Ein bisarr diett, ein russisk klinikk og høgt inntak av det kjemiske stoffet klonazepam. Kor blei det av klodens mest omtalte og omstridde professor, Jordan B. Peterson?

Forsvinnings-nummeret

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Likestillinga har gått for langt! Menn må ta maskuliniteten tilbake! Rett deg opp i ryggen! Ta ansvar for eige liv!

Klokka halv åtte, 9. november 2018 går han på scenen i Oslo konserthus. «Ikke gå glipp av denne muligheten til å oppleve Dr. Peterson», reklamerte konserthuset, som altså ikkje berre husar filharmonikarar og andre musikalske innslag. Jordan B. Peterson er klinisk psykolog, professor, nokon vil seie direkte umusikalsk. For andre er han sjølve dirigenten, ein rettleiar som kan setje unge, retningslause menn på rett spor.

Peterson doserer sin bodskap med referansar frå Mosebøkene, Carl Gustav Jung, Nietzsche, Dostojevskij, og evolusjonsbiologien. Hans eiga bok, «12 regler for livet. En motgift mot kaos», er blitt det nye testamentet og sel i millionopplag.

Han sparkar mot «postmodernistane», mot den «politisk korrekte» og «nymarxistiske» eliten på universitet og høgskular, mot dei undertrykkande og dogmatiske «feministane».

Han hadde «hjulpet 200 000 mennesker med å løse problemer (…), rette opp deres personlighetsfeil og radikalt forbedre deres fremtid», reklamerte konserthuset. På under ein time hadde 1380 billettar blitt selt ut. I november kom han tilbake - ekstraforestilling — etter ein hektisk turne jorda rundt.

Så blei han plutseleg søkk borte.

Fakta

Jordan B. Peterson

  • Jordan B. Peterson er professor i klinisk psykologi ved Universitetet i Toronto. Han har særleg forska på social- og personlegdomspsykologi. I 1999, medan han var tilsett på Harvard University, gav han ut boka Maps of Meaning (Routledge).
  • I 2016 protesterte Peterson mot ei ny menneskerettslov, fordi han meinte den gjorde det påbode å bruke visse pronomen i omtalen av transseksuelle kjønn, noko han gav uttrykk for at var totalitært og i strid med ytringsfridomen. Hendinga skapte stor mediamerksemd og gjorde Peterson til ein kontroversiell figur i heimlandet og internasjonalt.
  • Peterson har i mange år vore aktiv på sosiale media og brukt YouTube til å publisere fleire hundre foredrag.
  • I 2018 kom «12 regler for livet. En motgift mot kaos» på norsk. Boka selde i millionopplag og vart ein bestseljar i fleire land, deriblant Noreg. Ein bokturne til 130 land i Nord-Amerika, Europa og Australia følgde. Peterson besøkte Noreg to gonger hausten 2018.
  • Mellomnamnet hans, Bernt, er etter hans norske oldefar som utvandra til Amerika.
  • Kjelde: Wikipedia, University of Toronto

Einsam biff

Han blei intervjua av Fredrik Skavlan den hausten. I eit portrettintervju i VG Helg frå heimen hans i Toronto kalla han seg ein radikal, kreativt og kulturelt – men politisk konservativ.

— Livet er hardt, mykje hardare enn du trur, sa Peterson, eitt av refrenga hans.

— Dei siste åra har vore skremmande, alle moglege skuldingar er blitt retta mot meg. Kva er verre enn å bli kalla for Hitler?

Han hadde nokre helseproblem for tida, la Peterson til, som ei slags forklaring på det einsame, store biffstykket han løfta frå grillen over på tallerken.

Innimellom foredraga posta han forelesingar på YouTube-kanalen sin, oppdaterte Twitter og Facebook, noko han hadde halde på med lenge før han blei berømt. No følgde millionar av menneske med.

I fjor vår stilte han til det som vart marknadsført som «hundreårets debatt», med ei anna intellektuell superstjerne: Filosofen Slavoj Zizek. Zizek er, som Peterson, ein retorisk racer med appell på YouTube. Det skulle ligge an til ein spektakulær batalje mellom marxisten Zizek og anti-marxisten Peterson. Dei var ueinige om det meste.

Etterpå var det ikkje vanskeleg å finne Peterson-fans idiotforklare Zizek, og omvendt, Zizek-fans som idiotforklarte Peterson. I avisene meinte fleire meldarar at ingen av dei levde opp til hypen om hundreårets debatt.

Kveldens store overrasking var kor mykje ei to var samde om, meinte den kanadiske kritikaren Stephen Marche i den ofte Peterson-kritiske avisa The Guardian. Kritikken mot kapitalismen, berre på ulike måtar, kritikken mot den akademiske venstresida, berre på ulike måtar, kritikken mot identitetspolitikk, berre på ulike måtar. «Møtet mellom Peterson og Zizek var eit ultra-sjeldant tilfelle av ein debatt i 2019 som kanskje var for sivilisert», meinte kritikaren. Som «radikale pessimistar» stod dei samla om eit mørkt syn på framtida. «Vi vil truleg sigle inn i apokalypsen», sa Zizek, og Peterson var samd. «Det er ikkje opplagt at vi kan løyse problema som møter oss», sa han.

Deretter var det ikkje så mange som høyrde frå Peterson.

YouTube – ei ekstrasending

I februar dukka dottera hans opp på YouTube.

Peterson skulle ha vore døden nær.

Dottera, Mikhaila Peterson, kalla opp etter den siste statsleiaren i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov, er sjølv ikkje heilt ukjent. Som bloggar og influensar opererer ho som sjølvutnemnd ernæringsekspert med heller originale diettforslag. Dei har, påstår ho, kurert depresjon. På menyen står slangeolje, som skal ha blitt prøvd ut av faren. Og løvedietten, einsame kjøtstykke.

Talskvinne for faren og familien, Mikhaila Peterson, seier Jordan Peterson drog til Russland for å redde livet.

No var Mikhaela Peterson på farens kanal, som er oppe i 2,6 millionar abonnentar, i eit opptak som såg ut til å vere spelt inn på badet ein eller annan stad.

— Far er i betring. Han vil overleve, sa ho.

Jordan Peterson hadde, ifølgje dottera, overlevd feilbehandling på nord-amerikanske sjukehus. Redninga var ein avrusingsklinikk i Russland, fortalde ho.

For dei som følgde med, var medikamentbruken til Peterson på det tidspunktet ikkje aldeles nytt. Hausten 2019 var Mikhaila Peterson første gong talskvinne for faren: Etter at mor hennar, kona til Jordan Peterson, fekk ulækjeleg kreft i 2018, trappa legane opp farens medisin. Det vart for mykje å bere, ifølgje dottera.

Klonazepam, eit legemiddel i gruppa av benzodiazepinar, er eit kraftig stoff med mellom anna angstdempande effekt.

Ifølgje dottera hadde Peterson då gått på klonazepam sidan 2017, då han fekk resept etter ein alvorleg autoimmun reaksjon på – mat.

Klonazepam, i pilleform (i Noreg) kjent som Rivotril, er også eit ettertrakta rusmiddel.

Eit mislykka forsøk på nedtrapping på amerikanske sjukehus gjorde alt verre, ifølgje dottera. Intens uro, kritiske abstinensar. Peterson blei suicidal. I desperasjon og forsøk på å redde livet hamna Peterson til slutt på ein klinikk Moskva der han, ifølgje dottera, vart lagt i kunstig koma som følgje av ein framskriden lungebetennelse han pådrog seg på grunn av feilbehandling i USA.

Denne soga er mest omtalt i konservative organ og aviser, skriv det amerikanske tidsskriftet The New Republic, eit tradisjonelt sett liberalt og progressivt organ. Tidsskriftet omtalar nettopp soga, og går grundig til verks for å finne ut om dottera sin påstandar held vatn.

Er Peterson fysisk avhengig av klonazepam som følgje av medisinsk bruk? Eller er han – mannen som stod på scenen i konserthuset og bad folk ta seg saman – ein rusmisbrukar?

Pronomenstriden

Han voks opp i småbyen Fairview i Alberta, Canada, under røffe kår som har herda han, ifølgje eigne utsegner. Han tok utdanning i heimstaten, doktorgraden i klinisk psykologi i 1991. Deretter var han i fem år førsteamanuensis på Harvard-universitetet i USA, før han etter kvart fekk eit professorat på Universitetet i Toronto i heimlandet. Der er han fortsatt professor. Han har i tillegg praktisert som klinisk psykolog.

Fagleg markerte han seg med koplingar mellom religionspsykologi, politikk, litteratur og nyare nevrovitskap. Rusmisbruk og aggresjon blant unge menn er også noko han har studert nærare, kanskje inspirert av miljø han kjende frå oppveksten.

Han har 130 vitskapeleg publikasjonar bak seg, seinast i juli 2019 står han oppført som medforfattar på ein artikkel med tittelen «Contextualization as a means to improve the predictive validity of personality models».

Som forskar har han også interessert seg for psykofarmakologi, legemiddelbehandling av psykiske lidingar.

Dei siste par åra har det begynt å kome ein del avhandlingar og artiklar om Peterson.

Det begynte med at han hissa seg opp over nokre pronomen:

I 2016 publiserte Peterson ein video på YouTube-kanalen sin under tittelen«Professor against political correctness». Der kritiserte han eit nytt lovforslag i Canada. Lova, Bill C-16, eit tillegg til menneskrettslovgivinga i landet.

I ein av paragrafane står det at å nekte å referere til ein person med nemninga personen sjølv identifiserer seg med og det rettmessige pronomenet, kan reknast som kjønnstrakassering. Professoren meinte lova ville pålegge han å ta i bruk kjønnsnøytrale pronomen når han snakka til studentar med ein binær kjønnsidentitet som ikkje passar i dei tradisjonelle kategoriane.

— Eg vart radikalisert

Det var uaktuelt for Peterson.

For det første, korleis skulle han til ei kvar tid ha oversikt over kva kjønnskategori han hadde framfor seg. For det andre, meinte Peterson, å ved lov påby eit visst ordval, ville gå på ytringsfridomen laus. Skulle han bli dømd for hatkriminalitet for å nekte å ta i bruk eit bestemt pronomen?

— Eg har studert autoritarisme i lang tid – 40 år – og det begynte med forsøk på å kontrollere det ideologiske og lingvistiske terroritoriet, sa Jordan Peterson til BBC om pronomenstriden heime ved Universitetet i Toronto.

Universitetet i Toronto hadde ikkje sansen for Petersons kritikk. Tvert imot vart han skulda for å diskriminere transseksuelle. I eit brev frå dekanen ved fakultetet hans stod det at det kunne få konsekvensar for jobben om han ikkje aksepterte å bruke for eksemepl ze og zir i staden for he og she. Peterson blei møtt med demonstrasjonar, fleire hundre signerte ein underskriftkapanje med krav om at han måtte bli sagt opp. Kontordøra hans skal, ifølgje han sjølv, ha blitt limt igjen av aktivistar.

Polariseringa tok over Peterson, eller Peterson tok over polariseringa. Meir eller mindre over natta var psykologiprofessoren blitt midtpunkt for politiske og kulturelle krigstilstandar. Høgresida trykte han til seg og ikoniserte han i arbeidet med å demonisere venstresida. Venstresida løfta han fram som som eit slags konsentrat for alt dei var imot, og såg likeins ein demon i familie med ytterleggåande høgrekrefter.

— Eg vart radikalisert, sa han sjølv om pronomenprotesten, i eit stort og langt portrettintervju med The New York Times i mai 2018.

Der kom han han også med ei forsiktig sagt kontroversiell forklaring på kvifor ein ung mann like før hadde rast gjennom Toronto og køyrd ned og drepe ti tilfeldige menneske.

— Han var sint på Gud fordi kvinner avviste han, sa Peterson.

Utsegna skal ha blitt etterfølgd av ein kort latter frå journalisten, «fordi det er absurd», står det i intervjuet. Deretter er Peterson sitert på at han seier at journalisten ler fordi ho er kvinne.

Om det hadde tatt fyr før, var storbrannen no ikkje til å unngå.

Cold turkey

I eit forsøk på å finne den medisinske sanninga bak Petersons forsvinning til den russiske hovudstaden har The New Republic ringt rundt til ekspertar. Å vere fysisk avhengig, som dottera seier at faren er, og å vere rusavhengig, er ulike ting. Indikasjonar på det siste er for eksempel kriminelle forsøk på å skaffe seg stoff og rusrelaterte problem knyt til jobb eller familie.

Ingenting tyder på at dette passar på Peterson, konkluderer tidsskriftet. Klonazepam kan gjere ein fysisk avhengig i løpet av veker.

Spørsmålet er korleis ein bør trappe ned.

Peterson skal ha gjort eit forsøk på kutte den overdrivne bruken tvert, det som på engelsk blir omtalt som å ta ein cold turkey. Det kan ha vore ekstreme kroppslege reaksjonar på dette brå avvenningsforsøket som førte til at det vart nødvendig å legge Peterson i koma, ifølgje ekspertane. Dei spekulerer også på at kunstig koma kan ha vore ein del av den russiske behandlingsmetoden, noko som ifølgje legane tidsskriftet har snakka med, er risikabelt og utilrådeleg, ein slags medisinsk rulett.

Sanninga er ikkje heilt god å få tak på. Dottera, influensaren, er den einaste kjelda til informasjon.

Det verkar sannsynleg, konkluderer The New Republics undersøkande journalist, at vitskapsmannen Jordan Peterson, i kampen for å kvitte seg med klonazepam, har gitt seg over til russiske kvakksalvarar.

Pompøst, friskt pust

Han var i rakettfart blitt klodens mest omtalte professor, truleg mest populære og mest upopulære på same tid, og unekteleg ein kommersiell suksess. Peterson tok permisjon frå professoratet i Toronto, la klinikken på is.

På turneen som i 2018 tok han til Noreg to gonger besøkte 130 byar på tre kontinent. Noregs-besøka var nok til å generere meir enn 200 artiklar i norske hovudstadsaviser.

Dagbladet visste nok omtrent kva svar dei fekk då dei ringte den hyperaktive samfunnsdebattanten og politikaren Eivind Trædal for ein kommentar. Like mykje som dei visste omtrent kva den like hyperaktive samfunnsdebattanten Kjetil Rolness kom til å seie.

— Når han spreier idear om at feministar eller antirasistar er del av eit marxistisk komplott demoniserer han meiningsmotstandarane. Det er paradoksalt sidan han ofte har argumentert for at han og meiningsfellane hans blir demoniserte, sa Trædal til avisa.

— Eg trur mange opplever han som ein mann som torer å seie ifrå om det mange opplever som ein galoperande galskap på venstresida. Politisk korrekt, sensur av språk, noplatforming, stempling av politiske motstandarar og generelle anslag mot ytringsfridomen, sa Rolness.

Responsen i etterkant var ikkje overstrøymande, heller ikkje frå røyster som såg på Peterson som ein intellektuelt interessant og relevant samfunnsdebattant. Eller eit «friskt pust», som regjeringsmedlem Torbjørn Røe Isaksen har kalla han.

«Noe litt pompøst over hele seansen», meinte Morgenbladets meldar, høgrekollega og sosiolog Alexander Zlatanos Ibsen. Petersons utfall mot identitetspolitikk og kjønnspolitikk nådde ikkje heilt heim, men var meir tilpassa ein kulturkrig som herjar på universiteta på andre sida av Atlanteren, meinte meldaren.

Religionshistorikaren, Jørg Arne Jørgensen, som ved fleire høve har løfta fram Peterson som ein interessant tenkar, melde framsyninga i VG. «Peterson presenterte knapt en eneste positiv, stimulerende, undrende eller dyp tanke», skreiv han. Han såg ein dyster og sjølvsentrert mann, det kunne tyde på at «Peterson ikke har taklet sin enorme suksess på en god måte».

Hadde Peterson allereie då tatt for mykje klonazepam?

I mars 2019 kom det fram at Universitetet i Cambridge hadde trekt tilbake ein invitasjon til eit forskaropphald, etter press frå Petersons motstandarar. Han passar ikkje med dei inkluderande verdiane ved universitetet vårt, sa universitetsleiinga.

Nokre veker seinare fekk kona hans kreftdiagnosen. Det må, utifrå oppteikningane til dottera, ha vore i dei tider legen trappa opp dosane.

Humoren

— Det siste året har vore eit absolutt helvete, sa dottera Mikhaila i videoen posta på YouTube og Facebook 7. februar i år.

Men humoren er tilbake, han smiler for første gong på fleire månader, la ho til.

Livet er hardt, mykje hardare enn du trur

Jordan B. Peterson

22. februar la ho ut eit bilde av seg sjølv og faren på Facebook, tynn, men oppegåande, på Den raude plassen i Moskva. Ifølgje dottera var han utskriven og no klar for Florida og ein lengre rekonvalesens.

Ikkje alle Petersons kritikarar har klart å halde skadefryden tilbake etter nyhenda medikamentbruken til mannen som gjorde det til misjon å fortelje andre at dei må få orden på livet sitt. Journalist i The Guardian, Susanne Moore, kommenterte det slik på sin Twitter-konto: Hello Editor types Jordan Peterson holed up in rehab in Russia. Fuck me gently with a chainsaw....let me do that story. Come on!

På familien Petersons kanalar i sosiale medium haglar derimot lykkeønskingane frå fansen.

Samstundes, på heimekontoret i Ljubljana, har motstandaren frå «hundreårets debatt», Slavoj Zizek, allereie skrive ferdig ei bok med sin vri på koronakrisa. Når, og om, neste bok frå Jordan B. Peterson kjem, er høgst uvisst. Den kjem neppe til å handle om korona.

— Neste oppdatering kjem frå far sjølv, seier dottera.

Når Jordan B. Petersons karantene i Florida er over, vil verda vere endra. Det vil kanskje også han. Svaret kjem sannynlegvis på YouTube.

* Khrono har tatt kontakt med Jordan B. Petersons management og med Mikhaila Peterson. Ingen har så langt svart.

Powered by Labrador CMS