Emma Rydningen var ein av studentane som stilte kritiske spørsmå til rektor Dag Rune Olsen, blant anna om UiBs samarbeid med Equinor. Foto: Tor Farstad

Klimadebatt på UiB: — Kan denne mannen bli ein grøn Gerhardsen?

Klima. — Lat oss starte med elefanten i rommet, sa rektor Dag Rune Olsen. Men han skulle vise seg å ha lang steiketid då studentane la han på grillen.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Sjå opptak av debatt nederst i saka.)

Det er klima for klima om dagen ved Universitetet i Bergen: Retningslinjer for mindre karbonbelastande reising er rett rundt hjørnet. Julebordet blir kjøtfritt. Rektor er ikkje lenger klimaversting, berre nestversting.

Og fredag slo universitetet til med stor klimadebatt, etterfølgt av «Roast en rektor» i regi av Studentparlamentet.

Eg elskar ordet skam!

Dorothy Dankel

— Vi må ikkje skamme oss, sjølv om vi skal understreke alvoret, sa professor Kjersti Fløttum, ein av paneldeltakarane.

Det var ikkje Dorothy Dankel frå Institutt for biovitskap heilt einig i, i alle fall ikkje for hennar eigen del:

— Eg elskar ordet skam! sa ho og la akademisk til:

— Det er sikkert fordi eg har hatt ein lutheransk oppvekst. Det finst tilgjeving!

Det var i det heile ein munter tone og eit hint av håp i ordskiftet om det djupt alvorlege emnet – dei globale klimaendringane og korleis universitetet kan gjere sitt for å redde kloden.

Dorothy Dankel frå Institutt for biovitskap, Ståle Knudsen frå sosialantropologi og Kårstein Måseide frå CET på scenene under klimadebatten i Bergen. Foto: Tor Farstad

— Eg er veldig optimistisk, slo klimaforskar Helge Drange fast. Han har vore ei høgst nøktern, og kritisk, røyst i den akademiske klimadebatten.

Dei interkontinentale

Drange fortalte også om kor godt det var å sleppe å sleppe å bidra med desse mengdene CO2, som for universitetsfolk ofte stammar frå flyreiser.

— Alle osloreisene … opp halv fire, flyge, møte ein halv time, tilbake … Kor mange gonger har ikkje gjort det? Eg kan ikkje forsvare det for kommande generasjonar, sa Drange.

For dei som måtte vere i tvil, han har stumpa Flesland for lengst. Han tar toget når han neste veke skal møte kollegaer i Kristiansand.

Reisevanar var i det heile ein viktig del av debatten, eller snarare samtalen, på UiB. I 2018 gjekk tilsette på jobbflyet 23 158 gonger (11 579 t/r-reiser). Leiar på institutt for sosialantropologi, Ståle Knudsen, tok utan å nøle på seg ein rikeleg del av skulda. Sosialantropologar må reise, det er vanskeleg å observere i Amazonas på skype.

På antropolog Knudsens institutt gjer 90 prosent feltarbeid på andre kontinent enn det europeiske. Det blir grovt rekna rundt 100 interkontinentale reiser årleg der i garden, kunne Knudsen fortelje. Men også antropologane bør reflektere over kor ofte dei må reise, meinte han.

Karstein Måseide ved CET, Senter for klima- og energiomstilling, slutta seg til optimismen. Måseide og CET har utarbeidd grunnlaget og vore pådrivar for dei komande retningslinjene for reising. Det er berre drygt eit år sidan dei begynte å diskutere dette på CET.

— Det har ikkje vore så vanskeleg å få dette på plass som vi trudde då vi begynte, sa Måseide.

Olsen vil redusere meir — og meir

Studentane gjorde seg klare til «Roast en rektor»-delen, som det unekteleg var knytt visse forventningar til. Imens stilte debattleiar Guri Solberg frå TV 2, gift med ein klimaengasjert filosof på UiB, sine spørsmål.

— Du blei nærast kalla ein aspirant til å bli ein grøn Gerhardsen, men då må du vel doble eller kvadruple innsatsen. Skulle du dratt på litt meir? spurte Solberg.

Grøn? Blå? Klimavennleg? Kva merkelapp som høver best for Universitetet i Bergen var eitt av spørsmåla som vart stilt. Samtaleleiar Guri Solberg lurte på om Olsen burde doble, eller kanskje firedoble innsatsen for å redusere CO2-fotavtrykke sitt. Foto: Tor Farstad

— Det er fullt mogleg, sa Olsen, utan å kommentere dobling eller kvadrupling noko vidare.

— Eg kan ikkje redusere på ambisjonane, for det gir eit incitament til å jobbe endå meir. Heldigivis ser det ut til at eg når mitt eige mål om å redusere CO2-avtrykket med ti prosent i år, sa Olsen.

Så var det studentane sin tur.

Ikkje ja, ikkje nei

Rektor vart raskt plassert i kategorien «kvite menn som pusher pensjon».

Er det nok å redusere ti prosent? fekk Olsen spørsmål om.

— Nei, det er det nok ikkje. Eg kjem til å redusere meir enn 10 prosent neste år, sa Olsen, men førte ikkje setninga inn i noko konkret.

Emma Rydningen, Extinction Rebellion- activist, prøvde å stille Olsen til veggs rundt universitetets avtale om pengeforsyningar frå Equinor.

— Havvind, svarte Olsen, utan at Rydningen hadde funne noko om det i avtalen.

Er klimanøytralitet om 11 år, som UiB har som mål, nok?

Olsen svarte ikkje ja. Heller ikkje nei.

Det var kanskje ikkje nok varme på grillen. Den sjølverklærte elefanten i rommet, rektor Dag Rune OIsen, har lang steiketid.

— Vi treng eit nytt sosialt og politisk system. Vi må bort frå dagens system som berre gagnar dei privilegerte få, sa Rydningen.

Med det trefte ho truleg alle i den fullsette salen ein stad i mellomgolvet.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS