Geolog Julie Bjørlien i Statens vegvesen har den fulle merksemda til studentane som er ute i felt. Detaljane ho gir er avgjerande for korleis studentane får løyst oppgåvene sine. Foto: Tor Farstad

Brukar dødsvegen som læringslab

Geologi. Når framtidas geologar skal trenast opp, må dei ut på dei farlegaste vegane i landet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

E16, Stanghelle (Khrono): Nær 40 studentar og fire førelesarar ser opp mot fjellsida, som sender stadig nye ras nedover hovudvegen mellom Bergen og Oslo.

Akkurat no er alt stille, unntatt duren frå vogntoga på vegen like ved. Men sidan år 2000 har Statens vegvesen hatt meir enn 200 hendingar med jordskred, snøras og steinsprang. Berre flaks har gjort at skreda ikkje har tatt liv.

— Eigentleg er dette himmelen for ein geolog som interesserer seg for ras, seier geologiprofessor Jostein Bakke syrleg.

Eigentleg er dette himmelen for ein geolog som interesserer seg for ras

Jostein Bakke

Skisser av skred

Mens mange utdanningar slit med å få nok tid til feltkurs, og Norges geologiske undersøkingar difor delvis må hente fagfolk frå utlandet fordi dei har meir felterfaring, har Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen satsa på tid ute i naturen.

Og ein kort køyretur unna har dei den beste læringslaben: E16 er kåra til Norges farlegaste veg på grunn av kombinasjonen av ras- og bilulukker, og eit opplagt turmål når studentane skal kursast i geofarer.

Professor Jostein Bakke (til høgre) har tidlegare hatt Statens vegvesen-geolog Julie Bjørlien som student. No er det ho som føreles. Foto: Tor Farstad

— Det kan vere lurt å notere nøyaktig posisjon. Hugs at de òg kan få posisjonen ved å bruke smarttelefonane dykkar. Er vi einige om kor høgt vi er over havet?

Jostein Bakke instruerer gruppa av norske geofag-studentar og tilreisande Erasmus-studentar. Grupper av studentar har fått i oppgave å lage vitskaplege plakatar frå dei ulike rasa og flaumane. Kvar student noterer ivrig i feltbøkene sine, og lager skisser av skredvifter.

Står om sekund

Store nedbørsmengder utløyste to ulike skred i mai 2015. Dei tok med seg store massar nedover E16 mellom Bergen og Voss. Foto: Inge Hjertaas, Bane Nor

Læremeister er geolog Julie Bjørlien i Statens vegvesen. For nokre år sidan var ho student på det same faget. No kan ho forklare nye kull om korleis dei vurderer risikoen når eit ras har gått, kva sikringstiltak ein kan setje inn, og kor stort presset er for å halde hovudvegen mellom Bergen og Oslo open.

I mai 2015 gjekk det to skred i Bogelia ved Vaksdal. Kraftig regn gjorde at snøras på toppen rasa nedover lia, og blokkerte både jernbanen og europavegen. Ingen bilar var på staden då det skjedde, men eit passasjertog køyrde inn i raset.

Ni dagar etter det første skredet, gjekk det eit nytt like ved sida av. Då var det ein utplassert vaktbåt som varsla.

No er det studentane sin tur til å teste seg mot ein rassituasjon. Finst det teikn som kan varsle slike skred på førehand? Og kor lang tid bruker raset ned lia før det treffer vegen og jernbanen?

Studentane har tru på at geofarer vil vere viktig for å få jobb som geologar i framtida. Frå venstre Katrine Almås (21), Sonia Pedersen Bell (22), Laura Gatica (21) og Tuva Heitmann Jørgensen (21). Foto: Tor Farstad

— Raset bruker 66 sekund ned. Å køyre forbi den rasfarlege delen tek 53 sekund, forklarer Bjørlien.

Og det kjem ofte sprekker i snøen som indikerer at det kan gå flakskred frå toppen av ei fjellside. Men når og om dei vil komme er det ikkje muleg å vite.

Overvakar med radar

Så kva kan ein gjere for å trygge vegen? Overvaking, rasoverbygg. Studentane har mange idear.

— Det er gode forslag. Men å byggje overbygg er vanskeleg fordi staden ligg i ein sving, seier Bjørlien.

I staden har Statens vegvesen bygd eit overvakingssystem med radar frå andre sida av fjorden, som utløyser eit automatisk system som stoppar trafikken før rasområdet. I tillegg er det sette ut skredpinnar i banen for skredet. Om pinnane blir tatt blir òg vegen stengt.

Julie Bjørlien peikar opp lia, der ein raspinne er plassert. Så langt har det ikkje gått nye skred på staden. Men det hender at sauer som klør seg på pinnen utløyser alarmen. Foto: Tor Farstad

— Jobbtilboda innan geofarer blir fleire, og eg tenkjer at dette er ein sikker jobb for framtida, seier Laura Gatica (21).

— Faga er ofte betre når du kan gå ut felten og sjå, konstaterer Tuva Heitmann Jørgensen (21).

Stord og Spania

Så langt har studentane vore på ekskursjonar og feltkurs til Stord, Bømlo, Sogn, Spania og fleire andre stader. På kvart kurs er det lagt opp til feltaktivitetar.

Dei geologiske prosessane er ofte så kompliserte at det først er når studentane er på feltkurs at dei forstår samanhengane skikkeleg.

Oljen er på veg nedover, og eg tenkjer at dette er ein sikker jobb for framtida

Laura Gatica

— Difor er det best om feltkursa kjem tidleg i faga. I geokjemi hadde vi feltkurs like før eksamen, og det var først då vi forsto faget, seier Jørgensen.

Populært internasjonalt

Mange studentar på geofarer er Erasmus-studentar. Skred og drama i norske fjordar er det interesse for. Lucien Goulet (20) frå Grenoble har dratt frå eit universitet i alpene til eit anna fjelland.

— Vi har ikkje kurs i geofarer ved mitt universitet, og eg har lyst til å gå vidare på dette temaet på mastergraden, seier Goulet.

Og det er ikkje berre i Noreg at klimaendringar og ekstremver har gjort geofarer meir vanlege:

Lucien Goulet (20) har dratt frå Grenoble til Bergen for å studere geofarer. Foto: Tor Farstad

— Permafrosten i Alpane er i ferd med å tine. Det gjer vegar og skiløyper ubrukelege, fortel han.

I Alpane er det òg venta at forsvinnande permafrost er det som vil utløyse fleire jordskred i dei neste tiåra.

— Det første ein må gjere når ein kjem til ein rasstad er å sjå opp i området der det er utløyst. Er det meir som kan falle? minnar Bjørlien om.

Ansvaret for geologane blir større. Dei rykkjer ut med bil, drone eller helikopter når noko har skjedd, og må evaluere risikoen for fleire ras. I Jølster omkom ein mann i juli etter at politiet hadde opna vegen att etter eit jordskred. Presset for å halde vegane opne er stort.

— Det hender at det blir press, men då må vi forklare kva risikoen er best muleg, slik av vi kan diskutere om vegen skal opnast eller ikkje. Det er vår rolle å gi råd, mens andre tek den endelege avgjerda, seier Bjørlien.

Jostein Bakke er guide når granitt blir avløyst av gneis på veg gjennom tunellane. Og det er kort mellom kvar gong feltekskursjonen må stoppe. Rundt neste sving ventar læring om eit skred, ein flaum, eller ei overhengande steinblokk. Foto: Dag Hellesund

Digitale i felt

Det er dyrt å ha studentar i felten. Dei får dekt transport og overnatting, men må bidra sjølv med 300 kroner dagen til mat. Men Bakke og kollegaene prioriterer det.

— For studentane er dette ei eureka-oppleving. Geofag er veldig tverrfagleg, og ein må ut i felten for å sjå samanhengane, seier Bakke.

Han trur at meir tid i felt er viktig i den framtidige geologutdanninga. Universitetet i Oslo, UiT - Noregs arktiske universitet, Unis på Svalbard og Universitetet i Bergen har søkt om å bli eit senter for framifrå utdanning saman. Dersom dei får tilslaget vil dei lage eit nytt opplegg som tek digitale verktøy ut i felt.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS