Israel

Fryktar hjerneflukt og akademisk boikott

Reformer i regi av Israels ytterleggåande koalisjonsregjering fører til sterke åtvaringar frå universitetsleiarar i landet.

Den israelske regjeringa med Benjamin Netanyahui spissen (til høgre) vedtok denne veka første trinn i ei omstridd reform av rettssystemet kritikarane fryktar vil true demokratiet i landet. Her saman med utdanningsminister Yoav Kisch.
Publisert Oppdatert

Tysdag denne veka vart ein førebels versjon av omstridde endringar i rettsystemet vedtekne i Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga.

Reformplanane til regjeringa har ført til frykt for at akademikarar skal forlate landet og at utanlandske kollegaer skal legge samarbeid på is.

Statsminister Benjamin Netanyahus skipa si sjette regjering på tampen av 2022 saman med fleire parti frå dei nasjonalistiske og ortodokse ytterfløyene.

I ei felleserklæring frå israelske universitetsrektorar, referert i den israelske avisa Haaretz, heiter det at regjeringas politikk kan føre til ein boikott av israelsk akademia, der «internasjonale kollegaer ikkje kjem til Israel». Erklæringa uttrykker også uro for at andre land vil reservere seg frå samarbeide med israelske akademikarar, og for «ekskludering av israelske forskarar frå internasjonale fora for forsking og utdanning».

Særleg er det endringane av rettssystemet, som mellom anna flyttar makt frå høgsterett og over til politisk nivå, som skaper bekymring.

Vil peike ut dommarar

Dei planlagde endringane kan gjere det mogleg for politikarane å overstyre rettssystemet, sjølv om dei politiske vedtaka skulle vere grunnlovsstridige. Medlemar av regjeringa har også tatt til orde for å endre lovverket med sikte på å ta kontroll over utpeikinga av dommarar.

Eit anna endringsforslag tar sikte på å endre lova slik at den korrupsjonstiltalte Netanyahu kan sikrast juridisk immunitet.

Det var i slutten av januar at rektorar frå fleire av Israels leiande forskingsuniversitet gjekk ut med erklæringa, der dei kravde at regjeringa må legge planane til side, fordi dei bryt med grunnleggande demokratiske og rettslege prinsipp.

Universitetsleiarane meiner mellom anna at reformforslaga bryt med grunnleggande «menneskeverd» og minoritetsvern, slått fast i grunnlova.

I fleire veker på rad er det blitt gjennomført store demonstrasjonar i Israel i protest mot dei planlagde rettsreformene.

— Kaotisk og udemokratisk

Times Higher Education har snakka med eit knippe leiande akademikarar i Israel, som alle ser med sterk uro på utviklinga.

— Dersom Israel blir eit ikkje-demokratisk land, vil vitskapeleg verksemd i Israel kollapse og bli borte i løpet av kort tid, seier Ehud Keinan til Times Higher Education (THE).

Keinan leiar den israelske kjemikarforeininga, og han har også internasjonale verv. Han meiner israelske akademikarar raskt kan hoppe på tilbod frå andre land, om Israel utviklar seg i den illiberale retninga han er redd for.

— Det skal berre ein telefon til, og eg reiser med familien min, seier han til THE.

Leiar for det israelske vitskapsakademiet (Academy of Sciences and Humanities), David Harel, fryktar også for konsekvensane av regjeringas politikk.

— Forskarar frå utlandet vil tenke seg om to gonger om dei skal samarbeide med israelske vitskapsfolk, med tanke på at situasjonen her vil bli kaotisk og udemokratisk, seier han til THE.

Ultranasjonalistisk

I koalisjonen har statsminister Netanyahus høgreparti Likud med seg fleire ultraortodokse og ultranasjonalistiske parti. Blant regjeringsmedlemane er no den svært omstridde Itamar Ben-Gvir, som blir omtala som ein ekstremist, med høgreekstreme sympatiar.

I regjeringa sit også Avi Maoz, leiar av det ytterleggåande Noam-partiet, som har fått ansvar for å reformere utdanningssystemet. Han er særleg blitt kritisert for si ultrakonservative haldning til kjønns- og likestillingsspørsmål og motstand mot LGBT-rørsla.

Eitt av regjeringsmedlemene har også foreslått, ifølgje THE, å slutte å godkjenne akademiske gradar frå palestinske universitet.

Powered by Labrador CMS