Direktør ved Havforskingsinstituttet, Sissel Rogne, er «alt anna enn imponert» over Forskingsrådet. Etter at eit ekspertpanel rangerte søknaden frå Havforskingsinstituttet som klart best, bestemte administrasjonen at søknaden likevel ikkje skulle prioriterast. Foto: Tor Farstad

Forskingsrådet la beste søknad til side, held grunnen hemmeleg

Milliardpott. Havforskingsinstituttet stiller spørsmål ved habilitet og kritiserer mangel på transparens i Forskingsrådet. Forskingsrådet avviser kritikken.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I eit skarpt brev retta mot styret i Forskingsrådet stiller havforskingsdirektør Sissel Rogne ei rekke spørsmål om korleis saksbehandlinga av søknader til nasjonale infrastrukturprosjekt går føre seg. Bakgrunnen er søknaden Havforskingsinstituttet sjølv står bak saman med ulike nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.

Vi reagerer på at Forskingsrådets behandling ikkje er transparent.

Sissel Rogne

Fakta

Nasjonal forskingsinfrastruktur

Forskingsrådets Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur skal vere med på å bygge opp relevant og oppdatert infrastruktur som norske forskingsmiljø og næringsliv har tilgang til.

I 2019 vedtok Forskingsrådets styre å investere ein milliard kroner i infrastrukturprosjekt. Pengane er løyvde av regjeringa og skal fordelast av Forskingsrådet.

Halvparten av prosjekta er nye, dei andre allereie eksisterande nasjonale infrastrukturar. Sidan ordninga vart innført i 2009, har Forskingsrådet fordelt nær seks milliardar kroner til infrastruktur.

Søknadene om pengar til nasjonal infrastruktur blir først vurdert av eit utval av fagekspertar (ekspertpanel). Ut frå omsynet til habilitet er så godt som alle ekspertane henta frå utlandet.

Vidare blir søknaden vurdert av eit administrasjonspanel med relevante medarbeidarar i Forskningsrådet. Dei skal vurdere prosjekta si nasjonale betydning slik det er definert i «Verktøy for forsking (Nasjonal strategi for forskningsinfrastruktur 2018-2025)». Innstillinga frå administrasjonen blir til slutt behandla av styret i Forskningsrådet, som tar dei formelle avgjerslene og vedtar løyvingane.

Dei som får tilslag på søknadene sine blir inviterte til forhandlingar med sikte på endeleg kontrakt.

Kjelde: Forskingsrådet

Trass i at søknaden fekk den høgaste scoren av alle i den faglege vurderinga frå det eksterne fagpanelet, blei søknaden lagd til side og fekk ikkje tilslag.

Ifølgje Forskningsrådet er fagekspertane rådgjevande for den vidare behandlinga av søknadene – deretter skal administrasjonen vurdere «infrastrukturenes nasjonale betydning» og «strategiske relevans».

Det er desse vurderingane og grunnlaget for å legge søknaden til side Havforskingsinstituttet no etterlyser.

Ber om innsyn i vurderingskriterium

— Prosessen og handteringa er uforståeleg og prinsipielt ugrei på ein måte vi ikkje kan akseptere, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne til Khrono.

Havforskingsinstituttet har for lengst klaga på avslaget på infrastruktursøknaden.

Det er svara frå Forskingsrådet – eller mangelen på svar – som har ført til at Rogne reagerer.

I e-post frå 5. november beklagar Forskningsrådets direktør, John-Arne Røttingen, «at dere opplever at dere ikke har fått tilstrekkelig informasjon om videre oppfølging av klagen». Vidare opplyser han at vanleg saksgang blir følgd, og at første moglege behandling av klagen i deira eksterne klageutval vil vere klar først i månadsskiftet februar/mars.

Leiinga ved Havforskingsinstituttet sende deretter brevet der dei ber om å få vite kvifor Forskingsrådet såg bort frå den eksterne fagvurderinga av søknaden deira. I brevet ber dei om å få vite kva slags vurderingar og kriterium som ligg til grunn for å «tilsidesette resultat med høyest score på kvalitet».

Det er, slik havforskingsdirektøren oppfattar det, høgst uklart kva kriterium Forskingsrådet baserer seg på når dei tar sine avgjersler.

Havforskingsinstituttet ber om innsyn i dokument om saka og eventuelle omtalar av prosjektet, samt konkurrerande prosjekt. Mellom anna vil Havforskingsinstituttet vite om det finst «ikke-formaliserte kriterier» i søknadsbehandlinga, og kva desse i så fall er.

Sist men ikkje minst stiller havforskingsdirektøren spørsmål ved om «habilitetsvurderingen er gjennomført i denne søknadsprosessen (…)».

Ho har så langt ikkje fått innsyn i dokument eller svar på spørsmåla ho har retta til Forskingsrådet.

— Ikkje transparent

I ein e-post send 10. desember frå styreleiar i Forskingsrådet, Hilde Tonne, heiter det at svara på Havforskingsinstituttet sine spørsmål vil «fremgå av administrasjonens redegjørelse for saken, som dere snart vil motta».

Som svar på spørsmål om habilitetsvurderingar har ho lagt ved lenke til Forskingsrådet sine retningslinjer.

Det synest ikkje Rogne er godt nok.

— Vi reagerer på at Forskingsrådet si behandling ikkje er transparent. I praksis kan vi ikkje vite korleis ein handterer habilitet når mange av styremedlemmene anten er konkurrentar eller er involverte i søknader frå sine respektive institusjonar. Det er også uklart korleis saksbehandlinga faktisk foregår. Når det ikkje er mogleg å få innsyn i det mest grunnleggande – sjølv etter klager – er det mildt sagt forunderleg. Slik eg oppfattar svaret frå styrleiaren i Forskingsrådet er det knapt eit svar. Det er berre ein indikasjon på at dei ikkje vil svare oss før dei har ferdigbehandla klagen, seier Rogne.

Havforskingsinstituttet søkte Forskingsrådet om 87 millionar kroner i støtte til prosjektet Coastwatch (the Norwegian coastal observing system of systems), som skal etablere ein infrastruktur for kystovervaking knytt til berekraftig næringsutvikling. I karaktersettinga frå det eksterne ekspertpanelet som vurderte infrastruktursøknader i marin sektor kom prosjektet klart best ut.

Likevel var det SINTEF og NTNU som vart prioritert med sin søknad om 184 millionar kroner til Ocean Space Center i Trondheim, trass i at søknaden fekk lågare karakter enn Havforskingsinstituttet sin i tre av åtte vurderingskategoriar. I Forskingsrådet si oversikt er denne søknaden rubrisert som «maritim teknologi».

Havforskingsinstituttet var den einaste av dei fire søkarane som fekk hovudkarakteren 7. Både SINTEF/NTNU, NIVA (Norsk institutt for vassforsking) og Universitetet i Bergen fekk 6 som samla karakter frå ekspertane. Også NIVA og UiB har fått tilslag på sine søknader på 79 og 71 millionar kroner og er plassert i rubrikken «klima og miljø».

«Rykter og usikkerhet»

Rogne seier til Khrono at det alltid er leitt å ikkje få tilslag på søknader, men at denne saka både er spesiell og prinsipiell:

— Det er både urimeleg og spesielt at søknaden med den klart beste kvalitetsvurderinga ikkje blir vurdert av styret. Men endå viktigare er det prinsipielle: Korleis kan departementet la administrasjonen i Forskingsrådet ta avgjersler om nasjonale infrastrukturtildelingar med stor betydning for heile samfunnet – og det utan at det er mogleg å få vite om grunnlaget og vurderingane som er gjort?

I brevet til Forskingsrådet skriv Rogne at måten søknadsbehandlinga har skjedd på har «avstedkommet rykter og usikkerhet».

— Forskingsrådet har signalisert ambisjonar om å vere ein sterkare aktør i utforminga av instituttpolitikken, basisløyvingar og finansieringa av forvaltningsinstitutt. Derfor ser vi på Forskingsrådet si saksbehandling med den største bekymring. Vi er alt anna enn imponert over korleis dei har handtert denne saka, seier Rogne.

Forskingsrådet avviser kritikken

Når administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, får presentert kritikken frå havforskingsdirektøren, seier han at han ikkje kjenner seg igjen i denne framstillinga.

— Eg kjenner meg ikkje igjen i at dei ikkje har fått den informasjonen dei har bede om, seier Røttingen til Khrono.

Han viser til at infrastrukturprogrammet har ein litt annleis søknadsprosess enn andre forskingsprogram som tek imot prosjektsøknader. I infrastrukturprogrammet vert søknadane i større grad vurderte opp mot dei nasjonale vegkarta for forskingsinfrastruktur og andre forskingspolitiske strategiar, opplyser Røttingen.

— Havforskingsinstituttet er ein solid forskingsinstitusjon, og dei bør vere godt kjende med prosessane og kriteria. Difor er eg overraska over dei spørsmåla og problemstillingane som dei tek opp, seier Røttingen og nemner at både strategiar, vegkart og andre kriterium som vert lagde til grunn i evalueringa er ope tilgjengelege for alle og er vedlegg til utlysingane.

Administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, er usamd med havforskingsdirektør Sissel Rogne, og meiner Havforskingsinstituttet har fått informasjon om korleis Forskingsrådet har vurdert deira søknad til infrastrukturprogrammet. Foto: Tor Farstad

Ansvarleg for infrastrukturprogrammet, Solveig Flock, utdjuper korleis dei har vurdert i dette konkrete tilfellet:

— Det er fleire søknader som får veldig god score av ekspertpanelet, og ein 6 eller 7 er ofte ikkje store skilnaden. I dette tilfellet hamna dei andre gode søknadane i minst like stor grad innanfor rammene for strategi og vegkart, seier avdelingsdirektør Flock og legg til:

— Havforskingsinstituttet sin søknad hamnar ikkje utanfor, men fleire av dei andre søknadane fell innanfor. Det er ikkje pengar til alle, og då må vi prioritere. Då spør vi mellom anna kva som hastar mest å setje i gang med og kva ein eventuelt kan utsetje til neste runde.

Røttingen meiner utfallet i denne tildelingsrunda er basert på ei totalvurdering.

— Dette er sjølvsagt ei skjønnsmessig vurdering opp mot planar og strategiar, men vi meiner vi absolutt har vore opne med både kriterium og vurderingsgrunnlag i forkant, seier Røttingen.

Meiner Havforskingsinstituttet har fått innsyn

I motsetnad til det havforskingsdirektør Sissel Rogne opplever som mangel på innsyn i prosessen, meiner Røttingen at Havforskingsinstituttet har fått informasjon om korleis søknaden har blitt behandla.

— I tillegg fekk dei utsett klagefristen, slik dei fekk tid på seg til å formulere ein klage etter at denne informasjonen vart gjeven. Gitt at dei fekk utsett klagefrist, så rakk ikkje klagen å bli behandla i det eksterne klageutvalet sitt møte før jul. Difor blir neste moglegheit i deira møte i februar. Havforskingsinstituttet har no fått tilsendt ytterlegare informasjon om den vurderinga vi har gjort i saksbehandlinga, som er den informasjonen vi vil legge fram til klageutvalet, seier Røttingen.

Eg er overraska over at ein instituttdirektør ikkje er kjend med habilitetsvurderingane i Forskingsrådet.

John-Arne Røttingen

Røttingen seier også at det ikkje er slik at søknader fell frå og aldri hamnar hjå styret. Dei får fullt innsyn i søknadsbehandlingsprosessen og i vurderingane som er gjort av alle søknader og prosjekt. Han seier at infrastruktursøknadane og tildelinga vart grundig diskutert i styret.

— Rogne stiller spørsmål ved habilitetsvurderingar i styret. Kva er din kommentar til det?

Eg er overraska over at ein instituttdirektør ikkje er kjend med habilitetsvurderingane i Forskingsrådet. Er personar i styret med i søknader eller involverte i konkurrerande søknader, så skal ein ikkje delta i behandling eller vurdering av søknader. Det handlar om alt frå personar i styret til administrativt tilsette. Alle blir habilitetsvurderte. I denne samanhengen var det fem personar i styret som erklærte seg ikkje habile i styret. Kunnskapsdepartementet oppnemnde difor ein settestyremedlem, så det var til slutt sju personar som vurderte søknadane og tildelinga i styret, svarer Røttingen.

Forskingsrådet ventar no på at klagen skal behandlast i det eksterne klageutvalet.

— Vi vil lytte til det eksterne klageutvalet sine vurderingar, dersom vi får beskjed om å forbetre våre prosessar. Likevel meiner vi at vi har gjort dette på ein ryddig måte undervegs, seier Røttingen.

Powered by Labrador CMS