polarforsking

Forskaren som forsvann

Frå 1840-talet gjekk ein vekk frå Christopher Hansteen sine tankar om at det kan finnast fire magnetiske polar. No er tida inne for å ta fram igjen Hansteen, meiner forfattar Vidar Enebakk.

Christopher Hansteen vart viktig for utvikling av vitskapen i Noreg. I ei tid då grunnlova var fersk og nasjonsbygging stod i fokus, jobba han mellom anna med almanakk, kart, nordlys og tidssoner.

Han vart fødd som eit barn av embetsstanden, kom seg til Sibir på tidleg 1800-tal, men er i dag mest kjend for å ha vore redaktør for almanakken. No er det på tide å sjå på Christopher Hansteen (1784-1873) med nye auge, meiner Vidar Enebakk. Han har nyleg gitt ut boka «Christopher Hansteen. Vitenskapsdyrker og polarforsker».

– Dersom ein først får auga opp for kor viktig Hansteen var, er det rart kor lite kjend han er i dag. Og i den grad han blir hugsa, er det som astronom. Men det han var internasjonalt kjend for, var studia av jordas magnetisme.

Fekk reisa til København

Historia om Christopher Hansteen har sjølvsagt òg ein start. Han vart fødd ikkje langt frå Akershus festning i dåverande Christiania, inn i ein velståande familie. Faren var konsumpsjonsinspektør. Konsumpsjon var forbrukaravgift på varer som korn, kjøt, fisk og øl, og inspektørane var embetsmenn. Men faren døydde då Christopher var berre sju år gamal, og då vart det ein annan økonomisk situasjon for familien. Heldigvis for guten var det mora sin onkel som var rektor ved katedralskulen i byen. Der fekk unge Christopher plass, og onkelen vart ein slags farsfigur.

Det var opplysningstid, det var utdanningsreform, og no kunne ein ta artium i Noreg. Godt nytt for Christopher Hansteen. I 1802 hadde han med seg toppkarakterar i fleire fag då han reiste til København for å studera. Og det var i Danmark han for første gong såg ein globus.

Hansteen skulle studera juss, men var ikkje så veldig interessert i det. Men han vart ein del av eit miljø rundt mellom andre nasjonalskalden Adam Oehlenschläger og naturforskaren Hans Christian Ørsted, der magnetisme og elektrisitet var blant tema.

Det skjedde fleire viktige ting i Danmark: Hansteen møtte Andrea Borch, som vart kona hans. Ho var professordotter. Han fekk ei stilling i Frederiksborg, nord for København, før han i 1813 vart henta til det heilt nye universitetet i Christiania; Det Kongelige Frederiks Universitet. Det vart han lektor i anvendt matematikk i 1814 og professor berre to år seinare.

Lista over kva Hansteen gjorde til nytte for den nye nasjonen, er lang: I 1815 vart han redaktør for den offisielle norske almanakken, han styrte universitetet sitt astronomiske observatorium, var i leiinga i det som i dag er Kartverket frå 1817, og han sytte føre at Noreg fekk same tid.

Men kvifor er han så lite kjend i dag?

Dette er Hansteen sitt kart over den amerikanske magnetpolen, frå 1825.

Var Abel sin lærar

– Det er lite plass til naturvitarar i den norske offentlegheita, seier Vidar Enebakk.

Idéhistorikaren er tilsett som sekretariatsleiar for Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora (NESH), og har skrive boka om Hansteen på fritida. Utgangspunktet var forsking han gjorde frå 2009 til 2012, då han var tilsett som forskar ved Forum for universitetshistorie.

– Eg trudde eg skulle skriva om Hansteen og observatoriet, men så kom eg over desse magnetgreiene etter kvart, humrar Enebakk.

Meir om magnetane om litt.

Men det er altså slik at dersom ein vert beden om å koma med namnet på ein stor matematikar frå tidleg 1800-tal, er sjansen stor for at det er eit anna norsk namn ein kjem på: Niels Henrik Abel. Han var ingen andre enn eleven til Hansteen, og ifølgje Store norske leksikon vart både Hansteen og kona viktige for den noko yngre Abel.

– Hansteen var oppteken av anvendt matematikk. Det han gjorde var nok meir relevant i samtida, men det var den teorietiske Abel som vart idealisert, seier Enebakk.

Med arbeid med både almanakk, observatoriet og ymse anna, var det mange i samtida som visste kven Hansteen var. Han var ein formidlar, som skreiv i både aviser og vekeblad, og han skreiv lærebøker – i tillegg til vitskapelege artiklar.

– Det kan vera vanskeleg å forstå i dag kor mykje tid som gjekk til å skaffa pengar. Ein måtte ha pengar til bygg og ein måtte ha råd til å reisa. Tanken om at staten skulle finansiera langsiktig og grunnleggande forsking var fjern på denne tida, så styresmaktene måtte overtydast, fortel Enebakk

Eit kappløp

Hansteen lukkast med overtyding. I 1819 fekk han gitt ut verket «Untersuchungen über den Magnetismus der Erde». Dette arbeidet var støtta av sjølvaste kong Karl Johan. Same år reiste Hansteen til London for å promotera boka si, og der starta han òg å gjera målingar med eit nytt instrument: Hansteens magnetometer. Dette skulle koma til å verta viktig i åra som kom.

Enebakk skildrar at Hansteen såg vel hundre år attende i tid, til den britiske naturforskaren Edmond Halley. Han hadde ein teori om at jorda hadde fire magnetpolar. Hansteen tok tak i denne teorien: Var det slik at det kunne vera ein magnetpol i Sibir?

For Hansteen var det enkelt: Han måtte til Sibir og finna ut av dette. Med støtte frå både konge og Storting reiste han så gjennom Russland frå 1828 til 1830.

– Det var mange som hadde peika mot Sibir, men det hadde ikkje vorte gjort presise målingar. No var det fleire som la ein ambisjon om å reisa dit, seier Enebakk.

I 1829 reiste også den kjende tyske naturforskaren Alexander von Humboldt gjennom Russland for å kartlegga jordas magnetisme.

– Rett og slett eit vitskapeleg kappløp?

– Ja, det kan ein seia. Og Hansteen var underdog. Men han fann sin magnetpol i Sibir.

Dette er ei skisse over Hansteen sitt magnetometer.

Møtte motstand

Hansteen var altså i Sibir i to år, gjorde målingar, og skreiv deretter eit populærvitskapeleg verk som før Ibsen sine verk var den mest lesne norske boka i utlandet.

Men Hansteen møtte motstand. Den tyske matematikaren Carl Friedrish Gauss avviste førestillinga om at det kunne vera fire magnetpolar. Og synet hans vart etter kvart det rådande. Men det betyr ikkje at Hansteen tok feil, seier Enebakk.

– Det er ein myte at Hansteen sjølv trudde at han ikkje hadde funne noko. Dette stemmer ikkje. Og i Storbritannia i 1830-åra vart Hansteen sine teoriar omfamna, Først frå 1840-åra blei teoriane til Gauss dominerande.

Kvifor skjedde dette?

I boka skildrar Enebakk korleis det tidleg på 1800-talet oppstod ei form for romantisk vitskap, i tradisjon frå den tyske forfattaren og vitskapsmannen Johann Wolfgang von Goethe. I denne tradisjonen passa både Humboldt og Hansteen inn, skriv Enebakk. Romantikken var metafysisk i både religiøs og vitskapleg forstand: Den romantiske og religiøse impulsen gjenfinnes i Hansteens syn både på natur og på vitskap. Hele forestillingen om naturen som tilslørt og vitskap som avsløring bygger på ei bestemt oppfatning av Gud», skriv Enebakk.

–Hansteen og Gauss hadde altså ulike syn på sjølve vitskapen: Hansteen arbeidde som fysikar og stilte grad spørsmålet «kva er årsaka», medan matematikaren stilte spørsmålet «korleis kan me skildra fenomenet». Gradvis vann tilnærminga til Gauss fram, og Hansteen var stempla som gamaldags, seier Enebakk.

Observatoriet på Solli, måla av Peter Christian Friderich Wergmann i 1837.

… men kanskje hadde Hansteen rett?

Hansteen og familien flytta inn i det nye Observatoriet på Solli i 1833. Kor viktig han vart for universitetet vart tydeleg på fleire måtar: Det vart laga ein medalje for å æra han då han hadde 50-årsjubileum som embetsmann i 1856. Studentane samla inn pengar til ei byste av han, som vart stilt opp i Observatoriet. Då Hansteen døydde i 1873 skreiv Bjørstjerne Bjørnson «Studentenes song ved Professor Hansteens båre», og det var universitetet som betalte gravferda.

Sjølv om Hansteen altså på eit vis tapte for Gauss tretti år tidlegare, var han framleis overtydd om at det var han som hadde rett. Det handla ikkje eigentleg om usemje, meinte han, men om ulike innfallsvinklar. «Naar man har sagt, at jeg har feilet ved at tillægge Jorden fire magnetiske Poler, da den kun har to, saa er det ei aldeles tom Ordstrid, idet vi tale om aldeles forskjellige Ting», skreiv Hansteen sjølv.

No ser forskarane attende til Hansteen. I 2019 skreiv Aftenposten at den magnetiske polen flyttar seg med 55 kilometer i året. Det er mykje raskare enn tidlegare, og forskarane er usikre på kvifor.

Det var briten James Ross som klarte å plassera den magnetiske nordpolen, det skjedde i 1833. Og apropos kappløp, så var det Roald Amundsen som var den første som klarte å finna det nøyaktig, og han viste òg at polpunktet var i rørsle.

No har forskarar byrja å interessera seg for dei historiske måledataa frå Hansteen, seier Enebakk.

– Betyr det som skjer no at Hansteen kan ha hatt rett?

– Nei, men kanskje han ikkje tok heilt feil likevel? No viser internasjonale forskarar til «ein fyr i Noreg som forska på ein magnetpol i Sibir for to hundreår sida», humrar Enebakk.

Powered by Labrador CMS