3 x ja til fusjon i vest
Leiinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Bergen tilrår fusjon. Neste veke kan Høgskulen på Vestlandet bli ein realitet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Torsdag 9. juni skal det vere parallelle styremøter ved Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskolen i Bergen (HiB). Her skal styra ta stilling til fusjonsplattforma som forhandlingsutvalet har kome til semje om.
Sakspapira er klare. Her står det at leiinga ved alle dei tre høgskulane tilrår fusjon.
Seier også styra ja til fusjon, betyr dette at høgskulelandskapet på Vestlandet blir gjennomgåande endra: Dei tre einingane vil forsvinne 1. januar 2017, og bli erstatta av den langstrakte Høgskulen på Vestlandet.
Lang prosess
— Dette har vore ein lang prosess med strukturmelding, eksterne og interne utgreiingar, analysar og forhandlingar. Når eg no ber styret om å seie endeleg ja til ein fusjonsavtale, er det fordi eg er overtydd om at dette er til det beste for ei framtidig høgskuleutdanning, både i Sogn og Fjordane og på Vestlandet, seier rektor Rasmus Stokke i ei pressemelding.
Eg er overtydd om at dette er til det beste for ei framtidig høgskuleutdanning, både i Sogn og Fjordane og på Vestlandet.
Rasmus Stokke
Namn, avdelingsstruktur, lokalisering av leiing og styrerepresentasjon er nokre av emna som har skapt usemje og uvisse i forhandlingsutvalet.
I plattforma som styra skal stemme over torsdag, er følgjande løysingar presenterte:
- Den nye institusjonen vil få namnet Høgskulen på Vestlandet. Dette skjer etter særleg ønskjer frå Høgskolen i Bergen. Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane var Vestlandshøgskulen det prefererte alternativet.
- Den langsiktige ambisjonen er å bli universitet.
- Hovudmålforma skal vere nynorsk.
- Høgskulen på Vestlandet skal arbeide for balanse med omsyn til kjønn og geografi i rekruttering til leiar- og nestleiarstillingane.
- Disiplinfaga, altså dei tradisjonelle universitetsfaga, skal få ei særleg vurdering når den nye høgskulen skal organiserast. Om dei skal få ei eiga avdeling, eller innpassast i ein av dei andre avdelingane, er ikkje kjent.
- Ingen studiestader skal bli lagt ned. Ingen skal miste jobben eller gå ned i løn som følgje av fusjonsprosessen.
- Høgskulen på Vestlandet skal ha normalmodellen for leiing etter universitets- og høgskulelova. Det inneber tilsett rektor og ekstern styreleiar. Rektor skal ha arbeidsplass i Bergen.
- Dei største profesjonsutdaningane skal bli tilbydd i dei tre nærregionane. Det skal vere utdanning på masternivå på alle studiestadane.
- Normtal kan bli eit verkemiddel for å oppnå balanse mellom faglege og administrative årsverk.
- Intern rekruttering skal vere hovudregelen ved tilsetjing av leiarar i den første funksjonsperioden.
- Det vil bli søkt Kunnskapsdepartementet om SAKS-midlar for å gjennomføre og implementere fusjonen. I tillegg til ordinære SAKS-midlar vil det bli søkt Kunnskapsdepartementet om midlar til prosjekt som er særeigne for denne fusjonen.
Eitt felles interimstyre
Etter planen skal eit interimstyre ta over frå og med hausten 2016. Det vert etablert ein prosjektorganisasjon på tvers av dei tre institusjonane som vil stå for førebuing av saker til interimstyret.
Det er lagt opp til at det interimsstyret som vert valt og oppnemnt tidleg hausten 2016, går over til eit fast institusjonsstyre frå 1.1.2017.
Styret skal heile perioden ha 13 medlemmer.
Talet på studentrepresentantar har vore omstridd. I utkastet til fusjonsplattform var det lagt til grunn at studentane skulle ha to representantar i interimstyret.
Usemje om studentane
Ifølgje universitets- og høgskulelova skal studentane ha minst 20 prosent representasjon i alle styre og utval. KD kunne ha gitt dispensasjon for eit lågare tal i interimsperioden og fram til fusjonstidspunktet 1. januar 2017. Ettersom utgangspunktet er at interimstyret skal halde fram som styre også etter fusjonsdato 1. januar, er talet på studentrepresentantar auka frå to til tre.
Denne auka går på kostnad av representasjonen til dei teknisk-administrativt tilsette, som ikkje får to, men éin representant. Organisasjonane som organiserer teknisk-administrativt personale er kritiske til at den relative representasjon for denne gruppa i styret blir lågare.
To valde representantar frå Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane vil delta i styremøta fram til 31. juli 2019.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!