Forskarane vil dele, men gjer det lite

80 prosent av norske forskarar meiner at open tilgang til forskingsdata gjer forskinga betre, men berre kring 16 prosent har mesteparten av forskingsdataa sine tilgjengeleg for alle, viser ny rapport.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Berre eit fåtal norske forskarar gjer data tilgjengeleg for alle. Det viser rapporten Sharing and archiving of publicly funded researh data frå 2014, skriv På Høyden.

Men både Kunnskapsdepartementet og Forskingsrådet ønskjer å endre på dette.

— Eg ønskjer ein breiare tilgang. Korfor avgrense datatilgangen til berre forskarar? Og kva med næringslivet? spør Bernt Aardal.

Mange hindringar

Statsvitskap og valforskings-nestor Aardal deltok denne veka på seminaret Deling av data: Policy, etikk og erfaring, og Aardal legg ikkje skjul på at det finst mange hindringar for deling av data.

Ved kvart stortingsval sidan 1957 har det blitt lagd ei valundersøking, og forskarar som Stein Rokkan, Henry Valen og Bernt Aardal har stått bak. Men sjølv etter nær 60 år er det ikkje så lett å dele data: Det er Statistisk sentralbyrå som gjennomfører spørjeundersøkingane, og dei gir ikkje slepp på dei så lett.

SSB meiner at dei har både eigedoms- og disposisjonsrett over dataa. På mange måtar kan ein seie at dette er ei leivning frå fortida. Som forskarar må vi eigentleg låne våre eigne data fråSSB, seier Aardal.

Anonymt og anonymt

Datasetta frå SSB må dei destruere etter nokre år, og deretter søkje på nytt igjen dersom dei vil forske meir. Ulike krav til anonymisering er ein annan ting han irriterer seg over.

— Korfor er ikkje krava til anonymisering dei same? Og kor anonymt må anonymt vere for at det skal vere anonymt? spør Aardal.

Men valundersøkinga er òg eit døme på kva deling av data kan gi av effekt: I samarbeid med kring 40 andre land blir dei same dataa henta inn, trekt ut av dei nasjonale undersøkingane, og samla ved Universitetet i Michigan. Derfrå er dei lasta ned 20 000 gonger, fortel Aardal.

Skjermar data for eigen publiering

Han er likevel positiv til nokre avgrensingar når det gjeld tilgang på data. Datasetta i valundersøkinga er skjerma i inntil to år, slik at dei skal få tid til å publisere sjølv.

— Vi prioriterer ein større publikasjon på norsk. Det er stor medieinteresse rundt valundersøkinga, og tidlegare publisering av data hadde gitt meir fragmentert publisering av einskildresultat, meiner Aardal.

— Deretter bør ein ha open tilgang via ein infrastruktur som Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD). Det bidreg til kompetansebygging, forsking og undervisning utover prosjektet sjølv, seier han.

På tvers av landegrenser, språk og fag

NSD-direktør Bjørn Henrichsen meiner at Noreg har eit godt utgangspunkt for å få til meir deling av data – og mykje å tene:

— Forskingsrådet var tidleg ute med å etablere ein struktur for data. Vi har eit datatilsyn som legg vekt på at forskingsdata er viktig, og vi har dei forskingsetiske komiteane. Men det vi manglar er at ein del av desse institusjonane jobbar tett nok saman, seier Henrichsen.

Dei fleste deler data med kollegaen på nabokontoret og med fagfeller, men ikkje med folk eller forskarar flest.

— Korleis skal vi sørge for at vi bruker pengar på å tilretteleggje data ein gong, og ikkje fleire? Verkeleg deling av data krev ikkje berre ein politikk for det og retningsliner, meg òg eit verktøy som gjer det muleg å dele data på tvers av landegrenser, språk og fag, seier Henrichsen. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS