Universitetet i Oslo
Forskarar måtte forlata arbeidsrom og laboratorium
Nye målingar viser at fleire av romma i Kristine Bonnevies hus ved Universitetet i Oslo inneheld asbeststøv.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Universitetet i Oslo har sett seg nøydd til å stenga fleire av romma i Kristine Bonnevies hus på Blindern.
Det skriv Uniforum.
Dei tilsette har fått brev
Like før påske kunne den same nettavisa melda at åtte forskarar frå Norsk senter for molekylærmedisin måtte forlata dei nyinnflytta lokala sine etter funn av asbeststøv.
Gruppa skal først ha fått melding om at dei måtte halda seg unna til 12. april.
I eit brev frå fakultetsdirektør ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Jo Døhl, og eigedomsdirektør ved UiO, John Skogen, som Uniforum har fått kopi av, kjem det fram at nye prøvar viser at det er asbeststøv på flatene i fleire av romma i Kristine Bonnevies hus.
Brevet er sendt til dei tilsette ved fakultetet, og det blir blant anna informert om at romma er stengt for vidare bruk fram til det er gjennomført full sanering av alt asbeststøv.
Ikkje asbest i lufta
I brevet blir det understreka at det ikkje er påvist asbest i lufta, berre i prøvar frå støv på golva i romma.
— Vi er oppmerksomme på at stengning av lokaler vil medføre ulempe for pågående aktiviteter, men ber om forståelse for at ivaretakelse av liv og helse skal gå foran alle andre hensyn. Ledelsen vil være engasjert i tilrettelegging og reduksjon av skadevirkninger for driften mens sanering pågår. Eventuelle kritiske behov, inkludert tilgang til stengte arealer, bes rettet til nærmeste leder, står det blant anna i brevet som Uniforum siterer frå.
Ifølge nettavisa, må dei som til vanleg arbeider i dei råka lokala venta i beste fall til seinare denne veka før dei kan ta i bruk igjen arbeidsplassane sine.
Nylige artikler
Fikk tommel ned for ny jusutdanning
Gir snart ut ny populærvitenskapelig bok: Noen må ta jobben med å se helheten
Innstilt som ny Ansa-president
Kaotisk kontor — helt til sensuren kommer
Forlik mellom Columbia og Trump-administrasjonen
Mest leste artikler
Klamt og kleint på LinkedIn
Vi drukner i verdiløse publikasjoner
Reagerer på framstilling av mannlige studenter:— Hersketeknikk
30 grader på kontoret. — Nå gir jeg opp
Student tapte i retten — får ikke gjennomføre praksis i sykepleierstudiet