Høgskulen i Volda tilbake til start

Høgskulen i Volda har no eigentleg rykka tilbake til start, skriv rektor Johann Roppen. Han ser fem mulege alternativ i strukturprosessen framover. Det eine er å bli instruert av departementet.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Alle tilsette ved Høgskulen i Volda er inviterte til allmøte onsdag 10.februar.

Det er ikkje så ofte vi har allmøte på Høgskulen i Volda, men også førre gongen var det struktursaka som stod på programmet. Det var tilbake i august 2014.

Les omtale av allmøtet i 2014 her. 

Den gongen var det to alternativ som verka mest aktuelle for å møte Kunnskapsdepartementets forventningar om å byggje større institusjonar i høgskule- og universitetssektoren:

  • Ein høgskule for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
  • Eventuelt ein høgskule for Vestlandet.

Eg trur samanslåing med tvang sit langt inne.

Johann Roppen

Kva vart resultatet av dei mange interne drøftingane? I møte i oktober 2014 (sak 70/2014) vedtok høgskulestyret i Volda følgjande:

«Styret har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ynskjer at HVO held fram som sjølvstendig institusjon. Dersom styresmaktene meiner (jf. oppdragsbrevet av 26.05.2014) at vi må inn i ei større eining, ser styret det som mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.»

Kunnskapsdepartementet har eigentleg ikkje svara på dette vedtaket, men det har skjedd ting på andre frontar. Høgskolen i Ålesund vedtok vinteren 2014-2015 å gå til NTNU, og Høgskolen i Ålesund vart overteken av NTNU med verknad frå 1. januar 2016. Høgskulen i Møre og Romsdal var no ikkje lenger aktuell, og styret ved Høgskulen i Volda gjorde difor i januar 2015 (sak 4/2015) eit nytt vedtak som blant anna starta allianseprosessen:

«I tråd med vedtaket frå oktober [2014] vil vi gjerne samarbeide med fagmiljøa i Sogn og Fjordane om dei framtidige lærarutdanningane mellom Bergen og Trondheim. Vi understrekar at vi er særleg opptekne av å halde oppe ei kvalitativ god lærarutdanning i tilknyting til sterke nynorskmiljø.
I samband med utviklinga i struktursaka siste vekene er styret viljug til å sjå også på Høgskolen i Lillehammer som ein nær samarbeidspart framover. Det er ein skule som har mykje sams med HVO i fagportefølje og distriktsprofil.
Leiinga ved HVO diskuterer gjerne konkrete løysingar vidare både med KD og med aktuelle samarbeidspartar. «

Kunnskapsdepartementet og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har som kjent sagt nei til allianseplanane:

Samlet sett mener departementet at alliansen slik den er foreslått, ikke i tilstrekkelig grad vil bedre høyskolenes forutsetninger for å foreta prioriteringer. Slike prioriteringer er nødvendig for å heve kvaliteten på utdanning og forsking, utvikle fagmiljøene til å spille en enda viktigere rolle for regionene der de er lokalisert, eller for øvrig møte utfordringer og muligheter som følge av nasjonal og internasjonal utvikling.

Dei tre alliansepartnerane trur ikkje slik at det er særleg lovande å grave i formuleringar som «slik den er foreslått» eller «i tilstrekkelig grad». Isaksen hadde ved fleire høve alt sagt kva han meinte om alliansen – i god tid før han fekk tilsendt allianseplanen i januar 2016.

Mykje kunne vore sagt om at kunnskapsministren for alliansens del fokuserer på at det trengst å prioritere – men når den same ministeren har opna eller kommentert dei nyfusjonerte høgskulane og universiteta så har pipa hatt ein annan, langt meir positiv lyd, og det vert gong på gong sagt at strukturprosessen ikkje skal vere ein spareprosess. Skal tru kva han eigentleg meiner?

Høgskulen i Volda har no eigentleg rykka tilbake til start, og eg ser nokre få tilgjengelege alternativ:

  • Plan A: Fortsatt sjølvstende.
  • Plan B1: Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
  • Plan B2: Å bli ein del av profesjonshøgskulen for Vestlandet.
  • Plan B3: Å fusjonere med Universitetet i Bergen.
  • Plan C: Kunnskapsdepartementet instruerer oss.

Plan A, fortsatt sjølvstende er og har vore rektoratets standpunkt, og alternativet som best sikrar at vi kan konsentrere oss om å bruke tid på det daglege arbeidet for å bli stadig betre.

Plan B1 og B2 heng nokså tett i lag med kvarandre.

Dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har 3. og 4. februar hatt både felles og eigne styremøte for å diskutere om dei skal starte fusjonsforhandlingar. Dette er kjende aktørar frå vårtsamarbeid i UH Nett Vest, og lærarutdanning finn vi på alle dei tre institusjonane.

Slik nettavisene PåHøyden og Khrono formulerer det har både Stord / Haugesund og Bergen sagt ja til å starte fusjonsforhandlingar, medan Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje er heilt klare på det – blant anna ved at dei tydeleg held ei dør open mot Volda.

Her er styrevedtaket til Høgskulen i Sogn og Fjordane, 4. februar 2016:

  1. Styret ber rektor setja i verk sonderingar med Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskolen i Bergen (HiB) for å greia ut grunnlaget for å starte fusjonsforhandlingar med dei to institusjonane.
  2. Styret ber og rektor om å invitera Høgskulen i Volda til eigne sonderingar.
  3. Styret konstaterer at Universitetet i Bergen (UiB) no ikkje ønskjer ein fusjon med høgskulane, men at rektor på UiB inviterer til tungt fagleg samarbeid med ulike slag organisatoriske former. Styret ber om at sentrale disiplinfagmiljø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) synleggjer sine ønske om form og innhald på slikt samarbeid ut over det ein kan oppnå i ein eventuell fusjon mellom dei aktuelle høgskulane.
  4. Styret ser det som viktig for den vidare prosessen at vi får nærare avklara:
    – om førstelektor- og dosentstigen framleis skal vera likestilt med førsteamanuensis og professor i samband med masterutdanningane. Styret syner til eiga høyringsfråsegn om dette.
    – situasjonen for disiplinfaga ved HiSF og forholdet til Høgskulen i Volda.
  5. Styret ber rektor leggja fram ein framdriftsplan for den samla struktursaka på neste styremøte.

Det er naturleg nok særleg punkt 1 og 2 i vedtaket til Sogn og Fjordane som er interessant for Høgskulen i Volda: Høgskulen i Sogn og Fjordane vil sondere både i retning av fusjonspartnarane – og i retning av Volda. Men i punkt 1 er det sonderingar av fusjonsforhandlingar, medan i punkt 2 er det meir ope

Høgskolen i Bergen (HiB) har gjort følgjande samrøystes vedtak i struktursaka:

Følgende vedtak ble gjort i sak 024/2016: Fusjonsutredning – Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen Sogn og Fjordane:

  1. HiB arbeider videre mot en fusjon med en eller flere institusjoner på Vestlandet, og går inn i arbeidet med å utvikle en felles fusjonsplattform for en ny profesjonshøgskole på Vestlandet.
  2. For HiB vil universitetsambisjonen stå fast. Dette vil innebære at en sammenslått institusjon utvikler seg mot et landsdelsuniversitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
  3. HiB vil parallelt med en fusjonsprosess utvikle det faglige og administrative samarbeidet med UiB.

Høgskolen Stord / Haugesund har gjort følgjande samrøystes vedtak i struktursaka:

  1. HSH har som mål å inngå en fusjon med HiB og HiSF.
  2. HSH går inn i arbeidet med å utvikle en felles visjon og ambisjon som gir grunnlaget for en fusjonsplattform for en profesjonshøgskole på Vestlandet.
  3. HSH forutsetter at følgende intensjoner for utviklingen av den nye institusjonen ligger til grunn i den videre fusjonsprosessen:
  4. Å bli en del av en fremtidig sterk UH-sektor på Vestlandet der de viktigste samarbeidspartnerne blir UiB, UiS og HiVolda
  5. Å bygge sterkere og mer solide fagmiljøer for hele utdanningsløpet og forskning i en ny flerkampusinstitusjon som kan bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
  6. Å bli en konkurransedyktig institusjon i både nasjonal og internasjonal sammenheng – attraktiv for studenter og fagpersoner, ressurstilgang og posisjoner.
  7. Å sikre og videreutvikle dagens studiesteder slik at regionrollen ivaretas bedre enn i dag
  8. Å kunne svare bedre på de omstillingsbehovene som vil komme.
(Høgskolen Stord Haugesunds styrevedtak i struktursaka, 4. februar 2016. Foto: www.hsh.no)

 

Kva så med Universitetet i Bergen? Vi har hatt mange gode samtalar og etterkvart fått fram konkrete samarbeidstiltak som vonleg kan gi gode resultat på mediefaga, norsk språk, lærarutdanning, etter- og vidareutdanning og på andre område. Meir konkret er det i ferd med å bli sett ned arbeidsgrupper mellom dei to institusjonane. Fusjon med UiB har ikkje vore aktuelt no – samarbeidet skal vekse fram på fagleg nivå. Men eg ser ikkje vekk frå at vi ein gong i framtida kan bli ein del av Universitetet i Bergen, om vi ønskjer det sjølve.

Plan C: Departementet instruerer.

Universitets- og høgskulelova gjev høgskulestyra svært vide fullmakter, medan Kunnskapsdepartementet skal styre gjennom mål og rammer. Her er nokre aktuelle utdrag:

  • § 9-1.Ansvar for institusjonens virksomhet

–(1) Styret er det øverste organet ved institusjonen. Det har ansvar for at den faglige virksomheten holder høy kvalitet og for at institusjonene drives effektivt og i overensstemmelse med de lover, forskrifter og regler som gjelder, og de rammer og mål som gis av overordnet myndighet.

  • § 9-2.Styrets oppgaver

–(1) Styret skal trekke opp strategien for institusjonens utdannings- og forskningsvirksomhet og annen faglig virksomhet og legge planer for den faglige utvikling i samsvar med de mål som er gitt av overordnet myndighet for sektoren og institusjonen.

Eg kjenner ikkje til at at Kunnskapsdepartementet har gripe inn mot statlege høgskular i spørsmål som vi snakkar om her, og eg trur samanslåing med tvang sit langt inne.

Ein annan måte å gripe inn på enn å instruere kan vere gjennom kvalitetskrav for akkreditering, altså ved å stille så strenge krav at NOKUT kan måtte seie at høgskular eller utdanningar mister akkrediteringa. Store delar av høgskulesektoren – i alle fall dei som driv med lærarutdanning – ventar no på at det omsider skal kome forskrift for Grunnskulelærarutdanning på masternivå.

Kva så med tvang, plan C? Kan vi bli instruert? Regjeringa er svært oppteken av lærarutdanning, og har antyda at omsyn til lærarutdanning kan føre til at dei tek fram hardehanda. Men eg har vanskeleg for å sjå at det er grunnlag for å gjere det innan juni 2016. Kunnskapsministeren sa i spørjetimen på Stortinget at det ikkje ville bli tvang frå Kunnskapsdepartementets side, men at det kunne bli vanskelegare å nå fram i kampen om midlar i konkurranse med større institusjonar.

Så mi vurdering er framleis at dette er svært mykje opp til oss sjølve, og eg gler meg til allmøtet i neste veke!

Innlegget er også publisert på Rektors blogg ved Høgskulen i Volda. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS