sjå direkte
Første styremøte med ny rektor og nytt styre
Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim skal leia sitt første styremøte ved Høgskulen i Volda. Sjå møtet direkte her.
Høgskulen i Volda har fått både ny rektor og fleire nye styremedlemmer. 7. september skal det nye styret samlast til møte for første gong. På sakslista står mellom anna saker om lønsoppgjer, årets frammøtetal og kalling.
Møtet ser du direkte her frå klokka 10.15.
Odd Helge Mjellem Tonheim vart vald til rektor ved høgskulen i desember i fjor, med funksjonstid frå 1. august i år. Han har med seg Eirik Søvik som prorektor. I styret er tre av fire eksterne medlemmer ferske, både Kjersti Kleven, Shazia Majid og Rasmus Stokke går alle inn i sin første fireårsperiode. Roar Tobro er vald på ny.
Også frå høgskulen er det fleire nye representantar. Silje Louise Dahl går inn i sin andre periode, men Bjørn Gunnar Tafjord, Randi Bergem og Per Halse er nye.
Heile sakskartet finn du her.
Nyeste artikler
Dette ønsker amerikanske universiteter seg fra den nye presidenten
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm
Satte ny doktorgradsrekord i vår