Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
NSO-val 2020
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Eg har alltid vore interessert i å jobba for like moglegheiter for andre, seier Trym Nikolas Rimmen.
Han leier studentparlamentet ved Høgskulen i Volda. No stiller han til val som internasjonalt ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO).
24 år gamle Rimmen er i ferd med å avslutta ein bachelorgrad i musikk ved Høgskulen i Volda.
— Eg syng, og latar som eg spelar piano, humrar han.
Han har tre punkt som er viktige for han når han stiller til val etter påske.
— Universell moglegheit for utveksling, mest mogleg berekraft i sektoren og korleis ein tek imot studentar som kjem utanfrå.
— Korleis kan ein ta betre imot dei som kjem hit?
— NSO jobbar for å fremja god integrering, men mykje av dette arbeidet må òg skje lokalt. Ein må til dømes tenkja på at ein ikkje plasserer internasjonale studentar i ei eiga studentbustadblokk. I botn og grunn er alle berre studentar, seier Rimmen.
Tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø meiner at fleire studentar bør reisa på utveksling og hadde som mål at det skulle bli obligatorisk i studieplanane. Rimmen meiner alle bør få moglegheita.
— Det er ønskeleg at mange reiser. Men i dag er det slik at det for mange ikkje er eit alternativ å reisa dersom dei har ei funksjonshemming.
Nylige artikler
Hun er studentenes nye leder
Planlegg tariffoppgjøret og meld fra hvor du går
Pasientene trenger oss — vi har ingen menn å miste
Hun forsket i eget felt
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Mest leste artikler
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Stipendiatens tidligere veileder krevde at avhandlingen skulle underkjennes
Store forskjeller mellom de mest og minst fornøyde studentene i sykepleie
Disse henter mest og minst fra Forskningsrådet
Konferansen avslørte KI-bruk med ny metode. Avviste 500 artikler