Kortnytt

Fire nye smittetilfelle ved UiB og HVL

I dag har to nye studentar ved Høgskulen på Vestlandet og to ved Universitetet i Bergen fått påvist koronasmitte, skriv Bergen Tidende.

Det er rektor ved HVL, Berit Rokne som stadfester dette overfor BT. Tilsaman har 28 av studentane ved HVL testa positivt for covid-19.

Også ved Universitetet i Bergen har dei fått melding om at to nye studentar har testa positivt for koronaviruset.

Totalt er 13 studentar ved UiB så langt smitta, skriv BT.

(Ragnhild Bjørge / Khrono)

Kortnytt
Powered by Labrador CMS