Vitskap for folket: Store namn, store utfordringar, stor festival
Big Challenge. Menneske og maskiner, vitskap og kunst. NTNU satsar på festival og verdsleiande forskarar og kunstnarar for å inspirere til handling.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Eit heller digert program ventar dei som er i Trondheim søndag og dei neste tre dagane. Frå fjern og nær er forskarar henta inn til «The Big Challenge Science Festival», som det internasjonale arrangementet heiter på engelsk.
På scenen skal blant andre den argentinske biologen og klimaforskaren Sandra M. Díaz, som også blir tidelt Gunnerus-prisen under festivalen. Dit skal også ekspertar på alt frå slangerobotar og den digitale framtida til kjønn – både i antikken og her og no – kapitalisme, helse og sanning – eller mangel på.
Verdas mest kjente varslar, Edward Snowden, slepp ikkje inn til Noreg og Trondheim, men stiller på stor skjerm.
Ikkje berre Sorte orm
For det er ikkje berre dei forskarane som skal ta verda framover og «inspirere neste generasjon» søndag og neste veke. Det blir utstillingar og konsertar, mellom anna med gamle rockestorleikar som Patti Smith, Robert Plant og Sting på plakaten – og litt yngre og mindre storleikar, som Sondre Justad.
Dei som berre kjenner den britiske stjerna Stephen Fry som komikar, som Lord Melchett i TV-serien Sorte orm, eller i filmrolla som Oscar Wilde, får sjansen til oppdage ei anna side. Fry studerte i Cambridge då skodespelarsyslane tok overhand, men han er også ein kjent vitskapsformidlar. I Trondheim blir han intervjua på scenen av Thomas Seltzer under tittelen «Framtida har alt hendt».
— Slik at kloden overlever
«Festivalen er for alle som er interessert i utfordringene vi står overfor i fremtiden, med målet om å dele kunnskap og inspirere neste generasjon», heiter det i programmet, og det er «verdensledende forskere, kunstnere og opinionsledere» som skal vise veg.
Festivalen erstattar Starmusfestivalen som gjekk for siste gong i 2017. Der var Stephen Hawking trekkplaster, men han måtte melde forfall. Festivalen fekk også kritikk for å vere ein «gutteklubb».
— Vi set tre sentrale utfordingar på dagsorden. I litt store overskrifter handlar det om: Kampen om sanninga, korleis teknologi utfordrar sentrale verdiar i samfunnet og korleis vi skal sikre berekraft i alle prosessar slik at kloden overlever, uttalte prorektor for forsking og formidling ved NTNU, Bjarne Foss til Khrono i fjor.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!