Han vart seksuelt misbrukt av trenaren sin.
No vert det forsking av det Tor Solbakken og andre unge gutar mmopplevde med mannen som var trenar for den same friidrettsklubben i 46 år.

Tor Solbakken meiner at det er viktig at ein som han, med høg utdanning, god jobb og familie, fortel om det han har opplevd.

Førstelektoren blei som ung utsett for overgrep i idretten. No blir det forsking av det ved Høgskolen i Innlandet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er 1982. Tor Solbakken er 16 år, og ein lovande friidrettsutøvar. Klubben hans er Ren-Eng, i Rendalen og Engerdal, nær svenskegrensa i det som den gong var Hedmark fylke. Trenaren er ein ressurs i lokalmiljøet, og godt likt. Men han skjuler ein løyndom: Han misbrukar nokre av dei gutane han er trenar for seksuelt.

No er det Solbakken sin tur.

Den natta når han vaknar av at trenaren har teke tak rundt kjønnsorganet hans, anar han ikkje at ein annan i klubben har vorte misbrukt i årevis. Han veit sjølvsagt heller ikkje at det skal koma fleire etter han.

Førstelektor med nytt prosjekt

Solbakken er i dag førstelektor ved Høgskolen i Innlandet, med kontor på Elverum. Her er han tilsett ved Seksjon for idrett og kroppsøving. No har han teke initiativ og samla ei tverrfagleg forskargruppe som jobbar saman med Redd Barna og Norges Idrettsforbund. Forskingsspørsmåla har ulike vinklar og tek utgangspunkt i forskningshol og det Solbakken sjølv har erfart som vanskeleg og uforståeleg.

— Målet med forskninga er å forstå korleis me på ein betre måte kan førebygga seksuelle krenkingar og overgrep i idretten. Me veit at idretten rekrutterer opp mot 80 prosent av den gruppa som er mest utsett for seksuelle overgrep. Men det har vore lite forsking på tiltak mot seksuelle overgrep, seier Solbakken.

NRK har skrive mykje om den såkalla Engerdalssaka. Om trenaren som var ein ressurs i lokalmiljøet, som fekk Kongens fortenestemedalje, som var kultursjef og som var verge for mindreårige asylsøkjarar. Men som samstundes misbrukte unge gutar; på reise, i kjellaren heime hos seg sjølv, på massasjebenken i klubbhuset.

100 vitne var inne til avhør i det som etterkvart viste seg å vera ei svært omfattande overgrepssak, skriv Østlendingen. Trenaren har innrømma å ha misbrukt unge gutar, mellom dei tre unge asylsøkjarar, heilt attende til 1970-talet. Han vart berre dømt for eitt, både misbruket av Solbakken og fleire andre er forelda. I tiltalen heitte det at trenaren var tiltalt «for å ha skaffet seg seksuell omgang ved misbruk av stilling eller tillitsforhold».

«Fire menn inntok vitneboksen. Fire menn i ulik alder, men med flere likhetstrekk i sine historier. Historier det åpenbart var vondt å dele. Noen orket ikke å se mot tiltalte, andre klarte ikke en gang å si navnet hans høyt», skreiv Østlendingen sin kommentator under rettssaka.

Frå 1973

Dei første overgrepa starta på 1970-talet, har NRK skrive. Den no godt vaksne mannen skildra at han vart misbrukt frå 1973, då var han 14 år. Nokre år seinare budde mannen på hybel hos trenaren. Han opplevde i snitt eit overgrep i veka, og har forklart at dette skjedde totalt eit tresifra tal gongar. Dette kjem fram i dommen. Overgrepa tok slutt i 1979.

Fleire andre menn har òg fortalt om overgrep, men trenaren vart berre dømt for det siste. Mannen som var utsett for overgrepet hugsar ikkje om det var i 2011 eller 2012, men han skildra i retten at han har hatt store problem etter overgrepet og har gått til psykolog. Også dette overgrepet skjedde under massasje etter trening. «Fornærmede ga uttrykk for å ha blitt utsatt for en sterk og grunnleggende krenkelse, en krenkelse utført av tiltalte som han så på som både som en legende og den personen han kunne forholde seg til og ha den tryggeste nærhet til», heiter det i dommen.

Mannen var så vidt myndig, trenaren hadde passert 70.

Det som er akseptabelt - og det som ikkje er det

— Var det ingen som såg? Eller handlar det òg om å ville sjå?

— Det er nok ingen som har sett. Men samstundes er det nok mange som har hatt røynsler – som har vore i gråsonene, seier Solbakken.

Han skildrar ein oppvekst i ein bygdekultur der alkohol var ein naturleg del. Ungdommen var med på bygdefestar. Å drikka alkohol, òg som temmeleg ung, var veldig normalisert.

Det tek i gjennomsnitt 17 år før ein som har vore utsett for overgrep fortel om det. For menn tek det lenger tid enn for kvinner.

Tor Solbakken

— Men samstundes vert bruk av alkohol eit risikoområde. Det var og er alltid nokon som oppfører seg utilbørleg, men ein tenkjer ikkje at ein møter ein overgripar. Ein aksepterer. Det tek i gjennomsnitt 17 år før ein som har vore utsett for overgrep fortel om det. For menn tek det lenger tid enn for kvinner, seier Solbakken.

Det er nettopp innanfor gråsonene Solbakken og kollegaene no planlegg og søkjer finansiering for å kunne gjennomføra fleire prosjekt. Kollegaer frå Fakultet for helse- og sosialvitenskap, Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap og Den norske filmskolen jobbar no saman om å forstå og få fram forskningsbasert kunnskap med mål om å førebygga overgrep i idretten.

— Det kan vera vanskeleg å snakka om grenser og overskridingar på område knytt til intimitet og seksualitet. I tillegg er grensene individuelle. Så lenge me ikkje snakkar om det, er det vanskeleg å forstå kva som er akseptabel åtferd, seier Solbakken.

Han seier at ein som aktiv i ein organisasjon opplever mykje saman: Mykje glede, mykje sorg, tette relasjonar og mykje farting.

— Mange av oss, som ikkje har røynsle frå idretten, men frå anna frivillig arbeid, tenkjer kanskje på ting ein har sett, som i alle fall kan kallast tvilsomme relasjonar?

— Ja, etter at eg sto fram har eg fått tilbakemelding frå mange. Frå korps, frå speidar, frå helsevesen. Det viser at seksuell trakassering og seksuelle overgrep skjer i alle samfunnslag, seier Solbakken.

Han seier at ein må skilja mellom grooming, der ein legg til rette for å koma i ein posisjon slik at ein kan misbruka nokon seksuelt, og gråsoner, der det som skjer er på grensa til upassande. Grooming er eit kjent omgrep i faglitteraturen - gråsoner er ikkje skildra på same måten. Solbakken er oppteken av at det er den som er utsett for ei handling som definerer kva oppleving dette var.

— Ei berøring kan verta opplevd som krenkande, sjølv om ho ikkje var meint å vera det. Dette er gråsoneproblematikk. Men dersom den same berøringa er seksuelt motivert, kan det vera snakk om grooming.

Ute på luftetur under koronautbrotet. Det har vore mange kjensler å sjonglera for førstelektor Tor Solbakken.

Kven kunne få vita?

Han hadde så vidt fylt 16 den dagen i 1982.

— Hadde eg vore to månader yngre, hadde det eg opplevde etter dagens rettoppfatting vore definert som valdtekt, seier Solbakken.

Han fortel at han etter overgrepet tenkte at trenaren, om ikkje anna, spara han til han var 16.

— Ein vaknar av at ein mann på over 40 onanerer deg. Dette er ei sovevaldtekt, seier Solbakken.

— Å oppleva noko slikt som 16-åring er ikkje lett. Det enda med at eg fullbyrda valdtekta av meg sjølv på eiga hand.

Eg har mange gongar tenkt på at dersom eg hadde sagt frå som 16-åring, kunne andre ha sloppe overgrep.

Tor Solbakken

54-åringen fortel om ei ekstrem sjølvforakt etter overgrepet, og seier at dette åleine var nok til at han ikkje varsla. Og kven skulle han eigentleg seia i frå til?

Solbakken fortel at han var redd for å verta sett på som homofil dersom han fortalde kva han hadde opplevd. Det var han ikkje, tvert i mot var han allereie oppteken av jenter. Men han var uroa over kva reaksjonar som kunne koma dersom han fortalde.

— Eg har mange gongar tenkt på at dersom eg hadde sagt frå som 16-åring, kunne andre ha sloppe overgrep. Men ein kan ikkje tenkja sånn, seier Solbakken.

Han er oppteken av at ein må prøva å forstå ungdommar som opplever seksuelle overgrep. Kva står dei i?

— Ein skjønar at dersom ein fortel kan ein verta møtt med «kvifor gjorde du ikkje noko annleis». Men ein må prøva å sjå kven ein var som 16-åring, seier Solbakken.

Det har han jobba mykje med sjølv.

— Ein må gi den 16-åringen ein ein gong var anerkjenning, seier han.

Stemma vert tjukk.

Attende på Bislett stadion. Det var her den lovande friidrettsutøvaren braut eit viktig løp. Natta før hadde han vore utsett for eit seksuelt overgrep.

Idrettsfar

I 2017 small det. Solbakken hadde hatt nokre nedturar før, mellom anna skildra han til NRK korleis 1500-meteren på Bislett i 1982 enda med at han braut. Natta før hadde han vorte utsett for nok eit overgrep.

I 1986 slutta han brått med friidrett, det som hadde vore ein så viktig del av livet hans, av identiteten hans.

— Eg snakka ikkje om det eg hadde opplevd på 35 år. Men det betyr ikkje at eg ikkje har vore retraumatisert nokre gongar. Første gongen var løpet i Oslo. Seinare vart det vanskeleg då mine eigne gutar vart 13-14 år, fortel Solbakken.

Sønene vart idrettsgutar, men det vart skiskyting, ikkje friidrett for dei. Det passa faren bra; sidan det er våpen inni biletet må ein følgja barna til alt heilt til dei er 16 år.

— Det handla om å ha litt kontroll, utan at ein framsto som uroa.

— Så du har vore ein slik far som alltid har meldt seg til dugnad og kjøring?

Det tok 35 år før Tor Solbakken fortalde.

— Ja. Og då eine sonen min skulle konfirmera seg, sat eg plutseleg i styret i Human-Etisk Forbund, humrar Solbakken, lett sjølvironisk.

Han har hatt eit godt liv, seier han. Han flytta heimefrå, begynte på lærarskulen, og trefte ho som no er kona hans. Saman har dei to søner, som no er studentar.

— Vent litt, seier han plutseleg.

Intervjuet må skje på video, på grunn av korona-utbrotet. No må førstelektoren ta seg ein runde i huset for å få dei tre andre, som òg har heimekontor, til å gi han litt ekstra bandbreidde.

Den dagen

Den dagen i 2017 kjem han nok aldri til å gløyma. Han var åleine på hytta.

— Eg vakna til ei kaotisk verd. Det var skummelt, einsamt og kjempevanskeleg. Her kan eg ikkje vera, tenkte eg, fortel Solbakken.

Han fekk tak i kona, som var arrangør på eit kulturarrangement på eit museum i nærområdet. På det same museet jobba Solbakken som ung, tilsett av trenaren. Det var ein av stadane han vart forsøkt utsett for overgrep. Og den gamle trenaren var til stades på arrangementet den sommardagen.

— Same natta fortalte eg kona alt.

Metoo og det som endra alt

Historia kunne slutta der. Men Solbakken bestemte seg for å fortelja – offentleg.

— Det byrja med mitt eige elende, og mi eiga mentale helse. Det var ein hard kamp for å rydda i eige sinn. Eg konfronterte overgripar, men han ville ikkje ta ansvar.

Solbakken kontakta det gamle friidrettslaget sitt. Det vart dei som melde saka til politiet. Ein kveld tikka det inn ei tekstmelding hos Solbakken, der det stod «metoo» til slutt. Då skjøna han at han ikkje var den einaste.

Mediedekninga vart ein nesten overraskande tøff prosess, seier Solbakken. Både NRK, Hamar Arbeiderblad, Østlendingen og andre har skrive om saka.

— Men me vart ein fin gjeng med menn som stod saman.

Det er utruleg viktig at eg, som oppegåande, såkalla vellukka, med god utdanning og familie, står fram i ei slik sak.

Tor Solbakken

Han seier at når han først varsla, så ville han gjera det skikkeleg.

— Og det er utruleg viktig at eg, som oppegåande, såkalla vellukka, med god utdanning og familie, står fram i ei slik sak. Livet mitt har vore bra, men hatt nokre mørke sider.

— Kor viktig vart metoo-rørsla, som var mykje omtala i din sektor?

— Opplagt viktig. Metoo kom midt i mi bearbeiding av eigne traume. Det var kjempeslitsomt, som å sløkkja varmen med å hella på bensin. Eg kjende meg nesten lamma. Samstundes såg eg korleis menn responderte i kommentarfelt når kvinner stod fram med sine historier. Eg kjente på ein ekstrem sympati med kvinnene som sa i frå, seier Solbakken.

— Men samstundes fanst ikkje mi stemme. Trakassering av menn er òg eit fenomen.

Førstelektoren fortel at då han først fortalte, kom historiene. Ein mann ringte og fortalte at han hadde vorte valdteken på jobb – som 15-åring.

— Eg trur det er lettare for samfunnet å definera ei valdtekt utifrå korleis menn og kvinner normalt sett har seksuell aktivitet. Men tvungen oralsex er òg valdtekt, seier Solbakken.

Trenaren innrømte

Solbakken flytta for å byrja på lærarskulen sist på 1980-talet, og flytta aldri attende til heimbygda. Han seier at han har hatt heilt vanleg kontakt med familien som bur der, men lite relasjonar elles. Og i alle åra som har gått har han hatt ei dårleg kjensle i magen.

— Eg har tenkt at det nok var fleire enn meg som vart misbrukt, og det har uroa meg at trenaren var verge for asylsøkjargutar. Men eg har ikkje hatt styrke eller mot. Eg stengte ned alt som handla om denne saka, det funka det, seier Solbakken og smiler skeivt.

Trenaren er ikkje dømt for misbruk av asylsøkjargutane. I dommen heiter det at han har erkjent overgrep mot dei som forklarte seg i retten. Østleningen skriv at han trenaren òg har innrømt overgrep mot tre asylsøkjarar. Men sakene er forelda.

Etter at Solbakken stod fram offentleg, har han mellom anna fått ei personleg helsing frå idrettspresidenten med takk for den jobben han har gjort. Den svenske friidrettsstjerna Patrik Sjøberg har han òg snakka med, Sjøberg har òg stått fram som offer for seksuelle overgrep. Sjöberg tok fleire gull i høgdehopp på 1980- og -90-talet, men hadde same løyndom som ein del av gutane i Ren-Eng: Trenaren misbrukte han seksuelt.

– Ein vert nok aldri like heil igjen. Det vil alltid finnast i hovudet. Eg hugsar ikkje heilt kva han gjorde for å overtala meg, men ein kveld då me var åleine heime og han skulle massera meg, begynte han å onanera for meg, sa Sjöberg då han ga ut ei bok om livet sitt i 2011. Då var trenaren død.

Tor Solbakken underviser i idrettsfag på Høgskolen i Innlandet. Til hausten skal han reisa rundt i idrettskrinsen og fortelja om retningslinjer.

Fekk ikkje erstatning

Ren-Eng-trenaren vart altså ikkje dømt for overgrep mot Solbakken og fleire av dei andre. Dei fekk heller ikkje erstatning då dei søkte om det. I 2014 vart lova endra, slik at overgrep mot barn og unge under 16 år ikkje vert forelda. Men mennene i Engerdals-saka fekk beskjed om at det var for lenge sidan dei hadde vorte utsett for overgrep, og dei fekk difor ikkje valdsoffererstatning. Lova frå 2014 har ikkje tilbakeverkande kraft.

— Kva tenkjer du om at du ikkje får erstatning?

— Eg har aldri hatt noko hemnmotiv, eg har hatt behov for å rydda i eige liv. Og det har vore mykje oppreising i måten rettsstaten har handsama saka på. At politiet tok tak i saka har vore viktig for idretten, seier Solbakken.

No er Solbakken med i eit prosjekt i regi av Norsk Idrettsforbund der ein jobbar med retningslinjer for idrettsklubbane.

— Eg er tilsett ved ein kunnskaps- og formidlingsarbeidsplass, og skal til hausten på ein tematurné med idrettskrinsen. Eg brukar òg eigne røynsler ope inn mot studentane. Mange har visst om kva eg har vore utsett for før eg gjekk ut i pressa. Ved å vera open sjølv får eg òg openheit tilbake, seier Solbakken.

— Dersom det at eg fortel gjer at eit barn eller ein ungdom slepp unna, er det verd det.

Vil ikkje snakka

Trenaren har fylt 80 år. Han vart dømt til fengsel i eit år og to månader.

«Tiltalte har i sin forklaring fullt ut erkjent forholdet, og han har som ledd i sin forklaring angitt at bakgrunnen for handlingen av seksuell art mot fornærmede XX (namnet fjerna av Khrono, journ.anm), på samme måte som mot alle andre han har forgrepet seg på, har sammenheng med sin biseksuelle legning og utlevelsen av denne», heiter det i dommen. I dommen vert det òg peika på at han ikkje, heller ikkje etter at idrettsklubben eller Tor Solbakken oppmoda han om det, stod fram og tok ansvar for dei overgrepa han hadde gjennomført. Då han gjekk av som trenar, forklarte han til Østlendingen at det handla om alder og sjukdom.

Trenaren har ikkje uttalt seg til NRK. Han har heller ikkje svara på Khrono sitt forsøk på kontakt. Khrono har òg vore i kontakt med advokat Vegard Aaløkken, som var trenaren sin forsvarar i retten. Han seier at saka for hans del er avslutta. I retten sa Aaløkken at han meinte at ei passande straff ville vera seks til sju månader i fengsel.

— No er eg veldig spekulativ. Men er det mogleg å ha gjort dette viss du har visst kva du har gjort? Går det an å gjera noko slikt viss ein ikkje veit at det er feil?

Tor Solbakken let spørsmåla henga i lufta.

Powered by Labrador CMS