publisering
Forskarar publiserer ein gong i veka — mistenker fusk
Langt fleire forskarar enn før er tilsynelatande ekstremt produktive. Ekspertar trur ikkje alle har reint mjøl i posen.
![Thailand gjorde eit byks frå 1 prosent i kategorien «ekstremt produktiv» i 2016 til 19 prosent i 2022.](https://image.khrono.no/835531.webp?imageId=835531&x=0.00&y=0.00&cropw=87.83&croph=100.00&width=960&height=548&format=jpg)
Enkelte publiserer ein ny vitskapeleg artikkel kvar femte dag, ifølgje
statistikk omtalt i Nature.
Talet på forskarar som pumpar ut meir enn 60 artiklar på eit år er nær firedobla på under ti år.
— Eg mistenker at tvilsame forskingspraksisar og svindel kan ligge under nokon av dei mest ekstreme tilfella, seier John Ioannidis ved Stanford University, ein av dei som har vore med å utarbeide statistikken.
Landbruk på topp
Ioannidis og kollegaene hans har gått gjennom artiklar frå ulike fagfelt i perioden 2000 til 2022, med unntak av fysikk, som skil seg ut med ein publiseringspraksis der høg frekvens er meir normalt.
Samla viste dei mest produktive forskarane seg å høyre heime i klinisk medisin. Den største auken i hyperproduktive forskarar jobba med landbruks- og fiskeriforsking, etterfølgd av biologi og matematikk og statistikk, ifølgje undersøkinga.
Særleg to land utmerker seg: Thailand gjorde eit byks frå 1 prosent i kategorien «ekstremt produktiv» i 2016 til 19 prosent i 2022.
Radikal omlegging
I absolutte tal var Saudi-Arabia landet der veksten var mest spektakulær. Der gjekk andelen «ekstremt produktive» frå 6 til 69 i same periode.
Ei forklaring på veksten i Thailand kan vere innretninga på forskingsfinansieringa, ifølgje David Harding, ein kjemikar som arbeider ved Suranaree University of Technology.
— Thailand har gjennomført ei radikal omlegging av forskingssektoren i eit forsøk på å auke produktiviteten, seier Harding til Nature.
Han trur også fokuseringa på universitetsrangeringar kan vere medverkande.
Nyeste artikler
Botanikarar vil luke ut krenkande plantenamn
Spionsiktet ville ha møte med departement for pengestøtte
Strümke: «KI vil gjere dei dårlege dårlegare og dei gode betre»
Høysesong for opptak. Disse studentene bruker sommeren på søkerne
NMBU-rektor støtter dekanen som har forventning om 25 prosent inntjening av lønn
Mest lest
Nynorskbastion får tyn. «Åtte språkfeil på tre setningar»
Her er Nordens beste universitet
Mange blir mer sårbare med ny finansiering. Hvordan skal utslagene fordeles?
Dro inn 150 millioner i 2023 på studenter som henne
— Sensorene må være med å definere grensa for stryk