Klima og bompengar. No ser det ut til at Folkeaksjonen nei til mer bompenger og Miljøpartiet de grønne ser ut til å verta omlag like store i Bergen. Biletet er frå Klimabrølet på Torgallmenningen, her er det professor Helge Drange som har appell. Foto: Tor Farstad

Valdebatt om bompengar frå Bergen

Valdebatt. Kvifor var det nettopp bompengar som vart den store valkampsaka? Forskarar frå Universitetet i Bergen deltok i debatten.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Valkampen i Bergen har vore prega av ei sak: Bompengar. Det har vore aksjon med lastebilar som køyrer sakte for å visa motstand mot bompengar, og på den andre sida klimademonstrasjonar.

Men kva var det som skjedde? Kvifor vart det nettopp trafikk og bompengar som vart den store saka i dette lokalvalet? Det skal politikarar og forskarar saman prøva å svara på fredag ettermiddag.

Politikarane Trym Aafløy (FNB), Thor Haakon Bakke (MDG), Harald Victor Hove (H), Terje Søviknes (Frp) og Roger Valhammer (Ap) møter UiB-forskarane Bjørn Enge Bertelsen (sosialantropologi), Anne Lise Fimreite (samanliknande politikk) og Håvard Haarstad (geografi).

Debatten var i Media City Bergen klokka 13.30.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS