Etikk bak lukka dører

Forskingsetisk komite diskuterte etikk bak lukka dører og med delvis hemmelege sakspapir.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (Nent) lukka møtet då dei måndag 28. april diskuterte etikken i petroleumsforsking. Deler av sakspapira var også hemmelege.

På Høyden har i samarbeid med Morgenbladet, forskning.no, Universitetsavia, Khrono og Uniforum bede om at møta i alle Dei nasjonale forskingsetiske komiteane skal vere opne. Men spørsmålet vil først bli diskutert etter at saka om etikken rundt petroleumsforsking har vore oppe på Nent-møtet.

SE BREVET HER: Etikk er ei offentleg sak

Vanskeleg å gjere om

Å gjere om på dagsorden har vist seg å vere vanskeleg av trivielle grunnar:

– Saka om petroleumsetikk går først slik det er lagt opp til no, fordi komitemedlemma som er inhabile først kjem seinare, fortel komiteleiar Øyvind Mikkelsen, som til dagleg er kjemiprofessor ved NTNU.

– Vi har lagt det slik først og fremst for å ivareta komitemedlemma. Det er meir av praktiske årsaker, forklarer Mikkelsen.

Diskusjonen om møta skal vere opne vil først skje seinare på møtet.

– Kva komiteen vil komme fram til er litt vanskeleg å svare på. Det finst moment både for og imot. Eg ønskjer at det skal vere ein diskusjon om det i komiteen, seier Mikkelsen.

Feilaktig og ufullstendig

På Høyden har òg bede om å få innsyn i sakspapira, og har fått oversendt ein del av papira som gjeld petroleumsforskinga. Men papira som gjeld opne møte har Nent vald å halde hemmelege. Slik svarer sekretariatsleiar for Nent, Helene Ingierd:

«Notatet som er skrevet til behandlingen av saken om møteoffentlighet er et internt notat som komiteene skal bruke som et utgangspunkt for sine diskusjoner og avgjørelser (jf offentlighetsloven § 14). Som jeg forklarte på telefonen, er saken om møteoffentlighet satt opp på dagsorden i samtlige komiteer denne våren, og notatet vil ferdigstilles etter at komiteene har diskutert saken. Notatet pr i dag er altså et utkast og inneholder dermed ikke den endelige avgjørelsen i saken. Generelt er det ikke ønskelig at dokumenter gjøres kjent før de er ferdigstilt, da det vil kunne gi feilaktige og ufullstendige fremstillinger av en sak.»

På Høyden har klagd på saka, men klagen er enno ikkje avgjord. På Høyden meiner at det ikkje er heimel for å unnta slike dokument, og at Nent bryt lova. Av offentleglova §14 b følgjer det nemleg at «generelle retningslinjer for saksbehandlinga til organet» ikkje kan unntas som interne dokument.

Karbon-konklusjon

Når det gjeld diskusjonen om forskingsetikken rundt petroleumsutvinning og Statoils avtaler med norske universitet og høgskular har Nent kome langt i arbeidet, fortel Mikkelsen.

– Det har vore ei arbeidsgruppe som har arbeidd med det og hatt to møter. Vi har òg lagt ein plan for hausten, med opne møte i Bergen og truleg Trondheim. Og så har vi leigd Litteraturhuset i Oslo for ein debatt der i haust, seier komiteleiaren.

Han reknar med at komiteen etter kvart vil kunne gi eit svar til UiB, som har stilt spørsmålet. 

– Vi sit nok ikkje med eit ferdig, skrive svarbrev i dag, men utgangspunktet er at saka skal bli ferdig i løpet av mai, seier Mikkelsen.

Nent har ikkje planlagd fleire møte i vår, og noko av sakshandsaminga vil difor kunne skje i etterkant.

Auka interesse for etikk

Nent og dei andre komiteane står fritt til å avgjere om dei vil opne eller lukke møta sine, men det har generelt vore lita interesse for å høyre på diskusjonane.

– Men det verkar som om det er eit auka fokus rundt etikk og forsking generelt framover, så det er noko som må takast opp til diskusjon, seier Mikkelsen.

Opne møte gir ufri diskusjon

Argumenta som blir brukt mot opne møte er mellom anna at det vil kunne gjere diskusjonen meir ufri og statisk, og at medlemmene i varierande grad er vande med media.

På Høyden har mellom anna argumentert med at diskusjonen i komiteane òg er av interesse, og at heile samfunnet bør delta i etikkdebatten, ikkje berre medlemmene i ei nemnd. Å lukke møta bryt med den gode praksisen, både i forsking og i eit demokrati, om å vere mest muleg opne.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS