Universiteta har 50/50 forskingstid og undervisning, høgskolane har mykje mindre eller ingenting. Kva skal vere normalen?

Universiteta kan bli meir like høgskolane i forskingstid

Universiteta kan bli meir like høgskolane når det gjeld tildeling av forskingstid - ikkje motsett.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Spørsmålet om forskingstid er blitt meir aktuelt etter vedtaket om fusjon mellom NTNU i Trondheim, Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Ålesund. Og ikkje nok med det: Omlag halvparten av landets høgskolar er i ferd med å bli ein del av eit universitet. 

Forskarar og vitskaplege tilsette ved NTNU er redde for å få dårlegare vilkår og mindre forskingstid når dei skal slå seg saman med høgskolar som ikkje har noen, eller veldig mykje mindre, forskingstid. 

Fell grunnprinsippet? 

Professor ved NTNU og styremedlem Helge Holden meiner at eit grunnprinsipp i den forskningsbaserte modellen kan være i ferd med å falle, og at betingelsene for forsking ved NTNU kan bli dårlegare enn ved universiteta i Oslo og Bergen. 

— Eg trur det. Enkel matematikk seier det slik, seier Holden til nettavisa På Høyden.

Etter mitt syn er det ikkje rimeleg å ha lik forskingsressurs til alle.

Kari Melby

Men leiinga ved NTNU meiner at det har ligget i korta lenge at universiteta vil bli meir like høgskolane uavhengig av fusjonar eller ikkje. 

— Universiteta vil bevege seg i retning av høgskolane når det gjeld tid til forsking, uavhengig av nye fusjonar, seier prorektor for forsking ved NTNU, Kari Melby, til bladet Forskerforum

— Etter mitt syn er det ikkje rimeleg å ha lik forskingsressurs til alle, legg ho til.

Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm

Fagforeininga er uroa

Professor Kristian Steinnes (biletet over) som er leiar i lokallaget til Forskerforbundet ved NTNU er uroa, og meiner dei har sagt ifrå om dette gong etter gong.

— Høgskolane vi skal fusjonere med, har mindre forskingstid enn oss, og vi får ikkje tildelt meir pengar. Det kan føre til endå større trykk på forskingstida ved NTNU, seier professor Kristian Steinnes til Forskerforum.

I dag har tilsette ved universitetet i Trondheim i hovudsak 50/50 fordeling mellom forsking og undervisning (FoU).

— Ved høgskolane har dei tilsette ein meir differensiert forskingsressurs, og mange får tildelt forskingstid ut frå dokumenterte resultat. Eg trur universiteta vil bevege seg i same retning som høgskolane på dette området, seier prorektor ved NTNU, Kari Melby og meiner at dette har vore diskutert ved NTNU lenge før det blei aktuelt med høgskolefusjonar.

Ikkje berekraftig over tid

– I utgangspunktet vil dei tilsette ved NTNU få behalde forskingstida også etter fusjonane. Men over tid er det ikkje berekraftig å gje ein stor ressurs til forsking om det ikkje kjem dokumenterbare resultat ut av forskinga. Det er ein liten del av dei tilsette som står for ein stor del av publiseringane. I lengda ser vi det ikkje som rimeleg at dei som yter lite eller ingenting med omsyn til dokumenterte forskingsresultat, skal ha ein like raus forskingsressurs som dei som dreg det tyngste lasset. Dette gjeld ikkje berre ved NTNU, men ved alle institusjonane i Norge, seier prorektor Melby til Forskerforum.

Foto: NTNU

— Eg trur vi må ta innover oss at vitskapleg tilsette har styrken sin på ulike felt. Nokre er veldig gode til å undervise, og ønskjer å forske mindre, seier Melby (biletet over).

Halv dag på Gjøvik

Ved Høgskolen i Gjøvik (HiG), som er ein av fusjonspartnarane til NTNU, har dei tilsette inga fast ordning for tildeling av tid til FoU, men alle får ti prosent («ein halv fredag») til eigenutvikling. Dei som forskar mykje, får gjerne tildelt forskingstid etter søknad, men her er ingen klar regel.

Steinnes ved NTNU er skeptisk:

— Rektor ved NTNU har lenge sagt at forskingstida vil bli meir differensiert. Han har vore temmeleg tydeleg på at det ikkje er sikkert vi ville ha behalde den norma for forskingstid vi har i dag, sjølv om vi hadde gått vidare aleine. Men presset som alt er der, blir ikkje mindre med fusjonane. Det blir trykk på alle frontar når alle system skal spikrast på nytt. Tid til forsking er eit kjernepunkt. Det handlar ikkje minst om kvalitet i forskinga, noko som var ein av hovudgrunnane for heile strukturprosessen, seier Steinnes. 

Forskarforbundet for fleksibilitet

Forskerforbundet har medlemmar både ved høgskolane og universiteta. Og leiar i Forskerforbundet, Petter Aaslestad, har ein professorstilling ved NTNU. Men Aaslestad støtter sin lokale fagforeiningsleiar:

— Ordninga med 50 prosent forsking og 50 prosent undervisning for førsteamanuensar og professorar er eit viktig grunnlag for å halde ved lag kvaliteten i akademia. Redusert forskingstid vil også kunne ramme kvaliteten på den forskingsbaserte undervisninga, seier Aaslestad.

Han meiner likevel ordninga bør vere fleksibel.

— Det bør vere rom for individuelle avtalar, slik at dei tilsette i periodar kan forske meir eller mindre, etter avtale med instituttleiaren, meiner han.

— Ordninga vi har, med lik fordeling til forsking og undervisning, er ein garantist for akademisk fridom, seier forbundsleiaren til Forskerforum.

Ikkje tema i Bergen

Ved Universitetet i Bergen har det ikkje vore drøfta tilsvarande tankar om forskingstida, men rektor Dag Rune Olsen seier til På Høyden at han meiner det som skjer på NTNU no er ein uunngåeleg konsekvens av fusjonen. 

— Det ville forbause meg om det ikkje kjem endringar. Årsaka er at høgskolane har ei heilt anna ordning. Men korleis NTNU ønsker å harmonisere dette, har eg ikke tenkt over, seier UiB-rektoren til På Høyden.

Forskningstid er eitt av spørsmåla rektoratet har bede fakulteta tenkje over i høringssvara om ei utgreiing av fusjon mellom UiB og Høgskolen i Bergen også. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS