Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
film
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Dette er jo ei anerkjenning frå festivaljury og publikum, om at dette er noko som utmerkar seg. Målet vårt var å fornya forma og sjangeren, og på den måten vera med på å bidra til noko nytt.
Det seier Trond Arntzen. Han er universitetslektor ved Universitetet i Agder (UiA), der han jobbar ved Institutt for nordisk og mediefag og har emneansvar for filmundervisninga. Tida ved sidan av jobben brukar han mellom anna til å skriva manus, og no har han skrive manus til filmen De berørte. Filmen fekk pris for beste manus under filmfestivalen i Grimstad, og no er filmen som heilskap nominert i kortfilmklassen under filmfestivalen i Haugesund.
Det var UiA sjølve som først skreiv om saka.
Filmen er basert på ei verkeleg hending frå 2018, frå Sverige. Ein 21 år gamal student gjekk ombord i eit fly. Ho hadde på førehand bestemt seg for å aksjonera for å stansa ein deportasjon av ein afghansk asylsøkjar, og nekta å setja seg i setet sitt, for slik å hindra flyet i å letta. Aksjonen vart strøyma til Facebook-sida hennar, og er delt 54 000 gongar.
— Korleis er det å laga film av ei verkeleg hending?
— Det er ikkje uvanleg. Me har vore tydeleg på at dette er ein fiksjonsfilm, som står på eigne bein, med utgangspunkt i ei hending, seier Arntzen, og seier vidare at filmen kommenterer og ser på det politiske i aksjonen.
— Det er mange interessante etiske problemstillingar i den aksjonen, legg han til.
Arntzen seier at han ikkje tok verken aksjonisten eller flyktningen sitt perspektiv. Det var heilt medvite val.
— Då måtte me ha skapt alternative personar.
I staden vert filmen eit slags kammerspel, altså noko som er skrive for ei lita, intim scene, der ein kjem tett på kva som skjer når nokon utfordrar regelverket i eit så konsentrert rom som ein flykabin er. Ein møter fleire av menneska som tilfeldigvis var ombord i akkurat dette flyet.
— Me har prøvd å skildra den flokkmentaliteten som kan oppstå, seier Arntzen.
— Er det meir utfordrande å laga ein kortfilm enn ein langfilm?
— Det er annleis. Det som kan vera utfordrande er å seia noko utover dei få minutta, og å ikkje laga ein kort langfilm. Det er sagt at ein kortfilm er som eit dikt, medan ein langfilm er som ein roman eller ei novelle. Det betyr at ein må vera medviten om kor mykje tid ein gir kvar enkelt karakter, ein må ha få handlingar og eit enkelt plot, seier Arntzen.
Regissør av filmen er Rikke Gregersen. Avgangsfilmen hennar ved Høyskolen Kristiania, De hensynsløse, vart Oscar-nominert i 2019.
Filmfestivalen i Haugesund opnar 14.august, med priutdeling same dag. Arntzen veit endå ikkje om han kan vera der.
— Eg vil gjerne ta turen, men det er midt i studiestarten, seier han.
Nylige artikler
Konferansen avslørte KI-bruk med ny metode. Avviste 500 artikler
NTNU-lab med storeslem i Horisont Europa
Uker med konflikt: Rektor fikk sparken
Oppfordrer til IT-studier. — Vi trenger at folk velger teknologi
Jeg har fått fire barn. Jeg forlater ikke akademia
Mest leste artikler
Søknaden ble vraket. Klage ga ny sjanse og tommel opp
Stipendiatens tidligere veileder krevde at avhandlingen skulle underkjennes
Store forskjeller mellom de mest og minst fornøyde studentene i sykepleie
Disse henter mest og minst fra Forskningsrådet
Ho veit at det kjem ein ny, vondarta svulst. No har ho tatt doktorgrad