null Foto: Ingvild Festervoll Melien

1523 nye doktorar

Norske institusjonar utdanna i alt 1523 nye doktorar i 2013.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitet i Bergen er blant dei som aukar mest.

Den ferske NIFU-rapporten «Doktorgrader i tal» viser at UiB utdanna 265 doktorar i 2013. Dette er fjorten fleire doktorgrader enn i 2012.

— Dette er vi godt nøgde med, seier prorektor Anne Lise Fimreite (bildet) til På Høyden.

Ho hadde venta at talet skulle vere lågare.  

— Det er eigentleg fleire enn det som var forventa. Ut frå opptakstala var det spådd ein svak nedgang i 2013, seier Anne Lise Fimreite.

Medisin og helsefag er det klart største fagområdet, dersom ein legg talet på disputasar til grunn.

Ser ein Norge under eitt, er talet på avlagte doktorgrader innan medisin og helsefag 485. 

Alle institusjonar i Noreg:

  • Medisin og helsefag: 485
  • Matematikk og naturvitskap: 360
  • Samfunnsvitskap: 279
  • Teknologi: 193
  • Humaniora: 142
  • Landbruksfag og veterinærmedisin: 64

pahoyden.no/Foto: Ingvild Festervoll Melien

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS