Nord universitet
Fortsatt hol i personvernet ved Nord universitet
Delar av retningslinjene for handtering av personopplysingar i forsking er aldri blitt oppdaterte etter at Nord universitet vart etablert i 2016.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Feil informasjon, utilgjengeleg informasjon og mangel på informasjon.
BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Nord universitet har fortsatt ein veg å gå for å få orden på det lovpålagde ansvaret for behandling av personopplysingar. Det kjem fram i årsrapporten frå personvernombodet ved institusjonen, som vart handsama av universitetsstyret denne veka.
— Vi har nokre hol, konstaterte personvernombod Toril Irene Kringen, då ho la fram rapporten.
Nord manglar styrande dokument, rutinar og retningslinjer for behandling av personopplysingar på fleire områder, både innan forsking, utdanning og administrasjon. Særleg innan forsking er personvernet mangelfullt.
«Dette medfører risiko for personvernet», ifølgje rapporten frå personvernombodet.
Strengare krav
I rapporten kjem det fram at fleire av dokumenta som skal gi informasjon om handteringa av personopplysningar aldri er blitt oppdaterte etter fusjonen mellom Universitetet i Nordland og fleire høgskular i 2016.
Nord tilsette eit eige personvernombod i 2018, same år som EUs nye personvernlov (GDPR) vart gjeldande i Noreg. Lova førte til strengare rammer for handsaming av personopplysningar på fleire område og krav om at alle institusjonar må ha eit eige personvernombod.
Spørsmål som kjem inn til personvernbombodet tyder på «at det er usikkerhet rundt hvilke rutiner som gjelder når det skal behandles personopplysninger i et forskningsprosjekt. Herunder har kontakten med forskere avdekket at enkelte ikke kjent med at også helseforskningsprosjekter skal meldes til NSD, eller at personvernombudet skal rådføres», heiter det frå Nord.
Også i fjor viste rapporteringa frå personvernombodet at det var store manglar ved personvernet og informasjonstryggleiken ved universitetet. Sidan den tid har Nord mellom anna hatt møter med Unit og NSD (Norsk senter for forskingsdata), som har peikt ut manglar universitet må utbetre.
— Ting er på gang
Innsatsen er forsterka ifølgje årets rapport. Det er også bestemt at ein ny stilling, ein personvernkoordinator, skal etablerast for å «bidra i det operative arbeidet med personvern». Det har vore eit mål å etablere eit «ledelesessystem for informasjonssikkerhet», men dette er ikkje ferdig.
Personvernombodet har tidlegare anbefalt å prioritere oppdatering og utarbeiding av retningslinjer og rutinar for personvern i forsking. Men dette er berre delvis blitt følgt opp, viser rapporten som no er lagt fram.
I juni 2020, sist gong personvern stod på dagsorden i universitetsstyret, konstaterte personvernombod Toril Kringen til Khrono at universitet var «på god veg» med å rette opp dei relativt omfattande manglane.
— Ting er på gang, konkluderte ho på universitetsstyremøtet denne veka.
Nylige artikler
Få saker til eksportkontroll, flere klager over lang saksbehandlingstid
Må bli bedre til å vurdere risiko og sikkerhet
Vi er historiene vi forteller om oss selv
Habermas: — Den viktigste filosofen ved siden av Foucault
Prosjektet hans får 40 millioner: — Jeg er veldig glad nå!
Mest leste artikler
Klart best kvalifisert, ifølgje fagekspertane. Vraka til fordel for intern kandidat
Professoren som hjelper akademikere ut av konfliktområder på fritiden
Store deler av artikkelen var plagiat: — Ikke veldig alvorlig
Sensor reagerte på «uvanlig utsmykket og sterkt polert» språk
Langt flere får A i Oslo enn i Bergen og Tromsø. — Sensureres snillere