— Eg må innrømme at det var ein gong i fjor haust at eg trudde at eg skulle på jordomsegling, seier professor Jan Martin Nordbotten til På Høyden. Foto: Dag Hellesund Foto: Dag Hellesund

Matte-professor i Bergen på jordomsegling med full løn

Ein av Universitetet i Bergen sine mest eksponerte forskarar har det siste året vore på jordomsegling, mens han har heva ei løn på nær 800 000 kroner. Rektor Dag Rune Olsen meiner ordninga er heilt i orden.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Matematikkprofessor Jan Martin Nordbotten har sjølv oppgitt at han drog frå Noreg i april 2015. Heile det siste året har han heva full løn frå Universitetet i Bergen. For 2015 har han oppgitt å ha segla i 85 døger med den 40 fot store Colin Archer-skøyta han eig, Lady Free. Først i mai og juni 2016 har han tatt permisjon utan løn, skriv På Høyden.

I tillegg til å vitje matematiske institutt på vegen, har han vore i Antarktis.

Rio de Janeiro

På vegen frå Noreg har Nordbotten hatt eit lengre opphald i Rio de Janeiro, der han var frå 15. august til 30. september 2015 på Instituto Nacional de Matemática Pura é Aplicada (IMPA). I tillegg har Nordbotten delteke på nokre konferansar, symposium og liknande arrangement. Han er og rettleiar for fleire studentar.

I romjula drog Nordbotten saman med fire andre til Antarktis i to veker, før turen gjekk vidare til Chile. 

— Segla ikkje i arbeidstida

Arbeidsgivar UiB har ikkje hatt innvendingar mot seglinga til den unge, suksessrike forskaren, som blei professor allereie i ein alder av 27 år. Han var då ein av dei yngste norske professorane gjennom tidene. Nordbotten har òg formidla mykje, og var mellom anna med-programleiar i «Norges smarteste» saman med Nadia Hasnaoui i fjor haust.

UiB-rektor Dag Rune Olsen er klar på at all seglinga har skjedd i fritida til Nordbotten:

Det er ikkje grunnlag for å seie at han har segla i arbeidstida.

Dag Rune Olsen

I utgangspunktet er eg ikkje interessert i å diskutere detaljane. Alt har vore avklart med UiB.

Jan Martin Nordbotten

— Det er ikkje grunnlag for å seie at han har segla i arbeidstida. Nordbotten har levert på alle parametra vi følgjer opp våre vitskapleg tilsette på. Eg opplever at han har oppfylt krava på ein utmerka måte.

— Men kan ein ikkje tenkje seg at han kunne ha levert endå betre om han var tilstades her som ein aktiv del av fagmiljøet i Bergen?

— Det blir ei litt hypotetisk problemstilling. Vi har jo folk ute i den store verda til ei kvar tid fordi både vi og dei trur at det er meir produktivt. Nordbotten har mellom anna jobba mykje på Princeton. Vi er veldig opptekne av at folk skal vere der ute, og at dei ikkje treng å sitje på kontoret sitt for å levere utmerka forsking. Ein kan sikkert sitje på kontoret sitt og vere isolert frå fagmiljøet òg, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Fri arbeidstid

Rektor Olsen viser til at vitskapleg stillingar ved universitetet i Bergen er definert som særleg uavhengige, og at dei vitskapeleg tilsette difor har fridom til å styre arbeidstida si sjølve.

— Forelesarar og andre må ha stor fleksibilitet til å leggje opp undervisning, tokt og anna, både tidsmessig og stadmessig, seier UiB-rektoren.

— Er det fritt fram for alle vitskapleg tilsette å dra på jordomsegling så lenge dei utfører jobben sin? 

— Det står det eigentleg ikkje noko spesifikt om. Det tyder at vi ikkje pålegg folk å møte på campus. Men vi legg til grunn at dei leverer den forskinga og den undervisninga dei skal i høve til dei oppgåvene dei har.

— Så dei står fritt til å dra på jordomsegling?

— Nei, å ha ei stilling som professor hos oss med alle dei pliktene det medfører vil vere uforeinleg med å vere borte i lengre periodar. Men det er vel difor Nordbotten tek permisjonar òg. Om han seglar rundt jorda i løpet av si karriere på UiB, men i etappar der han bruker permisjonar og ferie og fritid er for så vidt greitt nok. Eg legg meg ikkje opp i om folk er på jordomsegling på fritida, men dei skal sjølvsagt gjere jobben sin og vere tilstades når dei skal undervise og rettleie. Difor legg eg til grunn at når dei skal segle, så søkjer dei permisjon eller bruker ferie og fritid, seier Olsen.

Har heva full løn det siste året

Men Nordbotten tok altså ikkje ut permisjon i løpet av det første året han var på jordomsegling, og som mellom anna tok han frå Noreg til Brasil, Falklandsøyene, Antarktis og Chile. I løpet av 2015 fekk han ei professorløn på brutto 780 000 kroner. For januar til april 2016 har han òg fått ei løn på 65 000 kroner brutto per månad, syner tal På Høyden har fått innsyn i.

Nordbotten har i fleire år budd i båten sin i Bergen, og han har òg brukt han som framkomstmiddel og losji under opphald som gjesteforskar i utlandet. I 2012 til 2013 segla han båten til Spania, og på vegen tilbake drog han innom Grønland. Men seglasen som starta i fjor har eit større omfang, og Nordbotten er i gang med ein segltur som følgjer ei av dei klassiske jordomseglingsrutene for båtar frå Nord-Europa.

UiB-professoren og kjærasten Cecilie Evjen (faksimile) har og hatt planar om å gifte seg i Stillehavet i oktober 2016, på øya Huahine-Iti i Fransk polynesia. Om dei gjennomfører planen vil dei vere omtrent halvvegs på ei full jordomsegling.

Tilgjengeleg for alle

Jan Martin Nordbotten seier at han uansett seglar på ferie- og fridagar, eller tek permisjon.

— Kva avtale har du gjort med arbeidsgivar når du er på reise med seglbåten din?

— Avtalen er stort sett den same som for alle andre vitskaplege tilsette. Som regel oppheld eg meg på vitskaplege institusjonar. Men når eg er langt utanfor allfarveg, tek eg permisjon. Men i utgangspunktet er eg ikkje interessert i å diskutere detaljane. Alt har vore avklart med UiB, og reise med privat framkomstmiddel som bil eller båt er tillate i staten.

— Men får du gjort jobben din når du er på langtur?

— Eg må forhalde meg til dei arbeidsoppgåvene eg får frå min leiar, og at eg gjer alt mitt arbeid. Eg er tilgjengeleg for alle, på lik linje med andre som er på forskingsopphald.

— Du har fått lov til å dra på langtur av arbeidsgivar. Er dette noko du meiner andre tilsette ved UiB og bør få høve til?

— Først og fremst meiner eg at dei fleste må få gjere det dei ønskjer på fritida si, seier Nordbotten.

— Tek permisjon utanfor allfarveg

Nordbotten meiner at han har brukt av dei kring 112 laurdagar, søndagar og offentlege fridagar ein har i Noreg i løpet av eitt år, i tillegg til 25 feriedagar, og at han ved å flytte på desse har nok fritid til å dekke dei 85 døgera han har vore til sjøs i 2015. Han tok ikkje permisjon då han segla til Antarktis i desember og januar i år.

Han er heller ikkje umiddelbart einig i at han er på jordomsegling.

— Eg er ikkje på jordomsegling, seier han til På Høyden.

— Men i søknaden din til Polarinstituttet om å få dra til Antarktis skreiv du at du var på jordomsegling?

— Eg må innrømme at det var ein gong i fjor haust at eg trudde at eg skulle på jordomsegling.

Privat jordomsegling

Nordbotten har i etterkant av eit telefonintervju gjort med han i april gitt uttrykk for at han ikkje ønskjer å bli sitert på  ei rekkje utsegn som handlar om jordomseglinga hans. Matematikkprofessoren meiner at det vil vere i strid med god presseskikk dersom På Høyden gjengir svara hans.

På Høyden deler ikkje hans syn på dette, og har difor vald å gjengi ein del av svara til Nordbotten over. Han har fått ei rekkje andre spørsmål i saka, men har i ein epost gitt uttrykk for at han ikkje ønskjer å svare på dei fleste av dei:

«Alle spørsmål som har “langtur” eller “jordomseiling” i spørsmålsformuleringen anser jeg i utgangspunkt som spørsmål om mitt privatliv, og jeg har derfor eksplisitt uttrykket at jeg ikke ønsker å interviewes om dette.»

— Nyttar meg av mulegheitene

Jan Martin Nordbotten er nøgd med at han har ein arbeidsgivar som gir han såpass stor fridom at han kan kombinere det å segle jorda rundt med jobben. Men han synest likevel at ordninga er rimeleg.

— Eg har vore tilsett på fulltid på UiB sidan 2005. Eg synest det er ein bra arbeidsplass, og set pris på de mulegheitene eg får i jobben. UiB er ein god arbeidsgivar fordi dei gir deg høve til å organisere forskinga fleksibelt. At eg vel å strukturere feriane mine på ein slik måte at eg kan utfolde hobbyen min, synest eg er rimeleg.

— Strekkjer du den akademiske fridomen for langt?

— Eg nyttar meg av dei mulegheitene som ligg innanfor den stillingskategorien eg er tilsett i.

Nordbotten har i mai og juni 2016 tatt ut permisjon for å dyrke hobbyen sin. Så langt På Høyden kjenner til er han no ein stad i Stillehavet. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS