå inn i fusjonsforhandlingar. Det er forslaget høgskulestyret skal ta stilling til neste veke. Styra ved Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen får liknande innstillingar på bordet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Fusjonskameratar i vest: Rasmus Stokke, Liv Reidun Grimstvedt og Ole-Gunnar Søgnen. Foto: På Høyden)

– Det er ikkje tvil om at det har vore eit stort press på oss, seier rektor Rasmus Stokke (t.v. biletet) ved Høgskulen i Sogn og Fjordane til På Høyden. 

«Høgskulen må utvikla tettare relasjonar til andre UH- institusjonar i framtida og utvikla meir kraftfulle faglege einingar enn i dag».

Det heiter det i konklusjonen i saka om strukturval, som styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal handsama neste veke. Forslaget til konlusjon er at  HiSF bør gå inn i fusjonsforhandligar med Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen Stord/Haugesund (HSH). Men samstundes bør ein òg halda fram dialogen med Høgskulen i Volda og vera opne for å gå inn i ein høgskuleallianse. Relasjonen til UiB bør òg styrkast.

Stenger ikkje døra nordover

– Fusjon eller allianse, de held det ope?


– Vi går inn for å gå inn i forhandlingar om fusjon. Vi veit ikkje korleis dei vil ende, men dersom styret seier ja til forhandlingar, går vi optimistisk inn i desse. Vi vil ikkje stenge døra nordover, og held det opent for eit vidare samarbeid med Volda. Samtidig ønskjer vi å utvikle samarbeidet med UiB vidare, seier Rasmus Stokke, rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I saksframstillinga vert det gitt eit samandrag av kva som har skjedd i fusjonssaka tilbake til våren 2014. Det vert peika på at det førre styret valte sjølvstendelinja, og at det framleis er argument for å vera ein eigen institusjon. Men samstundes er det mange ting som er i gang, mellom anna nye krav til lærarutdanninga frå hausten 2017, som gjer at mykje er uavklart.

Det er ikkje tvil om at det har vore eit stort press på oss.

Rasmus Stokke

– Med det me no kan venta av krav til masterutdanning og spesielt ny grunnskulelærarutdanning, er det realistisk at HiSF som sjølvstendig høgskule må løysa ein del oppgåver i samabeid med andre institusjonar, heiter det i saksframstillinga.

– Krava til lærarutdanning blir heldt fram som eit tungt argument for at HISF må fusjonere med andre. Kunnskapsdepartementet har lagt premissa, og dei trekk konklusjonen.  De har ikkje mykje val?

– Vi vil gjerne ha moglegheiter for å skape store og breie fagmiljø og å utvikle campusane i Sogndal og i Førde. Vi vil gjerne kome i posisjon til å utvikle mastergradutdanningar og doktorgradsutdanningar. Dette vil vere springande punkt i forhandlingane. Men det er ikkje tvil om at det har vore eit stort press på oss.

– Risiko for svekka rekruttering

Rektor peikar på fleire aspekt som kan svekka HiSF som institusjon dersom dei vert ein del av ein stor vestlandshøgskule. For det første: Kva vil skje med studentrekrutteringa? Vil studiestadane i distrikta verta svekka i marknadsføringa dersom ein er ein del av ein storhøgskule? Eller vil ein storhøgskule auka den samla rekrutteringa? Vil utdanningar på campusar med rekrutteringsvanskar verta skjerma?

– I styrepapira står det at «Rektor vurderer  svekka studentrekruttering som ein stor risiko ved å gå inn i ein fusjonert institusjon». Dette er alvorleg?

– Viser forhandlinga at vi kan få eit svekka grunnlag for rekruttering, er det eit alvorleg scenario, ja. Om dette vil skje eller ikkje, heng saman mellom anna med kva sjølvstyre campusane vil få i framtida, korleis einingane vil verte oppbygd og korleis dei skal marknadsførast, seier rektor Rasmus Stokke.

Alltid samarbeid med naboar

Tilhøvet til dei andre sektorane i fylket vert òg peika på som viktig. HiSF vert oppfatta som kanskje den viktigaste institusjonen for fylket si framtidsutvikling, og denne rolla kan verta svekka ved av avgjerdslemynde vert lagt utanfor fylket og vegen til avgjerdsler vert lenger.

– Dersom forhandlingane om fusjon med HiB og Stord/Haugesund kjem i mål, betyr dette kroken på døra for samarbeid med Volda?

– Det gjer det ikkje. Vi vil alltid søkje samhandling og tungt fagleg samarbeid med naboane våre, seier Rasmus Stokke.

HiB og HSH er med

I sør er direktør Tage Båtsvik i ferd med å sende ut papira til styret sitt. 

– Eg innstiller på at vi går i fusjonsforhandlingar. Ikkje noko i prosessen har endra vårt syn på det, seier Båtsvik. 

Styret ved Høgskolen Stord/Haugesund har allereie styrevedtak om at dei er innstilte på fusjon, og innstillinga er difor inga overrasking. 

– Vi ser på fusjon som ei framtidig god løysing. Nifu-rapporten om fusjon er balansert, og viser både fordelar og ulemper. Men vi tenkjer å byggje ein høgskule for framtida, og då er ei samling i ein stor profesjonshøgskule på Vestlandet ei god løysing, sier Båtsvik. 

(Ole-Gunnar Søgnen, Høgskolen i Bergen og Liv Reidun Grimstvedt, Høgskolen Stord Haugesund. Foto: Skjalg Bøhmer Vold) 

Eit skritt nærare

I Bergen har styret og leiinga ved Høgskolen i Bergen òg vore positive til samanslåing, og det har lenge vore klart at innstillinga til styret vil vere positiv til å gå i konkrete fusjonsforhandlingar med HSH og HiSF. Men styrepapira til HiB blir ikkje klare før fredag 29. januar. 

– Det er ganske sannsynleg at vi kjem til å tilrå fusjon, seier HiB-rektor Ole-Gunnar Søgnen. 

– Frå HiB si side har det vore knytt ei viss spenning til kva leiinga ved HiSF ville tilrå, ettersom det har vore intern motstand mot fusjon. Men eg er veldig glad for at dei no går inn for forhandlingar, seier Søgnen. 

Han trur ein storfusjon på Vestlandet no er eit skritt nærare. 

– No har vi eit endå tydelegare mål om å bli einige om fusjon. Og i forhandlingane vil vi ha endå meir fokus på kva som kan bli gevinsten av eit samarbeid, trur Søgnen. 

3. februar blir det felles styreseminar i Bergen for dei tre institusjonane, og dagen etterpå skal endeleg avgjerd om fusjonsforhandlingar takast i tre separate styremøte. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS