Nord universitet
Følg styremøtet: Tilbod om Bodø-jobb for Nesna-tilsette
Framtida for dei tilsette ved Campus Nesna er mellom sakene på dagsorden på årets første styremøte ved Nord universitet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Alle tilsette på Nesna vil få tilbod om endra arbeidsstad når studiestaden på Nesna blir lagt ned frå 1. august neste år, går det fram av orienteringssaka til styret om status i arbeidet med studiestadstruktur.
Årets første styremøtet blir avvikla digitalt 5. februar frå kl. 08.00-12.00.
Totalt 71 personar har arbeid på Nesna, 29 av dei teknisk-administrative stillingar. Dei fleste kan rekne å få tilbod om jobb i Bodø etter nedlegginga, går det fram av sakspapira. Ulike overgangs- og økonomiske støttordringar er også skissert.
I desember 2020 vart det klart at ingen fast tilsette vil bli oppsagde i tida framover, verken på Nesna eller andre stader ved Nord universitet. Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag (FLU) har over lang tid vore gjennom ein kutt- og nedemanningsprosess. Ifølgje Nord universitet er talet på tilsette allereie tilstrekkeleg redusert til oppseiingar av fast tilsette blir nødvendig.