Rektor ved Universitetet i Tromsø, Anne Husebekk, leiar fusjonssamtalane med nye høgskolar, men har ikkje begynt å snakke om forskingstid enno.

Lik forskingstid i Tromsø

Universitetet i Tromsø er igang med sin tredje fusjon, og gir alle lik forskingstid, uavhengig om dei kjem frå høgskole eller universitet. Dei har ingen planar om å endre dette.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

NTNUs prorektor for forsking, Kari Melby, sa nyleg til Forskerforum at ho meiner at universiteta må bli meir like høgskolane når det gjeld tildeling av forskingstid, utan at ho ser dette i samanheng med universitetets fusjon med tre ulike høgskolar.

Les også: Universiteta kan bli meir like høgskolane i forskingstid

Dei mange fusjonane som er på gang landet rundt har aktualisert problemstillinga og både Forskarforbundet og ulike vitskaplege tilsette, først og fremst ved NTNU er uroa.

Dei er redde for at det blir dårlegare forhold for forsking ved NTNU, enn ved universiteta i Bergen og Oslo for eksempel.

Førstekompetente frå høgskolane fekk meir

I tidlegare fusjonar har vi gjort det slik at tildeling av forskingstid blei gjort uavhengig av kva for ein institusjon ein kom ifrå

Kenneth Ruud

På Universitetet i Tromsø (UiT) har dei lang erfaring i fusjonar med ulike høgskolar og er no igang med sin tredje. Den første var i 2009 då dei fusjonerte med Høgskolen i Tromsø. I 2013 fusjonerte dei med Høgskolen i Finnmark og no er dei igang med samtalar med Høgskolen i Harstad og Høgskolen i Narvik. 

— I tidlegare fusjonar har vi gjort det slik at tildeling av forskingstid blei gjort uavhengig av kva for ein institusjon ein kom ifrå. Det betyr at dei med førstekompetanse frå høgskolane fekk meir forskingstid, seier prorektor for forsking ved UiT Norges Arktiske Universitet, Kenneth Ruud.

Tromsø tenkjer ikkje som NTNU 

Det betyr at ein førsteamanuensis, professor eller dosent fekk 50 forskingstid og 50 prosent undervisningstid, mens ein førstelektor fekk 30 prosent. 

— Det betyr at de ikkje tenkjer på same måte som t.d. prorektor ved NTNU, Kari Melby, som meiner at universiteta må bli meir likare høgskolane når det gjeld tildeling av forskningstid? 

— Vi tenkjer ikkje at forskingstid er noko ein skal gjere seg fortent til, som sådan. Men arbeidsgivar sin styringsrett gir høve til å endre fordelinga med +-10 prosent, dvs. forskingstid mellom 40 og 60 prosent. Vi oppmodar om at dette skal praktiserast, men ser at det i liten grad blir brukt, seier Ruud. Han meiner også at tildeling av forskingstid er noko som må bli løyst på dei enkelte institutta. 

Rektor ved UiT, Anne Husebekk, som er den som no sit i samtalar med Høgskolen i Narvik og Høgskolen i Harstad, understreker at dei ikkje er komen så langt i samtalane enno at forskingstid har blitt tema.

Frivilligheit er best

— Mi meining er at institutta må løyse dei oppgåvene dei må, både når det gjeld undervisning og forsking, og at det beste er om det kan vere ei frivilligheit frå begge sider, då har vi mulegheit til å gjere endå større avvik, seier Ruud.

Han legg også til at han ikkje trur noko på at tilsette og kvardagen er skrudd saman slik at 50/50-fordeling passar alle. 

— Tildeling av forskingstid må vere ein del av medarbeidarsamtalane. I periodar kan det vere at den enkelte har behov for meir eller mindre forskingstid og då skal det vere muleg å ta opp og diskutera dette. Det er ei retning vi ønsker å bevege oss, seier Kenneth Ruud (biletet under) og legg til:

— Ikkje nødvendigvis for at vi skal redusere forskingstida til den enkelte, men for å få ei felles forståing og komme fram til ei fordeling slik at alle får ein arbeidskvardag dei trivst godt med, samtidig som instituttet får løst sine oppgåver. Og den enkelte sin ønsker og behov kan jo variere gjennom karriera..

Nokre få publiserer mest

— Men det er vel slik ved UiT også at det er nokon få som står for det meste av publiseringa? 

— Forskingsmeldinga vår viser at 20 prosent står for 60 prosent av publikasjonane, men publikasjonar er ikkje det einaste målet på forskingsaktivitet. Vi blei jo granska av Nordlys her for nokre år sidan og då fann dei at det var 17 av våre tilsette som ikkje hadde publisert noko dei siste sju åra.

— For det er jo framleis slik at det har meir status å forske enn å undervise?

 — Det må bli meir attraktivt å undervise. Vi jobbar med eit prosjekt der vi har som mål å få til dette, ein lik meritteringsveg for forsking og undervisning, seier Ruud.  

Forskerforbundet vil ha kvalitet

Forskerforbundets hovedtillitsvalgt ved UiT, Ellen Karoline Dahl, sier at dei er mest opptekne av kvalitet. 

—  I eit møte med rektor for to veker sidan, tok Forskerforbundet opp at vi såg det som ein føresetnad for å nå målet om høgare kvalitet i forsking og undervisning, at UiT sine retningslinjer også vil gjelde ved nye samaenslåinger. Dette var rektor samd i, sier ho.  

— Skal vi heve kvaliteten i utdanning og forskning, som er bakgrunn for dei nye strukturendringane, meiner Forskerforbundet ved UiT at det er en føresetnad at forskingsbasert undervisning blir løfta opp for å nå departementet si målsetting. Det må tilførast rikeleg med omstillingsmiddel, slik at ein kan løfte både nivået og omfanget av FoU-produksjonen til vitkapelege tilsette. Med god tilrettelegging og god leiarstøtte, kompetanseheving og samanhengande tid til FoU vil vi kunne nå dette målet, seier tillitsvald Dahl. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS